Økonomifaga er populære, medan færre vil bli lærarar
Økonomiske og administrative utdanningar er blant dei mest populære ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Det viser årets opptakstal frå Samordna opptak.
— Vi gler oss til å ta imot alle nye studentar til studiestart måndag 14. august. Saman med dyktige fadrar er vi klare til å gje alle ein flott og minnerik start på studietida. Her på HVL vil dei tileigne seg den kunnskapen og kompetansen som trengst i yrkeslivet, seier prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal i HVL.
Ho fortel at HVL sender ut tilbod om studieplass til heile 6053 personar i desse dagar. Inn mot studiestart i midten av august vil det bli fleire som får tilbod av di HVL har utdanningar med ledige studieplassar.
Størst konkurranse på økonomifag
Til liks med trenden nasjonalt, er det utdanningar innan økonomi og administrasjon det er størst konkurranse om på HVL.
Bachelorutdanninga innan økonomi og administrasjon og siviløkonomutdanningane på masternivå rekrutterer godt.
— HVL har siviløkonomutdanningar i Bergen, i Sogndal og i Haugesund. Dette er ei nyvinning vi er stolte av å tilby.
Eit heilt nytt årsstudium innan digital økonomi og leiing ved campus Bergen er riktig nok det mest attraktive studiet. Her konkurrerte 1606 søkjarar om 30 plassar. Det er og det studiet med høgast poenggrense for å kome inn, med 57,2 poeng.
Det nyoppretta årsstudiet administrasjon og leiing ved campus Haugesund har og mange søkjarar. Nærare 120 personar står på venteliste til dette studiet.
— Det er gledeleg at dei nye utdanningane våre gjer det bra. I ei tid der næringslivet blomstrar, er det stort behov for kompetanse innan økonomi, leiing og administrasjon. At desse utdanningane rekrutterer godt er viktig for arbeidslivet langs heile Vestlandet, seier Naustdal.
— Undersøkingar viser at våre kandidatar er attraktive og kjem seg raskt i jobb, og at dei blir verande på Vestlandet etter utdanninga si. Det er viktig å merka seg.
Færre vil bli lærarar
I år er det færre som søkjer seg til lærar- og barnehagelæraryrket. Opptakstala ved HVL speglar ein nasjonal trend.
— Det er altfor få som søkjer seg til desse viktige og samfunnsberande utdanningane. Dette merkar vi her på høgskulen, men det merkast ikkje minst i kommunane som treng denne viktige arbeidskrafta i åra som kjem. Alt no er det merkbart fleire stader, og kommunar meldar om mangel på naudsynt arbeidskraft.
Nedgangen i rekrutteringa til desse utdanningane gjer seg gjeldande både i distrikta og i byane. Det uroar.
— Sentrale styresmakter, utdanningssektoren og arbeidslivet må aktivt jobbe saman for å snu trenden. Det hastar med å ta gode og framtidsretta grep.
— Framleis er det ein stund til studiestart og her på HVL har vi ledige studieplassar og vi håper mange grip denne moglegheita. Læraryrket er spennande og givande. Her vil det vera stort behov i åra som kjem, seier Naustdal.
Bør fjerne karakterkrav
Ho meiner at ein bør vurdere å fjerne karakterkrava for å komme inn på lærarutdanningane. Det same bør gjerast med sjukepleiarutdanninga.
— Vi kan miste mange flinke lærarar og sjukepleiarar grunna karakterkravet som no gjeld. Vi som arbeider på høgskulen er visse på at vi skal klare å kvalifisere og lære studentane det dei treng for å vere godt rusta og gå ut i yrka dei utdannar seg til, seier ho.
Ho peiker på at dette med å fjerne opptakskrav var eit av forslaga til Opptaksutvalet som leverte ei offentleg utgreiing i desember i fjor.
— Det blir spennande å sjå korleis dette arbeidet vil ta form framover. Vi på HVL skal bidra med vårt i desse spørsmåla.
