Etterlatne som rusar seg er ekstra utsett
Ein ny studie viser at etterlatne som bruker narkotika, i svært liten grad blir følgt opp av hjelpeapparatet dersom ein av deira nærmaste dør i eit narkotikarelatert dødsfall. Dersom dei fekk hjelp, var det i stor grad knytt til rusmiddelbruken, og ikkje til sorga dei opplevde.
- Det handlet ikke om meg og at jeg fant ham død. […] Og selv da jeg kom i behandling, handlet det om ‘nå skal du være rusfri’. For meg så var det det som var tingen. Jeg har funnet kjæresten min død. Jeg har lyst til å snakke om det, men så var folk var mer opptatt av ‘men du har ruset deg, vi må passe på at du ikke ruser deg igjen.
Det seier ein av informantane i forskingsprosjektet END – Etterlatte ved narkotikarelatert død.
Forskarane har intervjua 13 personar som bruker illegale rusmiddel, og som har mista ein av sine nære i narkotikarelatert dødsfall. Professor i sosialt arbeid og prosjektleiar i END-prosjektet, Lillian Bruland Selseng, fortel at opplevinga til denne informanten langt frå er unik.
- Dei fleste me snakka med fortalte at dei hadde fått lite oppfølging frå hjelpeapparatet knytt til sorga. Når dei fekk hjelp frå fagfolk, var det mest til å redusere rusmiddelbruken og ikkje sorga dei opplevde som følgje av dødsfallet, seier Selseng.
Eit forsømt forskingsområde
Høgskulen på Vestlandet har i fleire år drevet det nasjonale forskingsprosjektet END – Etterlatte ved narkotikarelatert død. Trass i at talet på overdoserelaterte dødsfall er høgt i mange europeiske land, er livssituasjonen til etterlatne forska lite på. I prosjektet ser ein på kva konsekvensar narkotikadødsfall har for nære etterlatne, korleis dei meistrar kvardagen og kva støtte dei får frå hjelpeapparatet.
- Personar som lever eit liv prega av illegal rusmiddelbruk, har ofte nære relasjonar til andre som ruser seg. Dei er difor ekstra utsett, både for å vere vitne til overdosar, og for å miste personar dei er glade i på grunn av narkotikabruk, seier Selseng.
- Rusmiddelbruk er også funne å gi auka risiko for komplisert sorg. Likevel har sorg hos personar som bruker rusmiddel vore eit forsømt forskingsområde, både i rusforsking og i sorgforsking, legg ho til.
Vanskelege å snakke om sorga
I intervjua fortel mange også om at dei er redde og avvisande til å snakke om den vanskelege sorga, både med andre i rusmiljøet og med hjelpeapparatet. Ein informant sa det slik:
- Blant rusavhengige snakker ingen om følelser, du kommer ikke langt med følelser i rusmiljøet. Du blir en hard versjon av deg selv. Du vet, det er en kamp, alle sliter med sitt, alle prøver å ruse seg så langt bort fra følelsene sine som mulig. Så å diskutere følelser, det skjer ikke. Ingen er interessert i det, alle vil føle så lite som mulig. Så det er en ensom reise selv om mange er sammen.
At mange etterlatne ved narkotikadødsfall opplever forlenga sorg, og at sorga er forbundet med stigma, er godt dokumentert gjennom fleire forskingsartiklar i END-prosjektet. Les meir om det her, Stigma får konsekvenser for etterlatte ved narkotikadødsfall – flere opplever forlenget sorg - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).
Behov for kunnskap hos fagfolk
Forskarane bak denne studien meiner at fagfolk, særleg i rusfeltet og i psykososiale kriseteam, må få meir kunnskap om risikoen for komplisert sorg etter eit narkotikarelatert død, og om korleis etterlatne som bruker rusmiddel kan få god hjelp.
- Ein viktig føresetnad for god hjelp er at dei profesjonelle lyttar til kva den etterlatne treng. Etterlatne som bruker rusmiddel kan auke sin eigenomsorg ved å anerkjenne sorga etter å ha mista ein nære, og ved å vere open til nettverk og profesjonelle om kva for hjelp og støtte dei treng, seier Selseng.
Les heile forskingsartikkelen her: Help and support for bereaved persons who use drugs: a qualitative study
I ein anna studie, som og tar føre seg etterlatne som sjølv brukar rusmiddel, undersøker forskarane korleis personar som brukte narkotika snakka om forhaldet mellom deira narkotikabruk og sorga som følger med det å miste ein nær ven eller partnar. Meir om det kan du lese her Grieving a Drug-Related Death in the Context of One's Own Drug Use: An Exploratory Study.