
Ny artikkel: Kvinner med innvandrarbakgrunn opplever usikre arbeidsforhold
Ein ny studie viser at kvinner med innvandrarbakgrunn er sårbare på arbeidsmarknaden og at dei ofte opplever usikre arbeidsforhold.
Artikkelen Omsorgsarbeid, omsorgskrise og prekarisering: Inkludering av kvinner med innvandrarbakgrunn i arbeid i kommunale tenester, gir innsikt i korleis kvinner med innvandrarbakgrunn blir inkludert i det norske arbeidslivet, og ser samstundes på korleis usikre arbeidsforhold har utvikla seg i velferdsstaten. Studien framhevar "prekarisering av arbeid" og korleis midlertidige kortids- eller deltidsjobbar bidreg til sårbarheit for arbeidstakarar.
Får ikkje utdanning og fast jobb
Artikkelen byggjer på feltarbeid og intervju i ein norsk kommune. Fleirtalet av dei tilsette i dei kommunale helse- og omsorgstenestene er kvinner, og blant dei tilsette utan godkjend fagutdanning er dei fleste kvinner med innvandrarbakgrunn.
Studien syner korleis kommunen som arbeidsgjevar ønskjer, men strevar med, å bidra til at tilsette som ikkje har godkjend fagutdanning kan oppnå dette. Slik fagutdanning er eit krav for fast tilsetjing og meir føreseielege arbeidsvilkår. Å ikkje kunne tilsetje (fast) dei som allereie jobbar i, og har erfaring frå, tenestene opplevast som eit problem, ikkje berre for kvinnene det gjeld og deira kollegaer, men også i lys av at tenestene sårt treng, men ikkje har tilgang på nok, kvalifisert arbeidskraft.
Deltidsnorm er eit hinder
Studien kartlegg kommunen sine ulike kvalifiseringsløp som kvinner med innvandrarbakgrunn potensielt kan nytte seg av. Men, grunna kvinnene si arbeidstilknyting med vikariat eller i låge deltidsstillingar kombinert med språkvanskar og låg utdanning, opplever dei det nærast umogleg å nytte slike ‘løp’. Den historisk etablerte norma for deltidsarbeid i sektoren utgjer soleis ein struktur som bidreg til at kvinner med innvandrarbakgrunn opplever usikre arbeidsforhold – ein situasjon som ofte varar over mange år.
Treng betre strategiar for inkludering
Sjølv om kvinner med innvandrarbakgrunn får arbeid og blir inkluderte i arbeidslivet gjennom dei kommunale tenestene, viser artikkelen at fleire sårbarheiter overlappar kvarandre. Dette fenomenet er kjent som "hyper-prekaritet" og fører til at desse kvinnene ofte hamnar i dei lågaste sjikta av arbeidslivet.
Faktorar som arbeidsvilkår, utbreidd deltidsarbeid, feminisering av omsorgsyrke, og ei aukande "etnifisering" av omsorgsarbeid, skapar "hyper-prekaritet" for kvinner med innvandrarbakgrunn. Studien understrekar difor behovet for betre strategiar og tiltak for å inkludere kvinner med innvandrarbakgrunn i arbeidslivet på ein meir sosialt berekraftig måte.
Les også artikkelen «Hvorfor finner Nav praksisplasser hvor man ikke får jobb etterpå?» Prekære arbeidslivserfaringer hos kvinner med migrasjonsbakgrunn i Norge. Denne artikkelen ser på hvordan arbeidslinjen fungerer i praksis fra kvinnenes perspektiv, og belyser de prekære situasjonene mange av dem står overfor i arbeidslivet. Artikkelen gir innsikt i hvordan disse situasjonene påvirker og endrer kvinnenes ønsker for fremtiden.