Nokre ukrainske soldatar døyr som heltar, andre i skam
Krigen i Ukraina har ført til enorme tap, ikkje berre på grunn av krigshandlingane, men og som følgje av narkotikabruk. Igjen sit mange etterlatne som har mista ein av sine nærmaste, nokon i tausheit og skam.
- Soldatar som døyr i krigen blir sett på som heltar, men du er ikkje ein helt om grunnen til at du døyr er narkotikabruk. Stigmatiseringa som følger med narkotikadødsfall er ikkje assosiert med bilete av ein helt, og det får konsekvensar for dei som sit igjen.
Det seier Larysa Rybyk. Ho er president i organisasjonen International Association of Psychologists for Grief and Bereavement i Ukraina.
- For meg er alle heltar, men dødsfall som følge av narkotikabruk er forbundet med tausheit og skam i Ukraina, og det er veldig vanskeleg for familiar å snakke om, seier Rybyk.
I vår fekk forskar ved Høgskulen på Vestlandet, Øyvind Reehorst Kalsås, ein overraskande mail frå Rybyk.
Bilete: Larysa Rybyk, president i organisasjonen International Association of Psychologists for Grief and Bereavement i Ukraina.
Store traume
Men først spoler vi tilbake. I februar 2014 invaderte russiske styrkar Krimhalvøya, og Russland annekterte Krim. 22. februar 2022 gjekk Russland på ny til angrep på Ukraina. Dei blei møtte med overraskande hard motstand av ukrainske soldatar. To og eit halvt år seinare raser krigen framleis.
Det er ikkje sikre tal på kor mange ukrainarar som er drepne i krigen. Regjeringa i Ukraina sa i februar i år at 31. 000 soldatar var drepne, mens andre kjelder har operert med 70. 000 eller fleire. I tillegg kjem dei som er skada, sivile som er drepne, og rundt 50. 000 menneske som er sakna.
Svært mange i Ukraina er ramma. Dei har mista ein far, ein bror, ei syster, ei mor, eit born eller ein ven. Trauma er store for mange, og inntrykka frå krigen sit i både kropp og sinn.
Korleis pregar dette eit land og eit folk? Og korleis kan ein hjelpe dei som har mista ein av sine nære med å takle sorga og tapet?
I slutten av september blei konferansen, Therapy of grief and recovery of human capital of Ukraine, halde i byen Ivano-Frankivsk, vest i Ukraina.
Det er andre året konferansen finn stad, og her samlast klinikarar og forskarar frå Ukraina og andre delar av verda med unik kunnskap innan behandling av traume og sorg. Til stade på konferansen var ulike terapeutar, mellom anna psykologar som jobbar i militæret, sjukepleiarar, legar og andre hjelpeinstansar i Ukraina som jobbar med psykososial oppfølging.
Bilete: Deltakarar på konferansen Therapy of grief and recovery of human capital of Ukraine.
Ein overraskande mail
Det var i samband med dette Øyvind R. Kalsås ved HVL blei kontakta av Larysa Rybyk, og den nemnde overraskande mailen dukka opp i innboksen hans.
Dear colleagues
I am Larysa Rybyk, head of the International Association of Ukrainian Grief and Bereavement Psychologists from Ukraine.
On behalf of our organization, I would like to invite you to the "Therapy of Grief" forum, which will be held on September 26-27 in Ivano-Frankivsk.
I invite you to participate in our forum as a speaker. Your presence at the event is important and valuable to us, and we are sure that your knowledge and experience will be a significant contribution to our meeting.
Ein sjeldan form for stoltheit
Kva tenker du om å bli spurt om å formidle forskinga di på ein konferanse i Ukraina?
- Eg kjende på ein sjeldan form for stoltheit. Eg har, som mange andre, alltid ønska å bidra til noko som er meiningsfullt for samfunnet, og eg tenker at det er få ting som er viktigare i dag enn kampen som skjer i Ukraina no. Det er ein kamp mellom mangfald, demokrati og ei regelbasert verd på den eine sida, og einsretting, imperialisme og diktatur på den andre sida, seier Kalsås.
