Den siste læringslaben ved HVL er opna

– Dette er ein dag for historiebøkene. Med opninga av læringslaben i Førde er vi med å fullende etableringa av læringslabar ved alle våre fem campus.

Det sa prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal då den siste læringslaben ved HVL vart opna i Førde. No har alle HVL sine fem campusar fått læringslab.

– Etablering av læringslab er eit utrykk for at vi er ein uhyre moderne høgskule med studentar og tilsette som kan utforske, samhandle og skape, med ny teknologi og avansert bruk av denne som verktøy. Satsinga på teknologi i undervisning og læring er ei satsing som vil styrke kunnskapsgrunnlaget i utdanningane våre, sa Naustdal vidare.

Utvikle ny undervisning

Målet med læringslaben er å styrke den digitale kompetansen til studentar og tilsette ved gjere utstyr som er dyrt tilgjengeleg for fleire. Den kan brukast både av enkeltpersonar og grupper som ønsker å utvikle seg innan læring, utvikle ny undervisning, eller prøve ut nye digitale arbeidsmåtar.

Til dømes kan du utvikle deg innan 3D-printing, koding og programmering, VR/360, videoproduksjon, podkast eller streaming.


Martine Oddvarsdotter Myren (t.h.) skal koordinere læringslaben i Førde. Her saman med Brian Holmedal og Sigrid Jordal Havre

For studentar, tilsette og samfunnet rundt

Den nye læringslaben er plassert i Festsalen midt på campus, og har fått ei solid oppussing. Rektor Gunnar Yttri sto for sjølve opninga. Før han klipte snora la han vekt på at læringslaben vil bidra til ei betre samhandling med omgivnadane.  

– Vi er ein open institusjon og dette kjem til å vere ein open plass. Det finns mange laboratorium rundt omkring, men veldig få av dei er opne for andre enn dei innvigde. Vi vil invitere tilsette og studentar, men også etter kvart Helse Førde, samarbeidspartnarar i kommunen og næringslivet. Den teknologien som er her kan vi ta vidare i fellesskap med samarbeidspartnarane våre.    

Tatt med seg det beste frå alle campus

– Endeleg er dagen her og vi har opna i Førde, seier Martine Oddvarsdotter Myren som er vert i laben og rådgivar i Avdeling for utvikling av læring og undervisning.

Mens ho har venta på at det skal bli klart i Førde har ho jobba rundt på dei andre læringslabane i HVL.

– Eg har tatt med meg det beste frå alle og no ser eg fram til å berre vere heime å drifte laben her, seier ho.

Førstelektor Joar Sande testar fasilitetane.

Eit lågterskel tilbod

– Ein læringslab er ein plass der ein kan prøve seg på ny teknologi, låne utstyr og få god hjelp og opplæring. Det er eit utruleg flott tilbod og det skal vere låg terskel for å bruke det. Eg håpar at mange vil nytte seg av det, seier Myren.  

Læringslaben er open frå klokka 9-15 kvar dag. Etter kvar som det kjem på plass studentassistentar vil tidene bli utvida.

Vil du vite meir om læringslab, sjå her: Læringslab

Alle foto: Mauricio Pavez