Sikt utset oppstarten av Nasjonalt vitenarkiv til våren 2025
Den nye utsetjinga betyr at NVI-rapporteringa også av 2024-publikasjonar skal gjennomførast i Cristin.
Den nye tenesta Nasjonalt vitenarkiv (NVA) skal erstatte både dagens Cristin og institusjonane sine lokale vitenarkiv, hos oss HVL Open. NVA blir utvikla av Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør.
I juni 2024 kom det melding om at overgangen til nytt system var forsinka. No har Sikt kome med ny melding om at prosjektet blir utsett enda ein gong.
Revidert tidsplan under utarbeiding
Ein revidert tidsplan vil bli utarbeidd etter at systemet er testa og utprøvd på nytt. Nytt tidspunkt for lansering vil bli avklart om lag to månader i forkant.
Les meir om bakgrunn for utsetjinga på Sikt sine nettsider.
Om Nasjonalt vitenarkiv
I saka som vi publiserte i juni, kan du lese om kva som skjer med HVL Open, kva som blir annleis i det nye systemet, og korleis du som tilsett får opplæring i det nye systemet.
Biblioteket ved HVL har ei arbeidsgruppe som jobbar med å innføre Nasjonalt vitenarkiv ved HVL.
Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med arbeidsgruppa på cristin@hvl.no.