Naustdal inn i Helsepersonellkommisjonen
Prorektor for utdanning i Høgskulen på Vestlandet, Anne-Grethe Naustdal, er ein av 16 medlemar i den nye Helsepersonellkommisjonen som Regjeringa har oppnemnt.
- Dette var ein førespurnad eg ikkje kunne seie nei til. Pandemien har verkeleg synt kor viktig det er å ha tilstrekkeleg med kompetent helsepersonell. Mangelen vi ser i dag påverkar heile samfunnet, seier Naustdal.
Det var i statsråd fredag 17. desember Regjeringa oppnemnde Helsepersonellkommisjonen. Kommisjonen sin hovudoppgåve er så etablere eit kunnskapsgrunnlag og føreslå treffsikre tiltak i åra frametter for å utdanne, rekruttere og behalde kvalifisert personale i helse- og omsorgstenestene i heile landet.
Styrke samhandlinga
Kommisjonen har 16 medlemar og ein av dei er prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal i HVL.
Gode strukturelle løysningar for å utdanne, rekruttere og behalde personell er viktig for tilgang til nok kvalifisert personell i hele landet.
- Vi skal mellom anna sjå på moglegheita for å styrke samhandlinga i utdanningssektoren mellom vidaregåande skule, fagskulen, universitet og høgskular og kommunesektoren og spesialisthelsetenesta, nettopp for å utdanne, rekruttere og behalde personell.
- Det same gjeld for korleis dei som alt arbeider i helsetenesta vert tatt i vare og får rom for kompetanseutvikling.
Leverer NOU
Naustdal seier at hennar bidrag inn i arbeidet blir å bruke si erfaring, kompetanse og ikkje minst spele på nettverket kring seg frå universitets- og høgskulesektoren.
- Det skal mellom anna peikast på løysningar som kan bidra til betre samsvar mellom behov for kompetanse og kapasitet og innhald i utdanningane. Vi skal og identifisere behov og verkemiddel for kompetanseutvikling.
Ho fortel at kommisjonen skal levere ei norsk offentleg utgreiing (NOU) innan 1. februar 2023. 12. januar samlast kommisjonen til sitt fyrste møte i Oslo.
- Eg ser fram til å møte dei andre og ta fatt på dette viktige arbeidet.