Fleire vil studere ved HVL – på sjukepleie er det ventelister

Årets opptakstal viser at fleire vil studere ved Høgskulen på Vestlandet. På sjukepleie er det rift om plassane og venteliste, medan fleire vil bli lærar og ingeniør.

— Eg er veldig glad for at fleire vel å studere ved Høgskulen på Vestlandet, og no gler vi oss til å ta imot nye studentar i midten av august. Saman med dyktige fadrar er vi klare til å gje alle ein kjekk og minnerik start på studietida, seier prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal i HVL.

I desse dagar sender Høgskulen på Vestlandet (HVL) ut tilbod om studieplass til heile 6596 personar. Det er 543 fleire enn i fjor, og ein auke på ni prosent. Inn mot studiestart i midten av august vil det bli fleire som får tilbod, sidan HVL har utdanningar med ledige studieplassar.

Det er aller størst konkurranse om å kome inn på bachelorutdanningane i Bergen i økonomi og administrasjon, sjukepleie, fysioterapi, sosialt arbeid og vernepleie. Dette er dei fem utdanningane med dei lengste ventelistene.


Aller lengst venteliste har bachelor i økonomi og administrasjon i Bergen, med 1275 personar på lista. På fysioterapi står 871 personar på venteliste til 85 planlagde plassar.

Rift om plassane på sjukepleie

Stortinget vedtok i juni å fjerne karakterkrav i matte og norsk for sjukepleie og å opne for dispensasjon frå krava på lærarutdanningane. Bakgrunnen for dette er stort behov for sjukepleiarar og lærarar i samfunnet og nasjonal nedgang i søkjartal til desse utdanningane.

I år har det difor vore eit lokalt opptak frå 20. juli, i tillegg til det ordinære opptaket i Samordna opptak, der alle med generell studiekompetanse kunne søkje på ledige studieplassar til sjukepleie- og grunnskulelærarutdanningane.

HVL har hatt stor pågang i det lokale opptaket. Rundt 400 har søkt bachelor i sjukepleie.

— Dette er fantastiske tal, og det er veldig gledeleg at så mange ynskjer å bli sjukepleiar. Vi hadde rundt 160 ledige studieplassar, og no ser det ut til at vi kan fylle alle. I tillegg har vi stor konkurranse og lange ventelister på sjukepleie i Bergen, seier Naustdal.

Prorektoren viser til at inngangsporten til dei aller fleste andre høgare utdanningar er generell studiekompetanse.

— Vi meiner det same bør gjelde for sjukepleiarstudentar, slik Stortinget no har vedtatt. Den store pågangen vi har hatt på opptaket utan karakterkrava, viser at dette var eit viktig grep for at fleire motiverte studentar skal få moglegheit til å studere sjukepleie, seier Naustdal.


Det er stort behov for sjukepleiarar i samfunnet. Ved HVL fyller vi no plassane på utdanninga, og i Bergen er det venteliste. Foto: HVL/Falkeblikk 

Fleire grunnskulelærarstudentar gjennom lokalt opptak

Høgskulen på Vestlandet er ein av dei største utdanningsinstitusjonane innan lærarutdanning, og også på grunnskulelærarutdanningane har det kome inn mange søknadar i det lokale opptaket. Til saman er det 274 personar som har søkt gjennom lokalt opptak.

— Vi treng endå fleire dyktige og kompetente lærarar i samfunnet vårt. Det er vårt ansvar å sikre at vi utdannar nok lærarar i regionen, så eg er veldig glad for at interessa har vore stor også for lærarutdanningane våre. No håpar eg mange av dei som har søkt i det lokale opptaket takkar ja til plassen og at det kjem enda fleire søkarar inn mot studiestart, seier Naustdal.

I tillegg til lærarutdanning for barne- og ungdomstrinnet, tilbyr også HVL ei lærarutdanning i kroppsøving og idrettsfag for 1.-13. trinn. Med denne utdanninga kan ein bli lærar i både grunnskulen og i vidaregåande skule. Denne utdanninga er populær, og her er det venteliste og konkurranse om plassane.

Positive teikn for barnehagelærarutdanninga

Både ved HVL og nasjonalt, har søkinga til barnehagelærarutdanningane gått ned dei siste åra. Men no er det positive teikn. Til saman er det sendt ut 261 tilbod på dei 280 plassane ved heiltidsstudiet i barnehagelærar i Bergen.

— Barnehagelærarar har eit viktig samfunnsberande yrke. Det er sjølvsagt gledeleg med ein auke i søkarar. No håpar vi at dei resterande plassane blir fylt opp gjennom ledige studieplassar, seier Naustdal.

Ingeniørfaga går fram

HVL har mange ingeniørutdanningar, og årets opptakstal viser at fleire vil studere ingeniørfag. Samla for dei ulike retningane, er det ein vekst på ni prosent ved HVL, mot sju prosent nasjonalt. Det er særleg data- og byggingeniør som trekkjer mange studentar i årets opptak, og på havteknologi og maskin er det konkurranse om å kome inn. Nautikkutdanninga i Haugesund går også svært godt.

Tala viser at kvinneandelen på ingeniørutdanningane er stigande, det siste året har den auka med to prosent.

– Det er positivt å sjå at vi har ein jamn auke på fleire av ingeniørutdanningane våre. Det er stort behov for ingeniørar framover, og kompetanse innanfor grøn omstilling, berekraft og digitalisering er særleg etterspurt. Enkelte ingeniørfag har vore mannsdominert lenge, og det er ekstra kjekt å sjå at fleire kvinner søkjer seg til desse yrka, seier Naustdal.


Nautikkutdanninga ved HVL, campus Haugesund er særs populær. Foto: HVL/Falkeblikk

Deltid og nettstudiar er i vinden

Innanfor nettbaserte studiar opplever HVL ei stor auke. Årsstudium i sosiologi og samfunnsfag ved campus Sogndal er lagt om til nett og har ein formidabel vekst.

Årsstudium sosiologi er det studiet det er aller vanskelegast å kome inn på med ei poenggrense på 57.

Også bachelor i sosiologi og årsstudium i engelsk ved campus Sogndal er nettbasert frå i år, og her viser opptakstala og ei auke.

Deltidsutdanningar innan helse- og sosialfag rekrutterer og godt. Vernepleie deltid, både i Haugesund og i Sogndal, er populært. Det same gjeld det breie tilbodet av
masterutdanningar.

— Trenden dei siste åra er meir fleksible utdanningar slik at ein kan kombinere studiar med jobb og familieliv. Dei gode opptakstala viser at det har vore ei rett prioritering å opprette desse deltidsutdanningane. Det er også tydeleg at mange ynskjer å studere på nett, og dei digitale tilboda våre treff godt, seier Naustdal.


Faktaboks

• 6592 personar har fått tilbod om studieplass ved HVL til hausten gjennom Samordna opptak. Det er 539 fleire enn i fjor.
• Bachelorutdanningane i økonomi og administrasjon, vernepleie, fysioterapi, sjukepleie og sosialt arbeid ved campus Bergen er i år dei mest populære studia ved Høgskulen på Vestlandet.
• HVL er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet, med om lag 16.000 studentar og 1900 tilsette. Kvart år uteksaminerer høgskulen 3000 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver.
• HVL har fem campusar på Vestlandet: Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
• I juni 2024 sendte Høgskulen på Vestlandet inn sin søknad til NOKUT om å bli Universitetet på Vestlandet – eit universitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Vil du vite meir om korleis det er å studere ved HVL? Les våre studenthistorier.