Marjolein M. Iversen ved Høgskulen på Vestlandet er årets diabetesforskar
På årets landsmøte i Diabetesforbundet fekk professor Marjolein M. Iversen ved Høgskulen på Vestlandet Diabetesforbundet sin forskingspris for framifrå forsking.
Prisen fekk ho for si årelange forsking innan diabetesfeltet, særleg knyta til livskvalitetsforsking og det «å leve med diabetes» ved å bruke pasientrapporterte data i forsking.
Marjolein M. Iversen er professor ved Høgskulen på Vestlandet, og er i dag prodekan for forsking ved Fakultet for helse- og sosialvitskap.
- Å bli anerkjent for framifrå forsking av ein brukarorganisasjon med over 33 000 medlemmar er ei ære, og betyr mykje for meg. God forsking er ikkje noko man gjer åleine. Det er eit omfattande arbeid der ein jobbar med samarbeidspartnarar både nasjonalt og internasjonalt, seier Iversen.
Innovativ forsking innan telemedisinsk oppfølging av fotsår
I si grunngjeving framhevar juryen at Iversen har vore svært aktiv innan forsking på diabetiske fotsår sidan 2005. Fotsår er ikkje uvanleg hos pasientar som har hatt diabetes i fleire år, og det er viktig å behandle desse raskt og i tråd med gjeldande retningslinjer. Å ha eit diabetisk fotsår over tid kan få store følger for livskvaliteten til dei som blir ramma.
Juryen skriv mellom anna dette:
Forskningsinnsatsen hennes har resultert i betydningsfull og innovativ forskning innen telemedisinsk oppfølging av fotsår og telemedisinske løsninger, som fremmer økt samhandling mellom spesialist- og primærhelsetjenesten.
Denne forskinga har vore viktig for innføring av telemedisinsk oppfølging av personar med diabetes i fleire kommunar. Men forskinga hennar har eit breitt omfang, frå epidemiologiske og kliniske studiar, til diabeteshandtering på ulike tenestenivå, innan heimesjukepleie, sjukeheim, og samhandling mellom kommunar og spesialisthelseteneste.
Iversen har leia arbeidet med implementering av forsking i kommunale helsetenester gjennom arbeidet med å revidere «Fagprosedyren for diabetes i kommunale helsetjenester», og ho har også bidratt i revisjonen av den nasjonale retningslinja for diabetes.
Marjolein M. Iversen på Haukeland universitetssjukehus. Foto: HVL/Ingvild Festervoll Melien
Ein føregangsperson som forskingsleiar
Høgskulen på Vestlandet har eit sterkt forskingsmiljø på diabetes. Før Iversen blei prodekan for forsking, leia ho forskingsgruppa DiaBEST; «Best Practice Research in Diabetes and Other Chronic Conditions», ved høgskulen.
Juryen framhevar at Iversen er ein føregangsperson som forskingsleiar. Ho har ein eigen evne til å fange opp nye, viktige område der det trengs forsking og utvikling, og ho er god på å involvere unge forskarar og studentar, og har vore sentral i deira kompetansebygging og faglege utvikling.
Iversen er utdanna sjukepleiar og har lang erfaring i klinisk praksis. Denne erfaringa har gitt ho ein unik kompetanse i å utvikle og leie forskingsprosjekt for å fremme kvaliteten i helsetenesta til pasientar med diabetes. Ho har lagt til rette for nye samarbeidsprosjekt innan diabetesforsking, og leia og bidratt i søknadar om finansiering som har resultert i ei rekke tildelingar.
I tillegg har Iversen eit stort nettverk, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, og ho har fremma samarbeid innan diabetesforsking, så vel nasjonalt som internasjonalt. Engasjementet hennar har resultert i eit omfattande forskingssamarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Helse Stavanger HF, Helse Fonna HF, Helse Bergen HF og kommunane i Sør-Rogaland og Vestland.