HVL går inn i europeisk universitetsallianse
Høgskulen på Vestlandet har for første gong fått status som European University (EUI).
- Vi er stolte over vår nye status som European University. Dette styrkjer oss som utdannings- og forskingsinstitusjon, seier rektor Gunnar Yttri.
HVL er no ein av 12 norske forskings- og utdanningsinstitusjonar som innehar denne prestisjefylte statusen. Yttri meiner utmerkinga byggjer opp under HVL og det nye universitetet.
- EUI er den fremste utmerkinga innan europeisk utdanningssamarbeid. Vi får høve til å styrka vår internasjonale orientering, samstundes som innverknaden av våre utdanningar og vår forsking regionalt og nasjonalt kan verta større, legg Yttri til.
Det var denne veka meldinga kom om at HVL og 130 andre europeiske institusjonar har fått innvilga søknadene sine om å bli del av ein universitetsallianse. I alt kom det no i juni på plass 14 nye universitetsalliansar innan European Universities. HVL fekk plass i ein av dei.
- Det er verkeleg ei spanande tid for HVL, våre studentar og tilsette, og for våre mange samarbeidspartar i både privat og offentleg sektor på Vestlandet. Tildelinga grunnfestar HVL sin universitetsambisjon. Her er det gjort eit solid arbeid over tid som vi no ser gode resultat av, seier HVL-rektor Gunnar Yttri.
EU sitt flaggskip
Den nye universitetsalliansen som HVL inngår i har namnet ARTEMIS: Alliance for Regional Transition, Equality, Mobility, Inclusion and Sustainability.
- Vi gratulerer Høgskulen på Vestlandet og Høgskolen i Innlandet med å ha kommet gjennom dette nåløyet! Universitetsalliansene er EUs flaggskip for kvalitet og nyskaping i høyere utdanning, og nå deltar i alt tolv norske universiteter og høgskoler i slike allianser, seier direktør Sveinung Skule i Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.
Målet med alliansen er å skape eit tettare samarbeid innan utdanning, forsking, innovasjonsaktivitetar og samhandling med regionalt arbeidsliv i Europa. Dette skal gjerast gjennom utvikling av nye studietilbod, etter- og vidareutdanning, virtuelt samarbeid i studieprogram, betre moglegheiter for student og tilsettutveksling, etablere felles forskingslabar og tverrfaglege forskingsgrupper og nettverk for start-up senter.
Spesielt berekraftig mobilitet vil vere eit hovudsatsingsområde. Alliansen framhevar at behovet for grønare transport i EU er presserande og at eit grønt skifte kan og bør skje raskt på grunn av miljøomsyn, samfunn og økonomi.
I ARTEMIS er det sju partnarar i tillegg til HVL:
- Université Clermont Auvergne (UCA), Frankrike
- University of Ioannina (UOI), Hellas
- Ovidius University of Constanta (OUC), Romania
- VIVES University of Applied Sciences (VIVES), Belgia
- Ostbayerische Technische Hochschule (OTH), Tyskland
- Tallin University of Applied Sciences (TTK)
- University of Perugia, Italia (UniPG)
Lenke til alliansens nettside: https://eu-artemis.eu/