Den nye generasjonen grunnskulelærarar er klare for arbeidslivet

Fem år er gått sidan den nye femårige grunnskulelærarutdanninga vart innført i Noreg. Denne våren har 301 nyutdanna lærarar ved Høgskulen på Vestlandet levert si masteroppgåve og er klare for å kome ut i klasserommet.

Miriam Olsen og Camilla Solheim står bunadskledde og spente ved inngangen til Mimes Brønn, den store aulaen ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen. Etter fem år med studiar, praksisperiodar og eksamenar er dagen endeleg her – dei er utdanna lærarar.

– Å skrive masteroppgåve har vore krevjande, men også spanande. Det er i dag det verkeleg går opp for oss at vi er ferdige, seier Miriam og ser utover dei festkledde medstudentane sine.

Behovet for kvalifiserte lærarar er stor, og i likskap med mange andre har dei nyutdanna grunnskulelærarane allereie sikra seg fast jobb frå hausten av. Miriam skal jobbe på heimøya Askøy, medan Camilla flyttar til Lavik.

Til saman 243 grunnskulelærarstudentar har levert masteroppgåva si ved campus Bergen denne våren. Dei var samla i Mimes brønn. 

Å vere lærar i krisetid

Høgskulen på Vestlandet er den største grunnskulelærarutdanninga i landet og kullet som starta studiane sine hausten 2017 har vore gjennom studieår både med og utan koronarestriksjonar. Då skulane i landet stengde, eller klassar blei delt opp i kohortar, vart praksisperiodane heilt annleis enn nokon kunne førestille seg.

– Pandemien tydeleggjorde den viktige rolla lærarar har, også i ein krisesituasjon for landet, påpeika Asle Holthe i sin tale til dei nyutdanna lærarane.

Dekan Asle Holthe. Foto: Mauricio Ramirez.

Dekanen for Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett framheva også moglegheita lærarar har til å påverke og vidareutvikle velferdssamfunnet for morgondagens behov.

– Det handlar om det grøne skiftet, aukande mangfald, å ta i bruk ny teknologi, demokratisk utvikling og sosiale og kulturelle skilnader. Det å møte enkeltindivid og legge til rette for at dei kan få utvikle seg med utgangspunkt i sine forutsetningar, er å utgjere ein skilnad i enkeltmenneske sine liv.

Opne dører mot verda og framtida

Også Steffen Handal, leiar for Utdanningsforbundet var til stades under avslutningsfesten for dei nye lærarane. Han lot streiketemaet ligge, og brukte tida til å snakke til den nye generasjonen lærarar.

– Borna som byrjar på skulen no vil bli pensjonistar i 2080, og dei kjem til å få yrke som endå ikkje eksisterer. Å ha respekt for det ukjende og det usikre er noko av det viktigaste du kan ta med deg inn i læraryrket. Kanskje er tvilen ein venn og skråsikkerheita ein skummel partnar. Eg vil oppmode alle om å spørje seg sjølv ofte - Er det eg gjer rett for elevane?

Leiar av Utdanningsforbundet Steffen Handal. 

Studieprogramansvarleg Bodil Kjesbo Risøy var tydeleg stolt av studentane som har gjennomført ei forskingsbasert lærarutdanning og levert masteroppgåve innan eit fag i skulen som dei er særleg opptatt av.  

– Dei er det første kullet som starta på den femårige samkøyrde utdanninga, og representerer med dette ein ny generasjon lærarar. Vi heiar på alle som no skal ta steget ut i framtida, seier ho.

Studieprogramansvarleg Bodil Kjesbo Risøy.

Ved campus Stord er det 22 studentar som no kan kalle seg nyutdanna lærarar. Fleire har allereie fått seg fast jobb frå hausten av.