God stemning på internasjonal dag

– Vi er glade for det gode oppmøtet frå tilsette ved HVL som har stått på stand og promotert utveksling frå sine studieprogram. Det har også vore mange internasjonale studenter på stand.

Det seier Halvard Ones, fagansvarleg for internasjonal mobilitet og utvekslingsavtalar ved Høgskulen på Vestlandet. 

Dei internasjonale studentane har promotert utveksling til sine heimland og sine heimeinstitusjonar, servert mat, hatt quiz og dermed bidratt til ekstra liv og røre på campusane.

– Det har vore veldig kjekt og studentperspektivet gir arrangementet det lille ekstra, seier han.


God stemning på Internasjonal dag ved HVL, campus Haugesund.

Spørsmål om emner og praksis

— Kva lurer studentane på når det gjeld utveksling?

– Studentane er ofte nysgjerrige på når og kor dei kan reise og kva dei skal ta av emne eller praksis medan dei er ute. Det er derfor det er så viktig med at tilsette frå ulike fagmiljø er med på desse arrangementa. 


Mange internasjonale studentar baud på lokale spesialitetar frå sitt heimland. Her frå HVL, campus Stord. 

Viktig med gode, kvalitetssikra opphald

HVL sin handlingsplan for internasjonalisering er framleis gjeldande med eit mål om 30 prosent studentutveksling  – og regjeringa sine føringar er framleis på at 50 prosent skal dra ut.

– Talfesta mål kan vere viktige, men vi er særleg opptatt av at dei studentane som reiser skal få gode, kvalitetssikra opphald, enn eit talfesta mål. I tida framover blir det viktigare med strategisk internasjonalt samarbeid, med til dømes Erasmus+, ARTEMIS-alliansen og med Panorama-landa.

Per 9. september har 138 studentar søkt om utveksling.

– I fjor endte vi opp med 224 totalt, og det er framleis nokre dagar til søkandsfristen. Det er, som vanlig Australia og Tanzania som har flest søkjarar, men vi håpar også at mange vil velje utveksling til Europa og Erasmus+, seier Ones.

Fristen for å søke om utveksling er 15. september. Les meir på denne sida.

Internasjonal dag ved HVL, campus Sogndal.