Fekk prisar for sitt engasjement innan klima, politikk, inkludering og engasjerande undervisning
Fire tilsette ved Høgskulen på Vestlandet vart heidra for sitt arbeid innan utdanning, forsking, språk og inkludering.
Årleg løftar Høgskulen på Vestlandet fram tilsette som har gjort ein særleg innsats på ulike viktige område.
Med denne prisutdelinga ønskjer vi både å lære og å ære.
- Vi viser vinnarane vår respekt, samstundes som vi ønskjer å lære av det arbeidet som er gjort, sa rektor under utdelinga.
Ein av prisane som blei delt ut i dag var utdanningskvalitetsprisen. Denne prisen går til nokon ved HVL som har gjort ein markant innsats i arbeidet for å utvikle den samla utdanningskvaliteten.
Årets vinnar er høgskulelektor ved barnehagelærarutdanninga på Stord, Maritha Berger Nylund.
Eit engasjement som smittar
Vinnaren av årets utdanningskvalitetspris har fått nominasjonar både frå tilsette og studentar. I grunngjevinga frå studentane står det mellom anna:
Maritha er eit fyrverkeri og har ein entusiasme for faget som smittar over på studentane.
Maritha hører på studentene sine tilbakemeldinger, og justerer undervisninger deretter. Vil studentene ha undervisning ute? Da sier Maritha "ja!".
I grunngjevinga frå tilsette kjem det fram at Maritha Berger Nylund gjennom dei siste åra har vore avgjerande for at barnehagelærarutdanninga på Stord har fått så gode resultat på Studiebarometeret. Dette handlar mellom anna om det systematiske arbeidet med utdanninga, og særskilt førsteåret på Stord. Her har ho hatt eit sentralt ansvar som profesjonsrettleiar og emneansvarleg.
Prisvinnaren var veldig glad for prisen. Under sin tale takka ho både studentane, kollegane og praksisfeltet.
- Takk for at dykk både er med og kastar papirfly og leikar, men også stiller spørsmål og stiller krav, sa ho til studentane sine.
Kjønn, inkludering, mangfald og berekraft i klasserommet
Under ettermiddagens prisutdeling vart også prisen for likestilling, mangfald og inkludering delt ut. I alt kom det inn seks nominasjonar og rådet påpeikar at alle dei nominerte var særs gode kandidatar.
Rådet for likestilling, mangfald og inkludering samla seg om professor Vibeke Vågenes som vinnar med følgjande grunngjeving:
Både studentar og tilsette har nominert Vibeke Vågenes. Nominasjonane trekker spesielt fram at Vågenes sitt arbeid har bevisstgjort mange lærarstudentar om betydninga av faktorar som kjønn, inkludering, mangfald og berekraft i undervisning.
Vågenes har forska på korleis auka kompetanse hos lærarar i Tanzania kan hindre fråfall av tanzanianske barn med synsutfordringar. Ho har også forska på korleis haldningar og praktiske utfordringar til menstruasjon fører til skolefråfall.
Gjennom si forsking, utvikling av undervisningstilbod og sitt store engasjement har arbeidet hennar hatt betydning på både individ- og samfunnsnivå. Det er rådet sitt ønske at arbeidet til Vågenes vil vere til inspirasjon for tilsette og studentar ved HVL, og slik bidra til vidare innsats for auka mangfald og likestilling.
Vågenes var særs glad, men også litt overraska over prisen ho fekk tildelt i dag. Gjennom ei videohelsing frå Tanzania fortalte ho om kor viktig det er å ta studentane med på opphald i utlandet.
- Eit viktig mål er at studentane skal legge frå seg etablerte forståingar. Mange kjem til Tanzania med eit hjelpeperspektiv, men det ei opplever når dei kjem hit er med på å endre dei, fortalte ho.
Gjer kompleks amerikansk politikk tilgjengeleg for alle
Vinnaren av HVL sin språkpris er nok den mest kjende i det offentlege ordskiftet av våre tilsette i 2024.
HVL sin språkpris er oppretta for å stimulere og gi anerkjenning til fagmiljø eller enkeltpersonar ved HVL som har gjort ein systematisk innsats for å jobbe med formidling og norsk fagspråk.
Prisvinnar professor Hilmar Mjelde har over fleire år forska, undervist og formidla kunnskap om demokrati, politikk og særleg prosessane kring presidentvalet i USA. Han jobbar ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, ved HVL, campus Bergen.
Det siste året har Mjelde vore aktiv i store riksmedium, på radio, på tv og i aviser, men også rundt om i heile landet på alt frå senioruniversitet, studentsamfunn, i klasserom og næringsforeiningar til litteraturhus, festivalar og større arrangement.
Med ei sterk og engasjerande fagkunne og gjennom eit medvete, tydeleg og presist språk, gjer han komplekse bodskap tilgjengeleg for alle.
I ei tid kor falske nyhende er ein trussel mot demokrati og det offentlege ordskiftet, har årets prisvinnar også her gjort ein vesentleg skilnad.
- Sist gong eg fekk ein pris må kanskje ha vore i 2. klasse då eg kom først på 60 meter, spøka Mjelde.
- Eg er veldig heldig som får lov til å jobbe ved HVL, og eg er omgitt av kjekke og flinke folk som eg heile tida lærer mykje av. Det er utruleg fint å få ei slik utmerking. Dette viser tydeleg at HVL verdsett formidling utad.
Forsking på energi, klimaspørsmål og berekraftig utvikling
Under ettermiddagens prisutdeling, blei det også klart kven som får HVL sin forskings- og utviklingspris for 2024. FoU-prisen skal stimulere til å vidareutvikle kvaliteten på forskinga, auka ekstern finansiering og internasjonal anerkjenning.
Ni personar var nominert til denne prisen. Her var det sterke kandidatar som kvar enkelt er viktige bidragsytarar innan sine felt. På grunnlag av ei heilskapleg vurdering avgjorde komitéen at FoU-prisen går til professor Valeria Jana Schwanitz.
Ho jobbar ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved HVL, campus Sogndal. Hennar forskingsfelt er forbrukaråtferd, energiøkonomi og energisystem, med særskilt vekt på klimaspørsmål og berekraftig utvikling.
Forskinga er tett knytt til HVL sine strategiske mål om berekraftig samfunnsutvikling, tverrfagleg forsking og gjennomslag i samfunns- og arbeidslivet.
I grunngjevinga la FI-utvalet vekt på at Schwanitz har publikasjonar av høg kvalitet i anerkjende tidsskrift og har utmerka seg med tilslag på ei rekkje eksternfinansierte prosjekt, særskilt innan EU sine program.
Schwanitz har eit stort internasjonalt nettverk samstundes som ho samarbeider tett med nasjonale og regionale aktørar. Forskinga hennar bidreg til politikkutforming, samfunnskontakt er godt integrert og ho syner ein førebiletleg nærheit mellom forsking og innbyggarar og samfunn.
- Eg er særs takksam for prisen, men dette er ikkje berre ein pris til meg. Det er også ein pris til mine kollegaer og leiarar, og til andre forskarar som har gått før meg.