- Eit viktig gjennombrot

Regjeringa føreslår å fjerna karakterkravet til sjukepleieutdanninga i nytt opptakssystem til høgare utdanning. - Vi meiner dette er eit godt og nødvendig grep som vil opna vegen for motiverte søkjarar som arbeidslivet vårt treng, seier Anne-Grethe Naustdal, prorektor for utdanning i HVL.

Stortingsmeldinga "Opptak til høgare utdanning" som regjeringa la fram fredag 5. april peiker på ulike forslag og grep. 

Anne-Grethe Naustdal seier at Høgskulen på Vestlandet har fått gjennomslag for mange av innspela sine.

– Å ta bort karakterkravet for opptak til sjukepleieutdanning er ei sak HVL har vore tydeleg på over lang tid. Eg meiner vi har fått gjennomslag for argumenta våre om at det er sluttkompetansen til studentane som er viktig og avgjerande. Gjennom ei god utdanning med klåre krav til kvalitet utdannar vi dyktige sjukepleiarar, seier prorektoren.

Ein viktig døropnar

Sjølv om eit bortfall av karakterkravet til sjukepleieutdanninga har fått mykje omtale og merksemd, understrekar Naustdal at opptakssystemet også har andre viktige ting ved seg. Ho meiner at det er viktig å slå fast at det er generell studiekompetanse som utgjer grunnlaget for opptak til høgare utdanning.

– Inngangen til høgare utdanning må vera brei og famna mange ulike grupper. Eigne særkrav høyrer i stor grad fortida til. Grepet regjeringa legg opp til meiner vi er ein døropnar og på sikt kan sjåast inn mot andre utdanningar. Vi meiner det vil føre til at fleire kjem raskare i gong med høgare utdanning, seier ho. 

Når det gjeld karakterkrava for lærarutdanningane vil regjeringa behalde dei, men opnar for å søkje unntak frå krava.

Prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal. Foto: HVL/Eivind Senneset

– Klokt å ta bort tilleggspoeng

Naustdal synest at opptaksmeldinga på mange vis klargjer og forenklar ein del tilhøve både for søkjarane og institusjonane.

– I sum er det ei bra melding. Innspela om å forenkle systemet ved å ta bort ulike tilleggspoenga har vi støtta. Det same med å innføra kvotar. Det siste vil bidra til å sikra at studieplassar kan gå til underrepresenterte grupper til dømes knytt til kjønn.

Samstundes med opptaksmeldinga la Regjeringa fredag 5. april også fram stortingsmeldinga "Profesjonsnære utdanningar over heile landet."

Dei nasjonalt styrte lærar-, ingeniør- og helse- og sosialfagutdanningane har som venta fått stor plass i meldinga.

Av-akademisering og endringar i praksis

Den store snakkisen i forkant av profesjonsmeldinga har vore om profesjonsutdanningane no går i retning av å blir meir av-akademiserte. Dette har særleg vore kopla til helse- og sosialfagutdanningane. Utfordringar knytt til praksis har og vore noko regjeringa har peika på i tildelingsbreva til alle høgskular og universitet. Det har som venta fått stor plass i meldinga.

Rektor Gunnar Yttri ved Høgskulen på Vestlandet meiner at meldinga har ein del bra med seg.

– Ei eiga melding om desse utdanningane er i seg sjølv bra. Dette er svært viktige utdanningar for velferdssamfunnet og dei er berebjelkar i utdanningsporteføljen til HVL.

- Så tykkjer vi meldinga i for liten grad klargjer grunnlaget for å ta godt i vare den akademiske delen av kompetanseløpet, slik gjeldande krav i kvalifikasjonsrammeverket tilseier. Kjenneteiknet på profesjonsutdanningane er praksisnærleik og arbeidslivsrelevans. Men profesjonsutdanningar skal og ta i vare både det akademiske og forskingsbaserte.

Profesjonsmeldinga speglar utviklinga i sektoren 

Yttri meiner profesjonsmeldinga på sett og vis speglar utviklinga i sektoren.

