No kan alle studentar og tilsette ved HVL bruke ein variant av Chat GPT

Frå no kan du bruke GPT UiO, ei UiO-utvikla teneste for bruk av OpenAIs GPT-modellar, via innlogging på Feide.

Kunstig intelligens har blitt eit kjent omgrep dei siste åra, og i fjor kåra Språkrådet også ordet «KI-generert» til årets nyord. Såkalla «generativ KI» er spesielt i vinden. Men kva er det for noko? Generativ kunstig intelligens (KI) syner rett og slett til maskinlæringsteknikkar for å generere nytt innhald som liknar på menneskeskapt innhald – for eksempel tekst, bilde, lyd og video. Generativ betyr at den ikkje berre tolkar informasjon, men også skapar originalt innhald.

Personvernsikker chatbot

Og no blir altså denne løysinga tilgjengeleg for heile HVL.

- Når vi innfører GPT UiO-løysinga ved HVL, får vi ein felles, personverntrygg inngang til GPT-modellen som ligg bak ChatGPT og Microsoft Copilot.  Dette vil gjere det enklare å utforske og eksperimentere med denne forma for kunstig intelligens i alle våre klasserom, grupperom og kontor. Kunstig intelligens blir ein stadig meir integrert del av vår framtid, og det er avgjerande at både studentar og tilsette får moglegheit til å engasjere seg direkte med denne teknologien. Som institusjon bør vi jo ha som mål å være i forkant av innovasjonar drivne av kunstig intelligens, seier Alexander Lundervold.

Han trur at den beste måten å avdekke spennande moglegheiter og vanskelege utfordringar for HVL er å eksperimentere, samt dele våre erfaringar på tvers.

Les meir her om UiO GPT for tilsette og studentar på HVL

Stor interesse i HVL

Mange studentar og tilsette ved HVL brukar allereie løysingar som ChatGPT og Microsoft Copilot på eige initiativ. I tillegg har meir enn 300 personar meldt seg på eit nytt KI-kurs ved HVL for tilsette.

- Kvifor bør tilsette og studentar bruke ChatGPT og lignande løysingar? Kva kan dei bruke desse til?

- Viss studentar og tilsette lærer å bruke denne forma for kunstig intelligens på ein god måte, er det eit betydeleg læringspotensial med meir persontilpassa læring, «just-in-time»-undervisning, idémyldring, spontane tilbakemeldingar, auka tilgjengelegheit, og mykje meir. Slik kunstig intelligens kan også fungere som støtteverktøy for ei rekke oppgåver innan forsking og administrasjon. Dei kan dermed være verdifulle ressursar for alle våre tilsette og studentar, meiner Lundervold.

Anbefalingar og brukarrettleiingar

Det er likevel ikkje til å legge skjul på at det har vore og framleis er mange utfordringar knytt til innføringa av kunstig intelligens, særleg i utdanningssektoren; tema som går igjen handlar om juks, plagiering og utfordringar med vurderingsformer, til fundamentale spørsmål om kva vi skal lære våre studentar når kunstig intelligens gir maskinar nye evner til å utføre oppgåver som tidlegare kravde menneskeleg intelligens og innsats. Korleis bør vi kombinere kunstig intelligens med menneskeleg intelligens? 

- Som alltid er teknologi eit tviegga sverd. KI-gruppa ved HVL jobbar med forslag til brukarrettleiingar og anbefalingar for bruk av denne tenesta og andre KI-verktøy for å hjelpe brukarane til å navigere unna dei mest kritiske utfordringane. Ved å trekke vekslar på erfaringar og tilbakemeldingar frå studentar, tilsette og andre i og utanfor vår sektor, håper vi at vi saman klarer å fremme klok bruk av kunstig intelligens både ved HVL og i samfunnet elles, seier Lundervold.

Inntil vidare oppmodar HVL brukarane å sjå til UiO sine anbefalingar og rettleiingar. I tillegg vil vi minne om HVL sin informasjon om oppgåveskriving, sitering og bruk av kjelder. Denne informasjonen finn du på denne sida

Jobbar med eiga HVL-løysing 

Samtidig som HVL får tilgang til GPT UiO, skjer det også eit arbeid i HVL for å utvikle sine eigne løysingar på dette området, fortel Lundervold.

- Med den raske utviklinga innan kunstig intelligens, som nyleg vart demonstrert ved lanseringa av Google Gemini og også alt som skjer rundt meir opne og fritt tilgjengelege kunstig intelligens-modellar, er det av veldig viktig at HVL held seg oppdatert. Å sette i drift våre eigne løysingar kan bidra til dette. Ein større eigarskap til løysingane vil også gi oss meir kontroll over data henta fram av våre egne studentar og tilsette, som kan ha personvern- og datasikkerhets-fordeler. HVL har allereie tekniske miljø som kan drive slik utvikling, og å dyrke denne kompetansen vidare kan være ei drivkraft for forsking og utvikling innan kunstig intelligens ved HVL, seier han.