Lærarstudentane Espen og Malene er vald ut til eksklusivt forskarprogram
Espen og Malene er blant seks grunnskulelærarstudentar som på nyåret startar på Noregs første forskarlinje i grunnskulelærarutdanning. Den splitter nye forskarlinja skal motivere studentane til å følge ein forskarkarriere.
– Eg har eit ønske om å bidra til å forbetre den norske skulen, og forskarlinja er ein god moglegheit til dette. Det å finne ut og å utvikle ny kunnskap om utdanning og læring ville eg ikkje berre la gå, fortel Espen Dyngeland, som er ein av dei seks talentane som no har fått plass på forskarlinja ved HVL.
I dag finst det forskarlinjer innan fagområde som teknologi og medisin, men dette er den første av sitt slag innan humanistiske fag. Bakgrunnen er at Forskingsrådet i 2019 gav ei tilråding om å opprette forskarlinjer innan humaniora, både for å skape gode karrierevegar for motiverte studentar, og for å auke rekrutteringa til forsking.
– Eg tenkte litt på det å bli forskar då eg gjekk på vidaregåande, men slo det litt i frå meg og starta på lærarutdanninga. Etter kvart i studiet har vi arbeidd med ulike forsking- og utviklingsarbeid, og då har ønsket dukka opp igjen, fortel Malene Grov Almås, lærarstudent på tredjeåret ved campus Stord.
Størst i landet på grunnskulelærarutdanning
Studentane vil få ekstra opplæring i metode og vitskapsteori, ved sidan av sine ordinære utdanningar. I tillegg skal dei i eitt år etter fullført lærarutdanning utarbeide skisser til doktorgradsprosjekt, ta doktorgradskurs og jobbe med forskingsoppgåver. Programmet gir eit ekstra stipend for dette året, og målet er at dei kan kvalifisere for doktorgrad.
– Det er eit mål for HVL å få fleire frå grunnskulelærarutdanninga inn på doktorgradsprogrammet vårt på sikt. Vi håpar også at forskarlinja vil auke søkinga til grunnskulelærarutdanningane. Satsinga er dessutan eit viktig bidrag for å nå målet om å bli eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet, seier prodekan Torill B. Larsen.
Grundig søknadsprosess
For å bli vald ut til programmet har dei seks studentane vore gjennom ein grundig søknadsprosess, først med søknad og deretter motivasjonsbrev og intervju. Blant formalkrava var B i karaktersnitt.
– Det var ein spennande søknadsprosess. I tillegg til karakterutskrift måtte eg skrive eit motivasjonsbrev, noko eg aldri har gjort før. Kort tid etter blei eg kalla inn på intervju. Eg må vedgå at eg ikkje var særleg høg i hatten på veg inn i femte etasje på HVL, omkring alle dei tilsette ved høgskulen. Så det var jo litt stas, seier Dyngeland, som studerer i Bergen.
– Har du alltid drøymt om å bli forskar, eller kom interessa under studiet?
– Nei, eg søkte jo grunnskulelærarutdanninga med tanke på å bli lærar. Samstundes har det å kunne få bidra til utviklinga av utdannings-Noreg appellert til meg gjennom studiet. Eg er veldig glad for at eg valde å studere grunnskulelærarutdanning ved HVL, og er spent på kor eg endar opp etter endt utdanning, seier Dyngeland.
– Toppmotiverte studentar
Bodil Kjesbo Risøy er studieprogramansvarleg ved grunnskulelærarutdanningane (HVL). Ho har stor tru på dei seks studentane.
– Dette er toppmotiverte studentar, dei er reflekterte og gode ambassadørar for HVL. Dei klarte å vise engasjement og kapasitet – dette kjem jo på toppen av studiet. I tillegg hadde dei interesse for forsking og for praksisnær skuleforsking, fortel Risøy.
– Kvifor etablerte de forskarlinja?
– Forskarlinja kan gi fleire karrierevegar for lærarar, og vi håpar at det hever statusen til læraryrket på sikt. Målet er dessutan å styrke forholdet til praksisfeltet og skuleforskinga, som er viktig for utdanninga. Det er stadig behov for meir skuleforsking, seier Risøy.
Bodil Risøy.
Dette er dei seks studentane:
- Malene Grov Almås, campus Stord. Studerer GLU 5.-10. klasse, med matematikk som masterfag.
- Maren Hervig Holthe, campus Bergen. Ho studerer GLU 1.-7. klasse, med norsk som masterfag.
- Espen Søreide Dyngeland, campus Bergen. Han studerer GLU 5.-10. klasse, med kroppsøving som masterfag.
- Andrea Cecilie Kristensen Wisbech, campus Bergen. Studerer GLU 1.-7. klasse, med begynnaropplæring i norsk og matematikk som masterfag.
- Sverre Rødde Knudsen, campus Bergen. Studerer GLU 5.-10. klasse, med matematikk som masterfag.
- Sara Holmedal Jensen, campus Bergen. Ho studerer GLU 5.-10. klasse, med spesialpedagogikk med norsk som masterfag.