Nye retningslinjer: Dette må du hugse på når du brukar kunstig intelligens

Hugs at sjølv om du, anten du er student eller tilsett, brukar kunstig intelligens er det framleis du som er ansvarleg for arbeidet som gjerast.

Dei nye retningslinjene for bruk av kunstig intelligens er utforma av KI Koordineringsgruppa ved HVL og vart godkjende av Digitaliseringsrådet no i mai. Retningslinjene dekker temaene «Kunstig intelligens og etikk», «Veiledning og råd til god KI-støttet undervisning» og «Rettleiingar og erklæring om samarbeid».

Ditt verk, ditt ansvar

Under det første temaet framhevast det at du er ansvarleg for ditt eige verk, men også må vere open om kva verktøy du har nytta under arbeidet: «Drege nytte av KI-verktøy sin innsats? Sjølvsagt heilt i orden, for saman blir vi gode. Men hugs å oppgi kjelde der du har drege nytte av anna enn dine eigne tankar og idear. Du ville vel ikkje likt om andre tok æra for alt det gode du hadde utforma, ville du?»

Hugs også at sjølv om kunstig intelligens verkar som eit tilstrekkeleg godt hjelpemiddel, er det ikkje alltid tilfelle og feil kan skje. Ver difor kritisk på same måte som elles når du vurderer andre kjelder, når du vurderer kva den føreslår av løysingar.

Her kan du lese samlinga av dei nye retningslinjene

Viktig med tydelege retningslinjer

Mange studentar og tilsette opplever usikkerheit knytt til kva som er forsvarleg bruk av KI-chatbotar, kva som er god fagleg bruk og kva som er juks. Difor er det viktig med tydelege retningslinjer, meiner prorektor for utdanning ved HVL Anne-Grethe Naustdal.

Anne Grethe Naustdal_2560.jpg

- HVL si eiga forsking om studentane sin bruk av KI og resultat frå studiebarometeret sine spørsmål om KI syner at mange studentar no brukar KI-chatbotar for å forstå og tolke fagstoff, på fleire måtar. Det blir ein ny sparringspartnar, seier ho.

- Eit fleirtal av studentane (74 prosent) meldte i undersøkinga om at dei ynskjer å lære meir om korleis dei kan bruke KI på gode måtar, og mange (65 prosent) sa dei ynskjer  retningslinjer frå HVL.  Det er flott at vi med våre interne ressursar på område no har laga rettleiingar som både tilsette og studentar forhåpentleg vil finne god nytte av, legg prorektoren til.