HVL revitaliserer samarbeidet om Idrettsklynge Vest
Høgskulen på Vestlandet revitaliserer og utvidar samarbeidet om Idrettsklynge Vest. – Vi har mange fag- og forskingsmiljø som vil bidra med sin kompetanse når vi no vidareutviklar klynga, seier prorektor Gro Anita Fonnes Flaten.
Torsdag signerte Fonnes Flaten partnarskapen som inneber å samarbeide om problemstillingar knytt til folkehelse, fysisk aktivitet og idrett i Vestland fylke.
Fonnes Flaten seier at for HVL er det heilt naturleg å inngå i dette partnarskapet, og at mange fagmiljø ved høgskulen vil kunne bidra med innsikt og kompetanse både innan folkehelse, fysisk aktivitet og idrett. Saman kan partnarskapet bidra med enno meir forsking på desse svært viktige områda for samfunnet.
- Når vi no går frå Idrettscampus Bergen til Idrettsklynge Vest ser vi og ei fornya interesse frå fag- og forskingsmiljø på fleire av våre campusar. Dette er bra både for HVL og for klynga. Det er og viktig å påpeika at dette er ein arena både for studentar og tilsette ved HVL, seier Fonnes Flaten.
Gjennom partnarskapen vil høgskulen blant anna bidra med kompetanseutvikling, utdanning, innovasjon og forsking, men også legge til rette for deling av lokale og utstyr.
Fonnes Flaten sit i styret til Idrettsklynge Vest. I tillegg sit førsteamanuensis Morten Kristoffersen i arbeidsgruppa, som HVL sin representant. Også professor Ola Drange Røksund bidrar som fagperson på vegne av høgskulen.
Styrkar samarbeidet på folkehelse og fysisk aktivitet
Målet med Idrettsklynge Vest er å styrke samhandlinga innan idrett, fysisk aktivitet og folkehelse i Vestland fylke. Dette skal blant anna gjerast ved å etablere møteplassar for kompetanseutvikling og formidling. Klynga skal også vere ein katalysator for samspel og nyskaping.
Fylkesordførar og styreleiar i Idrettsklynge Vest, Jon Askeland, har tru på den nye klynga:
- Samfunnet må sjåast i samanheng, og det klarar vi fantastisk bra gjennom Idrettsklynge Vest. Her har vi dei faste møteplassane som strukturerer oss i samhandlinga, som utnyttar ressursane og som gir grobotn til gode felles prosjekt, på tvers av både fag og organisasjon. Gjennom Idrettsklynge Vest stiller vi sterkare når det gjeld å løyse dei vanskelege oppgåvene ein kvar for seg ikkje klarar å løyse aleine, seier Askeland.
Kommune, fylke, helseføretak og utdanningsinstitusjonar partnarar
Idrettsklynge Vest AS består av Bergen kommune, Helse Bergen HF, Vestland fylkeskommune og Vestland Idrettskrets som er aksjonærar. I tillegg er Olympiatoppen Vest, Sportsklubben Brann, Universitet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet samarbeidspartnarar.