Prorektor går inn i ny jobb

Gro Anita Fonnes Flaten har sagt opp åremålsstillinga si som prorektor for forsking i HVL. Ho har takka ja til ei leiarstilling i privat næringsliv.

Det er firmaet Rådgivende biologer i Bergen som har tilsett Fonnes Flaten som ny dagleg leiar.

- Eit høve som baud seg

Gro Anita Fonnes Flaten seier at jobben som dagleg leiar var ei spennande stilling som dukka opp.

- Eg har hatt fine år i HVL og åra har gitt meg mange fine moglegheiter. Eg er stolt av det me har fått til saman. 

- Når dette høvet baud seg, kjente eg at det var riktig for meg. Eg får no høve til å arbeide tett på fagfeltet mitt og gå inn i næringslivet.

Til sommaren er det to år att av åremålet for prorektor for forsking. Oppseiingstida hennar i HVL er tre månader. Det betyr at Fonnes Flaten arbeider i høgskulen til og med utgangen av mai månad.

Rektor ønskjer lukke til

Rektor Gunnar Yttri fortel at ein vil bruka tida framover for å sjå korleis ein tek arbeidet vidare. 

- Først vil eg ønskje Gro Anita lukka til i ny jobb. Så må me vurdere nokre tiltak i HVL frametter. 

- På den eine sida må samarbeidet med Gro Anita, fram til ho avsluttar, legga grunnlaget for at hennar viktige ansvarsområde kan utviklast vidare på beste vis i HVL. 

- På den andre sida må me finna fram til meir varige løysingar, og det skal skje i ei tid med omstillingar i HVL.