Løyser utfordringar for næringslivet "hands on"

Studentane Carsten Mannes og Jonas Retzius må tenke utanfor boksen når dei bryner seg på utfordringar i det verkelege arbeidslivet på vegne av HVL.

Til dagleg er Carsten masterstudent i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Bergen og Jonas er bachelorstudent i informasjonsteknologi på Høyskolen Kristiania i Oslo. No brukar dei sommaren i Haugesund som såkalla sommarstudentar i jobb ved HVL gjennom ordninga Sildicon Valley. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom bedrifter på Haugalandet der flinke studentar blir utfordra på å finne framtidsretta løysingar på ulike utfordringar.

Les meir om ordninga her

Tetting av kompetansegap

Ordninga har eksistert i fleire år allereie, men det er første gong at HVL er med. I HVL er dette eit samarbeidsprosjekt mellom Senter for sjøsikkerhet og Avdeling for samfunnskontakt- arbeidsliv og regional utvikling. Senterleiar Liv Reidun Grimstvedt og Frank Krogh Kongshavn har ansvaret for studentane.

Dei to sommarstudentane har fått vidt ulike oppdrag. Prosjektet til Carsten er eit samarbeid mellom Haugaland Vekst og HVL og bygger vidare på deira arbeid med kartlegging av kompetansebehovet i regionen. Målet er at han skal komme med forslag til konkrete tiltak til korleis HVL kan være med på å tette kompetansegapet på Haugalandet.

- Når næringslivet ikkje får den kompetansen dei ønsker, kan det tyde på at utdanningsinstitusjonar ikkje er heilt oppdaterte. Da blir det ein «mismatch» mellom det næringslivet vil ha og kva dei får tilbudd av arbeidssøkarar. Ein høgskule skal jo være retta mot arbeidslivet. HVL skal være tett på næringslivet og utvikle seg saman med næringslivet. HVL har dermed ei heilt sentral rolle og utdannar arbeidstakarar som forhåpentlegvis jobbar i regionen etterpå. Eg skal prøve å komme med forslag til konkrete tiltak for kva HVL bør gjere framover, seier Carsten.

Overgangen til det grøne skiftet

Heilt konkret skal han ha fokus på overgangen til det grøne skiftet.
- Dette er noko eg brenn for. Eg skal sjå på at kompetansebehovet ikkje blir ein faktor som gjer at overgangen stoppar opp. Alle bransjane på Haugalandet har til felles at dei skrik etter IT-kompetanse av ulike typar. Dette gjeld både IT-bedrifter og næringar som forsøker å jobbe inn mot det grøne skiftet, for eksempel dei maritime næringane. I tillegg er det stort behov for yrkesfag og fagbrev, seier Carsten.

Jonas Retzius jobbar med såkalla "gamification" av maritime utdanning ved HVL.

Betre og meir interaktiv læring

Jonas jobbar med eit pågåande prosjekt, «gamification» av maritim utdanning, der det skal lagast ein simulator for å gjere den maritime utdanninga meir interaktiv. Målet er at studentar skal oppnå betre læring når dei får sjå og gå rundt på båten digitalt i staden å berre lese om det. Slik skal dei få betre kjennskap til arbeidsoppgåver på ein båt og kva ein må gjere når noko går galt, ting ein gjerne ikkje tenker over på førehand. Det kan handle om alt frå menneskelege faktorar til cyber security. For eksempel, kva skal du gjere på ein båt dersom brannalarmen går?

- Studentane vil då få ein pause frå den normale og meir teoretiske studietilnærminga. Kanskje vil det være lettare å hugse pensum når du har «opplevd» det i staden for å ha berre lest om det? Ein skipsdesignar har designa denne båten som er basert på ein verkeleg båt. Min jobb er å finne ut korleis skal ein kunne lære noko frå dette. Eg skal gjere den interaktive biten og få det til å fungere, seier Jonas.

Han har også erfaring frå tidlegare med å levere eit konkret produkt til andre samfunnsaktørar. Jonas og gruppa hans laga då ein app for ein kommune slik at historiefaget skulle bli kjekkare å lære om for barneskulen. Då prototypen var ferdig, fekk barna testa ut appen og gi tilbakemelding på kva som fungerte og ikkje fungerte.