Det var likevel ikkje ei enkel avgjersle å ta, å reise til eit land i krig. Det var mogleg å delta digitalt, men Kalsås skjønte at det betydde svært mykje for dei som arrangerte konferansen at flest mogleg kom til Ukraina. Han fortel at konferansen var langt frå frontlinja, og at hotellet og konferansestaden var nøye utvalt av sikringsgrunnar, blant anna med bomberom.
- Då tenkte eg: skal eg sitje trygt her i Noreg, mens millionar av menneske dagleg lever med krigens usikkerheit og kjempar ein så viktig kamp? Eg kom fram til at det var rett for meg å dra, seier han.
Rybyk hadde lese den eine artikkelen i Kalsås si doktorgradsavhandling som omhandla sorg og hjelp til etterlatne ved narkotikadødsfall. Ho fortalte at den var relevant for situasjonen i Ukraina, kor dei opplever problem knytt til narkotikabruk og narkotikarelaterte dødsfall i militæret. Vidare sa ho at det er eit svært vanskeleg tema i Ukraina. Eit tema som er forbundet med tausheit og skam.
- At den forskinga vi har gjort om etterlatne ved narkotikarelatert død skulle vere relevant for den situasjonen Ukraina står i no, hadde eg aldri sett for meg då eg byrja på doktorgraden for fire år sidan, seier Kalsås.
Bilete: HVL- forskar Øyvind R. Kalsås på konferansen i Ukraina.
Unikt prosjekt i verdssamanheng
I fleire år har nemleg Kalsås, saman med kollegaer på Høgskulen på Vestlandet, forska på etterlatne ved narkotikarelaterte dødsfall. Dette er det forska svært lite på tidlegare, og forskingsprosjektet er unikt i verdssamanheng.
Forskarane har sett på kva konsekvensar og belastningar narkotikadødsfall har for nære etterlatne, korleis dei meistrar kvardagen og kva støtte dei får frå hjelpeapparatet. Over 200 etterlatne har deltatt i studien.
Resultata i forskingsprosjektet er tydelege. Konsekvensane for dei etterlatne er store.
Stigma. Skyld. Skam.
Funna frå prosjektet viser at narkotikadødsfall blir sett ned på i samfunnet vårt, og sorga til etterlatne blir i liten grad anerkjent. I nokre tilfelle er haldninga slik: «Det var vel like greitt. Han var jo berre ein junkie».
Det gjer noko med korleis dei etterlatne føler at dei kan sørge, og mange får ei komplisert sorg. Korleis samfunnet ser på narkotikadødsfall, får òg konsekvensar for kva hjelp og oppfølging etterlatne får.
Dårleg sosial helse
På konferansen presenterte Kalsås resultata frå END- prosjektet og hans eiga forsking på kva hjelpebehov etterlatne har etter eit slikt dødsfall, og korleis den sosiale helsa deira er.
I doktorgradsavhandlinga fann han ut at mange etterlatne ved narkotikarelaterte dødsfall har dårleg sosial helse. Kort fortalt handlar den sosiale helsa om kvaliteten på dei sosiale relasjonane ein har, kjensla av å høyre til i eit fellesskap, og kapasiteten til å ta del i sosialt liv.
- Alt dette er sentralt for korleis vi menneske klarer å vere i sorgprosessar og tilpasse oss livet etter eit dødsfall. Helse er viktig for korleis ein har det i livet, og den sosiale helsa, som eg såg på i mi avhandling, var gjennomsnittleg dårlegare hos etterlatne ved narkotikarelatert død enn hos etterlatne ved andre typar brå dødsfall, som sjølvmord eller katastrofar. Dei deltok mindre i sosialt liv og hadde ein auka tendens til å trekke seg bort frå andre, fortel han.
Familie og nettverk er viktig
Dei aller fleste deltakarane i studien uttrykte eit tydeleg behov for hjelp frå helse- og velferdstenestene i kjølvatnet av dødsfallet. Om lag halvparten av deltakarane fekk slik hjelp, og rundt halvparten av desse igjen var nøgde med hjelpa dei fekk. Born skilte seg negativt ut. Berre 26 prosent rapporterte at barna hadde fått oppfølging i etterkant av dødsfallet, og dei som hadde fått det, var lite nøgde.