Fleire menn vil jobbe med dei yngste elevane
Når det gjeld lærarutdanningane, så viser tala ved HVL også ein del fine ting. Det er mellom anna fleire som ønskjer å bli mattelærarar ved campus Bergen. I år er det vanskelegare å kome inn på grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. trinn med fordjuping i matematikk enn i fjor.
Det er og ei auke i talet på menn som vil bli lærar for dei yngste elevane. Av dei som har fått tilbod om studieplass på grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn, er 19 prosent menn, mot 11 prosent i fjor.
Helse- og sosialfaga er populære
Sjølv om det nasjonalt er ein nedgang i talet på søkjarar til sjukepleiarutdanninga, er det likevel eit av dei mest populære studia ved HVL. Campus Bergen hadde 2713 søkjarar og nærare 500 personar står på venteliste til denne utdanninga. Ved campusane på Stord, Haugesund og i Førde er det framleis ledige studieplassar.
HVL har og jamn god søking til fleire av dei andre helse- og sosialfaga. Fysioterapi, sosialt arbeid, ergoterapi og radiografi har langt fleire søkjarar enn studieplassar, og fysioterapi har den nest høgaste poenggrensa i HVL, med 55,5 poeng.
Mange ønskjer og å bli vernepleiar, og særleg ved deltidsutdanningane i Sogndal og Haugesund er det stor konkurranse om å kome inn og såleis lange ventelister.
— Det er positivt at unge søkjer seg til helse- og sosialfaga. Det er ein kompetanse det er stor trong for i samfunnet, seier Naustdal.
Fleire av master- og vidareutdanningane i helse- og sosialfag har og god rekruttering, og særleg spesialiseringane innan helsesjukepleie og jordmor er populære.
— Det er viktig å merka seg at vi har eit spekter av ulike etter- og vidareutdanningar innan alle fagområde her på HVL. I løpet av hausten vil fleire hundre personar ta ei vidareutdanning hos oss. Det er særleg fleksible, samlingbasert og nettbaserte utdanningar som er attraktive.
Unge vil ta IT og datateknologi
Utdanningane innan informasjonsteknologi har også god rekruttering, mellom anna gjeld dette den nyoppretta bachelorutdanninga ved campus Haugesund. Fleire ingeniørutdanningar, til dømes data-, bygg- og maskiningeniør, er og populære, det same gjeld interessa for maritime fag. Nautikk med integrert praksis og masterutdanninga i maritime operasjonar har også gode søkjartal.
Sidan HVL no også tilbyr sivilingeniørutdanning i berekraftig energiteknologi og anvendt datateknologi og ingeniørvitskap, er det samla sett ei god oppgang for ingeniørfaga.
— Grøn omstilling, berekraft og digitalisering er viktige stikkord for korleis vi former studietilbodet vårt. Dette er kompetanse som er etterspurt i arbeidslivet og vi tar mål av oss å ha eit godt studietilbod her, seier Naustdal.
Færre internasjonale
Når det gjeld dei internasjonale masterprogramma i HVL viser opptaket ei klar nedgang i søkjarar frå utlandet.
— Dette skuldast nok i all hovudsak at Regjeringa innførte studieavgift for personar som kjem utanfor EU/EØS-området. Her vert det jobba for å finne gode og tenleg løysingar med stipend og tilsvarande ordningar for vidare utlysing og opptak, seier Naustdal.
— Det internasjonal arbeidet er svært viktig. Her på HVL vert det arbeidd godt med å utvikle ulike studiemodellar og program. I tillegg tar vi mål av oss å auka talet både inn- og utveksling av studentar.
Topp fem utdanningane med høgst poenggrense ved HVL 2023:
- Digital økonomi og leiing, Bergen - 57,2
- Fysioterapi, Bergen - 55,5
- Sosialt arbeid, Bergen - 54,6
- Økonomi og administrasjon, Bergen - 54,4
- Bioingeniør, Bergen - 53,3