Sparrar med fagpersonar

Sommarstudentane jobbar sjølvstendig kvar for seg, men dei har fleire fagpersonar ved HVL som dei kan kontakte og sparre med. Jonas blir følgt opp av Margareta Lützhöft (professor i nautiske operasjonar) og Joel Scanlan (førsteamanuensis i IT og cybersecurity). Carsten blir følgt opp av innovasjonsrådgivar Kristoffer Fagervoll Sortland og andre ressursar tilknytta Senter for sjøsikkerhet.

- Eg rettleiar Jonas gjennom prosessen. Det er flott om vi ender opp med noko vi kan bruke, men målet med sommarpraksisen er først og fremst å gjere studentane til enda betre programmerarar for framtida. Når vi jobbar med programmering i den verkelege verda, kjem vi gjerne over nye problemstillingar som ingen har løyst før. Dermed kan vi ikkje støtte oss på gamle løysingar vi kjenner frå før. I staden må vi tenke på ein ny måte. Det er nok ein interessant erfaring for Jonas å ta med seg vidare, seier Joel.

Sommarstudentane er sjølvstendige, men har fleire fagpersonar å støtte seg på. Frå venstre Jonas Retzius, Joel Scanlan, Kristoffer Fagervoll Sortland og Carsten Mannes. 

Jonas fortel at han har vært van med å bruke mykje Google og YouTube for å finne svar på ting som han har lurt på tidlegare om programmering.

- Men i sommar har eg lært at ein ikkje alltid kan finne svaret på nettet fordi svaret ennå ikkje finnes. Eg finn noko som kan virke delvis, og så må eg finne ut kva som må til for å finne riktig løysing. Sommarpraksisen lærer meg å tenke utanfor boksen og gir meg også erfaring frå den verkelege verda. Samtidig er det ein «trygg stad» for meg å teste ut ideane mine utan at forventningane til meg blir like høge som dersom eg hadde vore ferdig utdanna, seier han.

Vinn-vinn for næringa, studentane og HVL

Koplinga mellom studia og næringslivet gjennom Sildicon Valley er veldig nyttig. Dette kan også føre til meir samarbeid mellom HVL og næringslivet i spesifikke utdanningsprogram. Slike samspel vil alltid være viktige for begge partar, understrekar Joel og innovasjonsrådgivar Kristoffer Fagervoll Sortland.

- For studentane er høgskulens kontakt med næringslivet viktig for koplinga mellom teori og praksis. Ofte kjem representantar frå næringa og held gjesteforelesingar på HVL og studentane kan stille spørsmål. Slik får studentane bekrefta at det dei dei lærer om på skulebenken vil være relevant for næringa. Tett kontakt med næringa fører ofte til høgare motivasjon blant studentane til å fullføre utdanninga si, seier Joel.

- Sildicon Valley er eit unikt og nyttig prosjekt for heile regionen. Bygginga av nettverk er også veldig viktig for alle som er involvert. HVL si deltaking i Sildicon Valley understrekar høgskulens ambisjon om å utdanne framtidas arbeidstakarar som har relevant utdanning for arbeidslivet. Vi er sjølvsagt avhengig av fortløpande tilbakemeldingar frå arbeidslivet om vi får til dette, seier Kristoffer.

Har fått augo opp for regionalt næringsliv

Carsten og Jonas kjem begge frå Norheim og Haugesund, men er likevel overraska over kor mange spennande næringar det finnes i regionen. Dei meiner at bedriftene må bli flinkare til å marknadsføre seg sjølv.

- Fleire av selskapa vi har møtt på gjennom Sildicon Valley, har eg aldri høyrt om før. Dei seier at dei treng mykje folk med IT-kompetanse. Sjølv eg som kjem her frå, har eg aldri høyrt om dei, seier Jonas.

- Haugalandet bør bli mykje flinkare på å vise fram kva som faktisk er her i regionen, for her er det mange spennande bedrifter og fleire av dei er til og med i verdstoppen på sine felt. Ja, det er meir freistande å flytte heim no enn det har vært før, seier Carsten.