Samla 170 studentar frå 15 utdanningsinstitusjonar

Denne veka besøkte studentar og faglærarar frå ulike europeiske land Bergen og HVL. Besøket blei avslutta med ein internasjonal marknad torsdag.

Kvart år arrangerer nettverket Businet sin internasjonale Trade Mission. Opplegget er eitt av EU sine Blended Intensive Programmes (BiP) og samlar økonomistudentar frå heile Europa for ei veke med intensiv læring og forretningsverksemd.

Internasjonalisering og utveksling av kompetanse på tvers av landegrenser er høgt prioritert på HVL. Dette arrangementet er eitt av mange eksempel på internasjonale samarbeid Høgskulen på Vestlandet er del av.

International business-studentane Joe Dederichs, Anne-Lise Hardenne og Damian Bui frå Belgia representerte selskapet Gablok.

– Vi representerer selskapet Gablok, som er eit selskap som tilbyr modulære bygningsdelar, seier Damian Biui.

Selskapet tilbyr treblokker som kan stablast og kombinerast, slik at ein kan setje dei i hop til bygningar. Dei rettar seg spesielt mot privatpersonar som vil bygge på eiga hand.

– Vi er veldig stolte av produktet. Det er berekraftig og veldig innovativt. Gabloks er heilt nye i marknaden, så det er ikke så mange konkurrentar som tilbyr liknande produkt enno, seier Bui.

I løpet av veka har dei engasjerte studentane farta rundt til ulike arkitektselskap i Bergen og vist fram produktet. Målet er å kunne eksportere det. I alt er dei veldig nøgde med opplegget.

Robiya Abdurasuleva, Febe Delanghe og Finn Dufour representerte Nona, som tilbyr alkoholfrie alternativ til sprit.

Alkoholfri drikke

Blant studentane var òg ein gjeng som ville sprita opp stemninga utan å sprita opp drikkevarene. Robiya Abdurasuleva, Febe Delanghe og Finn Dufour  frå Howest Hogeschool i Brugge representerte selskapet Nona, som tilbyr alkoholfrie alternativ til brennevin.

– Vi har tre versjonar: Nona June, som er som ein slags gin, Nona Spritz som er ein spritz og Nona Ginger, som er ein destillert ingefærdrikk, seier Febe Delanghe.

– Med desse tre flaskene kan du lage dine eigne drinkar og gjere omtrent kva du vil. Her blandar vi det med tonicvatn, men det finst mange fleire oppskrifter òg, legg ho til.

Studentane som var innom og smakte på drikkevarene såg ikkje ut til å sakna alkoholen.

Initiativ frå Handelshøgskulen

Det er ikkje tilfeldig at Trade Mission enda opp på Høgskulen på Vestlandet i år. Eldsjeler frå Handelshøgskulen HVL har bidratt sterkt.

Førsteamanuensis Ole Jakob Bergfjord, som blant anna forskar på finans og risikostyring, er HVL sin kontaktperson i Businet-nettverket, og han har arbeidd med å få arrangementet hit. Også assisterande instituttleiar ved handelshøgskulen, Kristin Lofthus Hope, har vore sentral i arbeidet med arrangementet.

– Studentane skal marknadsføre eitt spesielt produkt. Dei skal finne fam til produktet og lage eit oppleg for å kunne selje det till nye marknadar, fortel Lofthus Hope.

Dei får tre studiepoeng kvar for å delta på Trade Mission-opplegget.

– Dei har vore i Håkonshallen og blitt ønskt velkommen av Bergen kommune, og søndag fekk dei ei mottaking av rektor ved HVL, legg ho til.

I løpet av veka har studentane vore gjennom eit fagleg opplegg på HVL, i tillegg til at dei har vore ute og besøkt lokale bedrifter.

Jennifer Ford og Edgar van Noort er blant arrangørane av Businet Trade Mission.

For tiande gong

– Dette er den tiande utgåva av Businet Trade Mission. Det er den største utgåva så langt, takk vere den varme mottakinga frå HVL, fortel Jennifer Ford, frå i Bretagne.

Ho og Edgar van Noort, frå Avans Hogeschool i Nederland, er blant arrangørane som står bak årets Trade Mission.

– Det er eit veldig godt prosjekt for studentane. Alt dei lærer i international business får dei praktisert i dette prosjektet, legg Ford til.

Studentane gjer eit godt stykke forarbeid heime før dei reiser, men det er mykje arbeid som kan gjerast først når dei kjem til vertsbyen. I år er 52 selskap frå ulike sektorar representerte på den avsluttande marknadsdagen.

– Dei kjem godt førebudde til å sjå på moglegheitene for bedriftene. Dette er ikkje eit kunstig prosjekt, dette er ekte forretningsverksemd for ekte selskap, seier Edgar van Noort.