HVL sin andre doktorpromosjon gjennomført

Fredag fekk 13 nye doktorar ved HVL overrekt sine diplomer av rektor Gunnar Yttri i ein høgtideleg seremoni i Mimes brønn på Kronstad.

– I dag, kjære doktorar, er me stolte av dykk, sa Yttri i sin tale til doktorane.

– Høgskulen på Vestlandet er ung. Ved årsskiftet fyller me sju år. Me har skipa og sett fem heilt nye doktorgradsprogram i full drift, fire av desse på eigen kjøl, eitt i samarbeid med andre universitet. Eg kjenner på takksemd.

– Vår institusjon og dykkar vitskapelege arbeid inngår i eit større, langvarig samband mellom kunnskap og samfunn, sa han.

Rektor oppfordra i talen sin om å la Høgskulen på Vestlandet sin visjon bli til røyndom:  Kunnskap som bygger menneske og samfunn.

Kunnskap gjennom språk

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, snakka i sin helsing til doktorandane om den vitskapelege samtalen, og at tileigning og formidling av kunnskap går gjennom kjennskap til språk.

 Ho framheva den gode parallellspråklege praksisen vi har i akademia.

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, var gjestetalar under seremonien.

– Det er viktig med eit felles forskingsspråk samstundes med at forskinga blir formidla på norsk.

– Eg vil takke dykk for bidraget til dei levande kunnskapsspråka våre, både norsk og engelsk, avslutta ho.

13 doktorar frå fire program

Prorektor for utdanning, Anne-Grethe Naustdal leia seremonien i Mimes Brønn som var flott innramma av levande musikalske innslag.

Ferdigutdanna lærar frå HVL, John King, sto for eitt av dei flotte musikalske innslaga under seremonien. Foto: Mauricio Pavez.

Dette er dei 13 nye doktorane frå HVL, fordelt på fire doktorgradsprogram:

  • Studiar av danning og didaktiske praksisar
    • Fredrik Stenhjem Hagen
    •  Mari Kristine Jore
    • Czarecah Oropilla
    • Felicity Burbridge Rinde
    • Jostein Sanderud
    • Ingfrid Veka
  • Datateknologi
    • Faustin Ahishakiye
    • Håkon Eidsvåg
    • Maxim Melnik Storetvedt
  • Helse, funksjon og deltaking
    • Inger Kristin Heggdalsvik
    • Kine Melfald Tveten
  • Nautiske operasjonar
    • Hooshyar Henrik Azizpour
    • Viet Dung Vu