– Gjennom mange år har det vore ein heilt nødvendig akademisering av både utdanningar, tilsette og institusjonar. Tradisjonelle yrkesretta utdanningar i høgskulesektoren har blitt meir meir universitetslike i det vektlegginga av teori vart sterkare, og praksisorienteringa veikare.

– Når ein les profesjonsmeldinga kan ein sjå at regjeringa ønskjer å gripa fatt i dette. Omgrepet yrkesnære utdanningar er brukt og kvalitet i praksis har fått mykje plass. HVL-rektor Gunnar Yttri. Foto: HVL/Eivind Senneset

Viktig med forskingsbaserte profesjonsutdanningar

For HVL som no står framfor universitetsstatus er det grunnleggjande å finna ein god balanse kring dette.

– Kunnskapen som vert formidla i utdanningane våre er teoretisk og vitskapleg kunnskap, men har også innslag av praksis og det erfaringsbaserte. Vekselspelet mellom teori og praksis har høg relevans og nytteverdi for kunnskapsbygginga i ein høgare utdanningsinstitusjon som har profesjons- og arbeidslivsretting som kjenneteikn. Profesjonsutdanningane skal vera forskingsbaserte.

Saknar tydelegare arbeidsdeling i utdanningssystemet

Yttri meiner at stortingsmeldinga og inngår som ein del av Regjeringa sin langsiktige politikk, aktualisert og kjenneteikna av å styrka fagskulane og gjennom framlegget til ny stillingsstruktur i sektoren.

- I gjennomlesinga av meldinga saknar eg mellom anna ein tydelegare arbeidsdeling og rolleavklaring i utdanningssystemet mellom høgare utdanning og yrkesfaglege høgare utdanning. Dette framstår ikkje klart nok, seier han.

Om profesjonsmeldinga i seg sjølv peiker på løysingar som kan styrka rekrutteringa til dei samfunnsberande profesjonsutdanningane er han meir usikker på. Sviktande rekruttering råkar hardt.


Praksis er ein viktig del av grunnskulelærarutdanninga. Her frå praksisperiode på Hafslo barne- og ungdomsskule. Foto: HVL/Falkeblikk

Forventar konkrete løyvingar i statsbudsjettet

– Jamleg får høgskulen tilbakemeldingar om at kommunar, helseføretak og arbeidslivet forøvrig ikkje får fatt i kvalifisert arbeidskraft. Stillingar står ledige. Dette er eit trugsmål mot velferdssamfunnet i by og bygd.

I ein større kontekst seier Yttri at det i stor grad handlar om korleis høgskular og universitet i tider med sviktande rekruttering får høve til å oppretthalde fagleg beredskap og høg kvalitet. I et tid med tronge offentlege budsjett er det ei krevjande oppgåve.

– Profesjonsutdanningane er grunnfjellet hos mange institusjonar. Dagens situasjon er for viktig og alvorleg og kan ikkje overlatast til institusjonane å løyse åleine. Her må det komme på plass insentiv og kraftfull satsing. Elles vil profesjonsmeldinga kunne bli opplevd som eit tilbakesteg.

– Eg forventar at dette vert fylgt opp i statsbudsjett til hausten og konkrete løyvingar, seier han. 

Særskilt oss som er fleircampusinstitusjonar med geografisk spreidde studiestader over heile landet, må sikrast gode vilkår.

Dei to stortingsmeldingane skal handsamast i Stortinget før sommaren.

Rektor Gunnar Yttri påpeikar at HVL ser fram den vidare prosessen og kjem til å delta aktivt i ordskiftet både kring opptak og profesjonsutdanningane.

– På sett og vis heng desse meldingane i lag. Det er svært viktig at desse samfunnsberande utdanningane er attraktive og tilgjengelege for flest mogleg menneske. HVL er godt rusta til å utvikla og styrka profesjonsutdanningane vidare. Vi er praksisnære, profesjonsnære og vi legg til rette for fleksible løysingar. Det er og viktig å merka seg at vi har drivande god og relevant forsking innan profesjonsfaga. Vår fleircampusstruktur gir oss også ein ekstra styrke, seier han.