Her er prisvinnarane

I dag vart utdanningskvalitetsprisen, språkprisen og forskings- og utviklingsprisen for 2023 delt ut ved HVL.

HVL sin språkpris er oppretta for å stimulere og gi anerkjenning til fagmiljø eller enkeltpersonar ved HVL som har gjort ein systematisk innsats for å jobbe med formidling og norsk fagspråk. Det var 14 nominerte kandidatar til prisen. 

Årets pris går til professor Morten Hammerborg, ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag.  

Han er professor i historie, og har utmerka seg i det offentlege ordskiftet gjennom bøkene "Bergenseren – en historisk analyse", “Byen som gikk i land: Haugesund bys historie etter 1950” og “Veien til Haukeland”. I tillegg er han ein aktiv formidlar gjennom ei rekke podcastar, eiga spalte i Bergens Tidende, og som ein aktiv foredragshaldar og debattant. 

Komplekse bodskap på ein tydeleg måte

– Hammerborg er aktiv på mange arenaer og representerer HVL på ein framifrå måte. Som historieforteljar har han ei eiga evne til å få fram komplekse bodskap på ein tydeleg og interessevekkande måte – og som oftast med eit glimt i auga, uttalte Geir Kåre Resaland, prorektor for regional utvikling ved HVL.  

Juryen meinar at Hammerborg gjennom eit godt og presist språk skapar engasjement for både regionens historie og viktige regionalpolitiske spørsmål i notida. Med sitt nye prosjekt om vestlendingen tek årets språkprisprisvinnar steget vidare og bringar fram nye og spennande innsikter kring vestlandsidentiteten, skriv dei. 

Den offentlege samtalen treng fagekspertar

Hammerborg uttrykte stor takksemd for prisen.

– Eg er sjølvsagt glad for å få ei slik utmerking, men dersom eg skal forsøke å sjå utover meg sjølv, så er eg særleg glad for at denne prisen kan sjåast på som eit handslag til alle ved HVL som vil bruke si faglegheit i offentlegheita. 

Hammerborg påpeika at HVL som høgskule, og komande universitet har eit samfunnsoppdrag som strekker seg utanfor våre eigne veggar. 

– Vi er hundrevis på hundrevis med fagekspertar som har kunnskap som den offentlege samtalen treng. Eit demokrati er heilt avhengig av ein open og opplyst samtale, og den samtalen treng fagkunnskap og fagmenneske. Mitt håp er at HVL skal evne å prege det offentlege ordskiftet i enda større grad, særleg på Vestlandet, uttalte Hammerborg. 

Eit vestlandsk ordskifte

Professoren påpeika at det knapt fins fellesarenaer der denne landsdelen sine utfordringar og molegheiter vert drøfta. Aviser i Bergen, Stavanger, Haugesund og Førde snakkar ikkje sammen. Og i den grad vestlendinger møtast til debatt og samtale på tvers, er det via såkalla riksmedia i Oslo. 

– Vi bør altså snakke saman på Vestlandet. Og HVL er i ein unik posisjon til å kunne bidra, i det at vi er til stades over det aller meste av Vestlandet. Vi kan altså til saman bidra til eit vestlandsk ordskifte.

Får studentane til å kjenne seg sett og verdsett 

Utdanningskvalitetsprisen blei også delt ut denne ettermiddagen. Dette er ein årleg pris som vert delt ut til fagmiljø eller enkeltpersonar ved HVL som har gjort ein markant innsats i arbeidet for å utvikle den samla utdanningskvaliteten. I år kom det inn over 200 nominasjonar. 

Årets vinnar av utdanningskvalitetsprisen er professor Ingvil Brugger Budal   
ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking. 

– I juryen si grunngjeving står det mellom anna at det er tydeleg at Ingvil Budal brenn for fagområdet sitt. Studentane sine nominasjonar syner at ho greier å bruke sin fagkunnskap og gode pedagogiske evner til å skape eitt framifrå læringsmiljø med studentane sine, uttalte Anne-Grethe Naustdal, prorektor for utdanning ved HVL.  

Hennar undervisningspraksis har ei tilnærming til forsking, forskingsbasert undervisning og høgare utdanning som fullt ut imøtekjem dei ambisjonane UH-sektoren har for alle våre undervisarar.  

