Kven ryddar opp etter menneska som øydelegg planeten?

Denne eldgamle livsforma står klar til å hjelpe, om vi berre lar den gjere jobben.

Torvmosen stammar frå dei eldste landplantene og er myra sine byggesteinar. Og nettopp myr er ein superlagrar av karbon.

Håpet ligg i dei eldgamle plantene

I dag kjem minst 5,55 millionar tonn av Noreg sine årlege klimautslepp frå myrområde som er øydelagt.

Særleg blir myra øydelagt fordi vi bygger hytter, vindturbinar og gigantiske vegprosjekt.  

– Klimakrise og tap av artar viser at vi treng betre styring av myrområde i Noreg. Myra er eit av dei mest verdifulle økosystema på jorda.

Det seier Knut Rydgren. Han er professor i økologi ved Høgskulen på Vestlandet og forskar på nettopp myr.  

Noreg har den mest artsrike torvmosefloraen i Europa med om lag 50 artar.

Myra er bygd gjennom tusenar av år og består av mose som bind karbonet i plantekroppane sine. Der, i det kalde og våte, fattig på oksygen, bevarer den karbonet så lenge menneska vil.

Myra ligg der naturleg, rett utanfor stove- og hyttedørene våre.

Den er full av dyre- og planteartar som vi ikkje må miste.

På verdsbasis har vi skada utallige myrer. 

Resultatet er at dei øydelagde myrene no blør klimagassar i minst like stor skala som klimaverstingen luftfart.

Professoren påpeikar at det har blitt forska på myr i Noreg i mange år, men at noko avgjerande har mangla.

– Vi treng mellom anna gode metodar for å undersøke kor store og djupe myrene er, slik at vi kan forvalte, bevare og restaurere myrene våre på best mogleg måte, seier Rydgren.

I arbeidet med restaurering av myr, studerer professoren korleis og kor raskt vegetasjonen endrar seg over tid.

På den måten kan forskarane seie noko om korleis arbeidet med restaureringa går, og kor lang tid det vil ta før området er ferdigrestaurert.

Rydgren vil at vi skal tenke annleis om myra. Han meiner vi treng ein ny arealpolitikk.

– Det er rart at vi i mange år har verna om regnskogen, men at vi gløymer myra. Vern av myr bør få ei sentral rolle i regjeringa sin klimapolitikk, seier han.

I forskingsprosjektet REPEAT jobbar Rydgren saman med fleire forskarar, studentar og myndigheiter for å lære meir om berekraftig styring av myrer.

Innsikta frå prosjektet blir delt med forvaltarar, forskarar og allmennheita gjennom opplæringsmateriale.

Målet er å lage verktøy for berekraftig planlegging og styring av myrer som tar omsyn til både menneskelege behov og miljøgrenser, no og i framtida.

Heldigvis er det ikkje for seint å redde myrene. 

Tar vi vare på myrene og reparerer dei som er skada, kan vi oppretthalde deira eineståande evne til å ta opp karbon og halde på vatn.

– Intakte myrer er naturbaserte klimaløysingar av beste sort. Fiks ferdige, og heilt gratis, seier Rydgren.

Lær meir om denne forskinga

Repeat – REthinking sustainable land use of PEATlands

Tekst: Mari-Louise Uldbæk Stephan
Foto: Ingvild Festervoll Melien/Knut Rydgren/Shutterstock