Millionar til studententreprenørskap
To prosjekt ved HVL stakk av med 1 million kvar då forskingsrådet delte ut 22 millionar til masterstudentar med forretningsidear.
– Det er utruleg flott at vi får denne sjansen til å utvikle ideen vår, fortell Marte Rosenvinge. Ho er ei av gründerane bak dei to prosjekta som no får støtte. Med seg har ho Trine Ask og Ingelin Mjåseth Hilland.
Dei to prosjekta som har fått støtte er TIU-kompani – teater i undervisninga og Amiroh – Smart Makeup Mirror. Pengane får dei gjennom forskingsrådets STUD-ENT ordning. Ordninga skal stimulere studentar til å drive med entreprenørskap og styrke entreprenørskapskulturen ved utdanningsinstitusjonar i Noreg. Prosjekta var to av fire som vart sendt inn frå Høgskulen på Vestlandet.
Skal stimulere til meir teater i undervisninga
– Vi skal utvikle interaktive teateropplevingar i undervisninga for barn og unge, fortell Rosenvinge. Ho studerer master i Dramapedagogikk og anvendt teater ved lærarutdanninga ved HVL, avdeling Bergen.
Teater i Undervisninga (TIU) er ein teatersjanger der publikum blir invitert inn som aktive deltakarar i framsyninga. Sjangeren egnar seg særs godt til å diskutere etiske problemstillingar.
– Vi planlegg å starte et teaterkompani som kan reise rundt og undervise elever og tilsette i skoler, barnehagar, konfirmasjonsundervisning eller andre som diskuterer etiske problemstillingar med barn og unge.
Vil gjere det enklare å sminke seg
– Vi lager ein smart sminkespegel med touchskjerm bak kor man kan sjå video eller anna innhald. I tillegg har spegelen lys som kan tilpassast etter ulike forhold. Då kan du sminke deg og sjå korleis du ser ut i for eksempel dagslys eller nattklubblys forklarer Eirik Dragsund Sverd.
Saman med Tomas Roaldsnes og Maria Steen skal han no i gang med å vidareutvikle ideen sin frå skissebordet til prototype som kan testas ut på målgruppa. Tomas studerar master i innovasjon og leiing ved Mohnsenteret ved HVL, avdeling Bergen.
– Vi har jobba med denne ideen i eit år, og det er veldig kjekt å få desse midlane slik at vi kan realisere ideen, seier Roaldsnes.
God støtte frå fagmiljø og innovasjonsmiljø ved HVL
– Støtta vi har fått frå både fagfeltet vårt og Mohnsenteret har betydd utrolig mykje, fortell Marte.
Begge gruppene har tilgang til lab-fasilitetar, dramasalar og mentorar frå HVL i det året prosjektet held på. I august flytter prosjekta inn i «fabrikken» som skal være et areal kor HVL-studentar i Bergen kan drive med innovasjon og entreprenørskap.
– STUD-ENT er ein viktig ordning som oppmodar studentar til å bruke den kunnskapen dei skapar gjennom studiane til å utvikle forretningsidear, fortell Øyvind Midtbø Berge ved Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling.
Senteret har jobba med studentane i prosessen frem mot søknadane, og skal fortsette som mentorar for prosjekta saman med representantar for dei ulike fagmiljøa. Prosjekta har også samarbeid med Bergen Teknologi Overføring (BTO), som og vil vere med vidare i form av forretningsutvikling.
— Dette er starten på eit utroleg spannande prosjekt, og me gler oss til å ta fatt på vegen vidare, seier Roaldsnes.
Mohnsenteret ønske å hjelpe fram nye idear mot neste søknadsfrist i februar 2018 og studentar som ønsker å utforske moglegheitene kan ta kontakt med Mohnsenteret ved Øyvind M. Berge allereie i dag.