I studentane sine nominasjonar trekkjer dei fram korleis Budal får dei til å kjenne seg sett og verdsett. Det går fram at ho legg ned ein sterk innsats for å sikre studentane god undervisning og rettleiing.   

Smittande fagleg engasjement 

Studentane trekkjer også fram korleis Budal har vekka interesse blant studentane for språk og språkdidaktikk. Studentane skryt også av god rettleiing og «treffetid» på kontoret, kor dei kan komme innom og få ein fagleg prat. Budal er også dyktig til å inkludere studentane i sitt kontinuerlege arbeid med å styrke utdanningskvaliteten, og lærarstudentane får erfare i praksis i undervisninga korleis lærar og elevar saman kan forme og drive fram undervisningsaktivitetane.  

Når studentane i tillegg beskriv læraren sin som alltid imøtekomande og tilgjengeleg, fagleg dyktig og med eitt særs smittande fagleg engasjement, trer det fram ein sterk vinnar av utdanningskvalitetsprisen ved HVL 2023.   

– Eg er så fryktelig glad i faget mitt, i folk og studentane. Eg elskar å forske, å undervise og formidle, og å skrive lærebøker som eg håpar treff studentane mine akkurat der dei er. Slik at dei skal bli trygge, modige og kunnskapsrike lærarar, sa ein rørt prisvinnar. 

– Eg likar så godt å høyre korleis studentane tenker. Og eg trur at tydelege rammer og krav gjev trygge studentar i undervisninga, i arbeidskrav og i vurderingssituasjonar. Studentar som meistrar, tileignar seg kunnskap, dreg linjer, og klarer å formidle,  gjer meg latterleg lykkeleg, og somme tider litt tårevåt. 

Tverrfagleg og praksisnær forsking av høg kvalitet   

Under ettermiddagens prisutdeling, blei det også klart kven som får HVL sin forskings- og utviklingspris for 2023. FoU-prisen skal stimulere til å vidareutvikle kvaliteten på forskinga, auka ekstern finansiering og internasjonal anerkjenning. Det blei nominert 11 kandidatar til årets pris. 

Det var fleire særs sterke kandidatar til prisen, og alle er sentrale bidragsytarar på sitt felt. På grunnlag av ei heilskapleg vurdering, avgjorde FI-utvalet at FoU-prisen går til Tjenesteforsk - Sammenlignende tjenesteforskning. Forskargruppa blir leia av Anette Fagertun, professor ved Senter for Omsorgsforskning Vest ved Fakultet for helse og sosialvitenskap.

Gruppa forskar på helse-, omsorg- og velferdstenester i eit samanliknande perspektiv og på dynamikkar på tvers av sektorar, nivå, kommunar og landegrenser.
 

Intern miljøbyggar og ekstern formidlar 

I grunngjevinga la FI-utvalet vekt på at forskargruppa er ein pådrivar for å styrke det regionale samspelet mellom forsking og praksis. Dei samarbeider tett med fleire kommunar og bidreg til at forskingsresultat blir ført tilbake til praksisfeltet. På denne måten utviklar dei nye idéar til forsking.   

Tenesteforsk har eit tett samspel med sterke nasjonale og internasjonale forskarnettverk, og har fått store tilslag på ekstern finansiering. Dette gjer at dei løftar HVL sin kapasitet til å drive forsking med stor samfunnsrelevans og nytteverdi innan helsefeltet.  

Forskargruppa får også skryt for sin innsats som intern miljøbyggar ved HVL, mellom anna gjennom forskingsseminar og emneleiing i to av HVL sine ph.d.-program.  I tillegg har dei prioritert formidling av fag- og forskingsfeltet sitt til ålmenta og er aktive i debattar og med innlegg i aviser, radio og TV.   

– Årets prismottakar bidreg sterkt til HVL sin strategi og målet om å bli eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet. På ein framifrå måte utviklar gruppa forskingsbasert kunnskap som samfunnet treng, og styrkar samtidig HVL si regionale, nasjonale og internasjonale rolle, uttalte Geir Kåre Resaland under utdelinga.