Innovasjonsdag på campus Førde

For fjerde år på rad arrangerte sjukepleie- og ingeniørutdanninga innovasjonsdag. Samarbeid mellom ulike studentgrupper gir tverrfagleg utvikling, og årets oppdragsgivar var Helse Førde.

Temaet for innovasjonscampen var eldrevenleg sjukehus. Sjukepleie- og ingeniørstudentane vart utfordra til å komme med løysingar til eit prosjekt ved ortopedisk avdeling i Helse Førde. Prosjektet arbeider med å etablere eit pasientrom som skal vere spesialtilpassa eldre pasientar med kognitiv svikt.

Tverrfaglege utfordringar

Helse Førde var ute etter gjennomførbare idear omkring utvikling av sjukeseng og dusjstol. Dei ønskjer tryggare pasientrom og betre arbeidsmiljøet gjennom å utnytte ny teknologi. Forslaga frå studentane skulle fungere teknisk samstundes som dei sjukepleiefaglege aspekta måtte ivaretakast. Dei skulle også legge fram planar om produksjon og sette prosjekta inn i ein økonomisk ramme.

Det kom opp mange gode løysingar på innovasjonscampen, alt frå laken på elektrisk rull til senger som kan senkast heilt ned til golvnivå og dusjstolar som er funksjonelle for tunge pasientar på små dusjrom. 

Mykje omsorg i nyttig teknologi

Overvakande kommunikasjon mellom pasientrom og vaktrom stod sentralt i mange av presentasjonane. Det var tydeleg at studentane førebur seg på ei framtid der utfordringane med færre hender i pleie og auka krav til pasientkomfort skal løysast samstundes. 

Oppdragsgivarane var fulle av lovord når dagen var omme.

– Vi har fått nyttige innspel på problemstillingar vi er opptatt av, og vi har fått idear på område vi aldri hadde fantasert om, seier seniorrådgivar på kirurgisk klinikk, Lasse Lesto.

Prosjektet frå Helse Førde har fått såkornmidlar frå Helse Vest og samarbeidsmidlar frå HVL, i tillegg til Helse Førde sin eigenfinansiering av prosjektet.

Ser du ikkje videoen? Du må tillate marknadsføringscookiar for å spele av videoen. Endre cookieinnstillingar her