Suksess for internasjonal dag ved HVL

Høgskulen på Vestlandet har nyleg markert Internasjonal dag på alle dei fem campus. – Det er gledeleg at så mange studentar nytta moglegheita til å høyre om utvekslingsmoglegheitene, seier Halvard Ones.

Halvard Ones er fagansvarleg for internasjonal mobilitet og utvekslingsavtalar ved Høgskulen på Vestlandet. Han er imponert over engasjementet frå både tilsette og studentar på alle campus.

– Vi har hatt stands med internasjonale studentar som serverte mat frå sitt heimland, noko som har vist seg å vere veldig populært. Studentane hadde i forkant fått instruksar om å førebu seg på å snakke om sitt heimland og sin heimeinstitusjon, så vi håper verkeleg at det har blitt opplevd som inspirerande for HVL-studentane, seier han. 


Internasjonale studentar tilbaud spesialitetar på campus Haugesund. Foto: Lars Smith

På campus Bergen stod mellom anna danske Emma Dahl og Kathrine Mølby Nielsen. Dei studerer fysioterapi ved HVL og serverte "rødgrød med fløde" medan dei fortalte om Danmark som studieland. 

Foto: Mari-Louise Uldbæk Stephan

I tillegg var internasjonal dag også ein arena der internasjonale partnarinstitusjonar frå Europa på alle campus. I Førde var det mellom anna besøk frå ein av våre partnarinstitusjonar i Polen. 

Marcin Andrzej Fojcik, dosent ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag fortalte om utvekslingsmoglegheitene saman med Bożena Wieczorek og Anna Piwowar frå Silesian university of technology i Polen. (Foto: Espen Fåbeng)

Mange studentar nytta høvet til å spørje spørsmål om utveksling

– Det vanlegaste spørsmålet er kor og når ein kan reise. Dette er informasjon som sjølvsagt er tilgjengeleg på nettsidene til høgskulen, men det er tydeleg at mange set pris på den ekstra stadfestinga ein får frå ein fagperson, seier Ones. 

Utveksling til Europa og til Erasmus+-programmet er det som HVL legg mest vekt på, men framleis er det mange studentar som ynskjer utveksling til andre land, særleg Australia. Blant dei europeiske landa er det Danmark og Spania som er mest populære.

Ein av HVL-studentane som stod på stand, er Stine Malin Tobiassen. Ho studerer landskapsplanlegging på campus Sogndal. Ho fortalte om sine erfaringar med utveksling. 


Foto: Anders Løbø Navarsete 

  1. september går fristen for å søke om utveksling våren 2024. Så langt har om lag 110 studentar søkt.

– I tillegg har ytterlegare 100 studentar lasta ned appen og starta prosessen. Det skjer alltid mykje den siste veka før ein frist går ut, det veit alle som jobbar med tidsfristar og søknader, så det blir svært spennande å følgje med!

Rektor Gunnar Yttri var nøgd med maten på campus Stord. Foto: Svein Ove Eikenes

Mange møtte opp for å høyre om verda der ute på campus Sogndal denne veka. Foto: Anders Løbø Navarsete


Høgskulelektor Kristin Kvamme og førsteamanuensis Marit Kristin Leiren ved Institutt for sikkerhet, kjemi- og bioingeniørfag på campus Bergen, fortalte studentane om utvekslingsmoglegheitene. Foto: Mari-Louise Uldbæk Stephan

Visste du at?