Nominer kandidatar til pris for likestilling, mangfald og inkludering

Kjenner du ein aktuell kandidat til prisen for likestilling, mangfald og inkludering ved HVL? 31. oktober er fristen for å nominere.

I statuttane til LIM-prisen står det at den blir delt ut til fagmiljø, enkeltpersonar eller studentar ved høgskulen som har gjort ein merkbar innsats for å setje i verk gode tiltak og aktivitetar som fremjar og synleggjer arbeidet innan likestilling, inkludering og mangfald. 

Det vil bli lagt vekt på tiltak som fører arbeidet med likestilling, inkludering og mangfald vidare på nye og berekraftige måtar.

Alle studentar, tilsette og formelle høgskule- og studentorgan kan melde inn framlegg om kandidatar.

Her kan du lese om statuttane for prisen.

- Likestilling, mangfald- og inkluderingsprisen er viktig for å kunne synleggjere det gode og viktige arbeidet som blir gjort på HVL, seier organisasjonsdirektør Tage Båtsvik.

Rådet for likestilling, mangfald og inkludering lyser ut prisen og innstiller søkarar til rektor som gjer endeleg tildeling.

Prisen blir delt ut i desember, i eit felles arrangement saman med mellom anna prisen for utdanningskvalitet.

Slik nominerer du

Nominasjonsfristen er 31. oktober. Grunngje nominasjonen etter kriteria i statuttane. Nominasjonen, med grunngjeving, skal være på maksimalt ei A4-side. Send den på e-post til post@hvl.no og merk emnefeltet med "Nominasjon til LIM-prisen 2024".

I 2024 er det tredje gongen prisen blir delt ut. Tidlegare vinnarar er:

Meir om Rådet for likestilling, mangfold og inkludering