Jarle skal representere HVL i Forskar Grand Prix

Jarle Rambo Sølie er HVL sitt håp under Forskar Grand Prix der 10 kandidatar konkurrerer om å bli den beste forskingsformidlaren.

Jarle er stipendiat ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag og forskar på protonterapi - ei relativt ny og skånsom form for stråleterapi. 

25. september står han på scena for å formidle forskinga si for publikum og dommarar. Dei to beste formidlarane går vidare til den nasjonale finalen i Stavanger.  

Ei ny utfordring 

- Populærvitenskaplig formidling er et ganske nytt farvatn for meg. Eg har hatt posterpresentasjoner på konferansar og slikt tidligare, men dette blir noko heilt anna.  Det blir ei utfordring å få komprimemert det ned på fire minutt, men vi som er med på dette får god coaching undervegs og blir godt ivaretekne, seier Jarle. 

I forkant av arrangementet får deltakarane får både retteliing frå kommunikasjonsrådgjevarar og ein teatercoach. På scena får kvar forskar 4 minutt på seg til å engasjere tilhøyrane i forskingstemaet sitt. 

Meir skånsom strålebehandling 

Jarle har bakgrunn som fysikar, med mastergrad i medisink fysikk og teknologi. Doktorgradsarbeidet hans er knytt opp mot det nye Protonsenteret som skal etablerast i Bergen om få år. 

For å få det beste ut av protonterapien, må legar og medisinske fysikar planlegge kor behandlingsprotona skal stoppe i pasienten slik at dei tek livet av kreftvevet og samtidig sparer det friske vevet rundt.

Eit mogleg verktøy i ei slik planlegging er «proton computertomografi» (proton CT-bilder) kor ein nyttar protonar til å framkalle et innvendig bilde, eller eit kart, over kroppen til pasienten. Dette kartet vil fortelle meir om kor behandlingsprotona kan komme til å stoppe og på den måten gjere legane i stand til å lage en slagplan for å behandle kreften så skånsomt som mogleg. 

Framkallinga av et slikt kart er derimot ei utfordring. Jarle Rambo Sølie sin forskning fokuserer på å forutsjå den «mest sannsynlege stien» protona tar gjennom pasienten sin kropp ved hjelp av statistiske metodar knytt til forkunnskapar om protonene. Denne stien blir så nytta til å konstruere eit mer nøyaktig behandlingskart over pasienten.

Fakta om Forskar Grand Prix:

  • Forsker Grand Prix er ein formidlingskonkurranse der ti forskarar får fire minuttar kvar til å engasjere publikum og dommarar.
  • Forsker Grand Prix vert arrangert i Bergen 25. september i Mimes Brønn på Høgskulen på Vestlandet, Campus Bergen. Dørene opnar kl. 18.00. Showet startar kl. 19.00.
  • Dei to beste forskarane går vidare til den nasjonale finalen, som blir arrangert i Stavanger, 28. september. Les meir på Forskningsdagane sine sider.