Sjølv om betre hjelp frå profesjonelle er viktig, viste studien at familie og nettverk også spelar ei viktig rolle i sorgprosessen. Kalsås, som sjølv er spesialist i familieterapi, fortel at familierelasjonar og andre sosiale nettverk blei trekt fram av mange som viktig for å handtere sorga og tapet.
- Tidleg psykososial hjelp som aktivt engasjerer familie og sosialt nettverk, kan vere ein nøkkel for å gi betre hjelp, og betre helsa og livskvaliteten til etterlatne, seier Kalsås.
Rusmiddelbruk i krig
Dette var noko av det Kalsås formidla til psykologar, legar, sjukepleiarar og prestar på konferansen i Ukraina.
- Eg håpar eg fekk formidla kor viktig familien og nettverk er. Men og kor viktig det er å anerkjenne sorga til dei som mistar ein av sine nære i narkotikarelatert død, slik at etterlatne ikkje opplever skam og skyld, men får hjelp til å takle sorgprosessen, på lik linje med andre, seier Kalsås.
Bilete: Foran er Øyvind R. Kalsås (t.v.), Denys Diachenko, prest i den ortodokse kyrkje i Ukraina og tilknyta militæret (i midten) og Andreas Maercker, frå Universitetet i Zurich, klinisk psykolog og ekspert på traumatisk stress.
Han snakka og om rus- og avhengigheitsproblematikk generelt, og i konteksten av ein krigssituasjon spesielt.
- Omfattande bruk av alkohol eller narkotika har vore ein del av soldatlivet i uminnelege tider. Det er difor ikkje overraskande at ukrainske soldatar også opplever vanskar med rusbruk i den situasjonen dei står i no, seier Kalsås.
Han viser til at bruken av rusmidlar til dels har vore organisert og systematisk i krig, for eksempel vart metamfetamin produsert og brukt i enorme mengder for å styrke utholdenheit og kampevne hos soldatar på begge sider under andre verdskrig. Dels har bruken vore usystematisk, som ein måte soldatane freistar å tilpasse seg til livet, utfordringane og dei fysiske og psykiske skadane dei pådreg seg i krigen. Eit eksempel på dette er bruk av heroin og andre rusmiddel hos amerikanske soldatar som var i Vietnam.
Eit lite bidrag i ein stor kamp
Det nemnte bomberommet fekk Kalsås òg testa ut under opphaldet. Det var relativt sjeldan at alarmen går i dette området, men det skjedde fleire gongar i løpet av konferansen.
- Stemninga når luftvernsirenene gjekk var omtrent som når brannalarmen går under ein konferanse i Noreg. Det var inga teikn til panikk, folk heldt fram som før, mens faren blei sjekka ut, fortel Kalsås.
Bilete: Tilfluktsrommet på universitetet der konferansen blei holdt.
Han snakka med ei kvinne frå Kyiv som sa at dei var blitt så lei av luftvernsirener at dei sjekkar ganske grundig kvar eit nedslag sannsynlegvis vil skje, før dei søker tilflukt. Ho skildra situasjonen omtrent slik:
- Går raketten mot vår region? Javel.
- Mot Kyiv? Javel.
- Men kva side av elva ser det ut til at den treff?
- Austsida?
- Ja, ok. Då får vi vel gå ned i kjellaren.
- Det var spesielt å sjå kor vane ukrainarane var med luftvernsirener, og korleis dei har tilpassa seg krigen. Det var lite i gatene som minna om eit land i krig, med unntak av hovudgata, der det var bilete av soldatar som har mista livet i krigen. Samstundes viser denne type hendingar kor krevjande det er å halde sivilsamfunnet gåande under ein pågåande invasjon der rakettangrepa er meir eller mindre tilfeldige rundt omkring i landet, seier Kalsås.
Bilete: Hovudgata i byen Ivano-Frankivsk, vest i Ukraina. I gata var det bilete av soldatar som har mista livet i krigen.
Han er glad for at han reiste, og at han og Høgskulen på Vestlandet kunne gi eit lite bidrag i ein stor kamp.
- At Høgskulen på Vestlandet og eit av våre forskingsprosjekt kan vere ein liten del av den store kampen som Ukraina og ukrainarane står i, ein kamp som er viktig for oss alle, hadde eg aldri sett for meg. Men det er noko eg tenker det er grunn til å vere stolt over, avsluttar han.