Rekordstor interesse for helse- og sosialfag ved HVL

Sjukepleiarutdanninga er meir populær enn nokon gong og har lange ventelister, medan fysioterapiutdanninga har høgast poenggrense og er det studiet som er vanskelegast å koma inn på. Det viser årets opptakstal ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

– Mange får tilbod om studieplass hos oss og vi gler oss til å ta i mot fleire tusen nye studentar ved HVL i august. Vi skal gjere vårt beste for å gi alle ein fin studiestart og ei god studietid hos oss, seier prorektor for utdanning, Bjørg Kristin Selvik, ved HVL.

Ho fortel at helse- og sosialfaga og dei økonomisk-administrative faga er dei aller mest populære ved HVL i år.

– Aldri før har så mange konkurrert om ein studieplass ved sjukepleiarstudiet, seier Selvik. Ho trur koronakrisa har ført til auka interesse for å studere helsefag.

– Sjukepleie har alltid vore ettertrakta ved HVL, men i år har det eksplodert. Vi fekk ekstra studieplassar av regjeringa i vår, og har gitt fleire tilbod. Likevel er interessa så stor at vi har ingen ledige studieplassar her eller ved nokre av dei andre helse- og sosialfagutdanningane våre, seier Selvik.

Topp ti i landet

Sjukepleie i Bergen ligg på 9. plass i landet på mest søkte studium, og har i år 1525 personar på venteliste. I fjor var det 806 søkarar på ventelista. Også ved dei andre campusane ved HVL som tilbyr helse- og sosialfag, står hundrevis på venteliste.

Dei økonomisk-administrative faga har òg ventelister både i Sogndal, Bergen og Haugesund.

– Desse faga har opplevd auka tilstrøyming dei siste åra. Det er kjekt.

Det er også helse- og sosialfaga som har høgaste poenggrenser. Fysioterapi ligg på topp også i år, medan bioingeniør, sosialt arbeid, sjukepleie og vernepleie ligg like etter. I Bergen har poenggrensa på sjukepleie auka frå 50,8 til 53,4 poeng i ordinær kvote, og i Førde har det hoppa 1,5 poeng.

– Fysioterapi er det desidert vanskelegaste studiet å kome inn på. Her er konkurransen stor, og i år ligg poenggrensa på 56,3 i ordinær kvote, seier Selvik.

Sjølv om interessa for sjukepleiarutdanninga har skutt i vêret, så har ikkje delen menn som har søkt auka. I år er det litt færre menn som får tilbod om plass.

– Vi skulle gjerne sett betre kjønnsbalanse, og håpar fleire menn søker framover.

Fleire menn til barnehageutdanning

Men på barnehagelærarutdanninga er situasjonen ein annan. Her har 203 menn fått tilbod om studieplass denne hausten, mot 148 i fjor. Også ved barnevern får fleire menn tilbod om studieplass i år. Her er auken på heile sju prosent.

– Vi ser også at det er fleire menn som ønsker å bli lærar for dei minste borna i skulen. Satsinga på å få fleire menn inn i læraryrket er viktig. Her ønsker vi i HVL å føre an, noko Kunnskapsdepartementet har gitt oss i oppdrag, seier Selvik.

Færre vil bli ingeniør og lærar 

Sjølv om HVL har rekordmange søkarar i 2020 og god konkurranse om studieplassane på fleire utdanningar, er det nokre utdanningsområde som skulle hatt fleire studentar.

– Vi skulle gjerne sett at fleire søkte seg til lærarutdanningane. Kommunane treng mange tusen dyktige lærarar i åra som kjem, så her må vi saman jobbe for å få fleire til å velje dette spennande yrket, seier Selvik, som også ser nokre positive teikn i søkarmassen.

– HVL har ein mindre nedgang enn resten av landet på grunnskulelærarutdanning 1.-7 trinn. Spesielt gjeld dette i Sogndal og på Stord, seier prorektoren.

Også for ingeniørfaga er søkartala noko blanda.

– Søkartal går som kjend i bølger og følger ofte konjunkturane i samfunnet. Nokre av ingeniørutdanningane har bra med søkarar, men i det store og heile så skulle vi ønskt oss fleire søkarar.

– No står vi midt i ei spennande tid prega av berekraft, innovativ teknologi og det grøne skiftet, og framover vil det vere behov for god arbeidskraft innan dette. Dette er ei utvikling som HVL gjerne vil ta del i, og vi håpar derfor at fleire vel å studere ingeniør hos oss.

Internasjonale mastergradar populære

I tillegg til det samordna opptaket har HVL eit stort lokalt opptak. Det er i år tre nye mastergradar som alle er populære. Dei tre er Business, Marketing and Innovation og Samhandling og folkehelse, i tillegg til den internasjonale Master in Healthy Ageing and Rehabilitation.

HVL har fire internasjonale mastergradar som rekrutterer studentar frå heile verda. 208 har takka ja til tilbod om studieplass ved desse engelskspråklege utdanningane. Første semester no i haust går digitalt, slik at alle kan delta.

– Internasjonale utdanningar er ein viktig del av vår satsing og passar godt inn i ambisjonen vår om å bli eit arbeidslivsretta universitet i 2023, seier Selvik.

Ledige studieplassar

HVL har lyst ut 104 utdanningar via Samordna opptak i år. Det er sju fleire enn i fjor.
Totalt får 6936 søkarar tilbod om studieplass ved HVL i hovudopptaket for Samordna opptak, og alle campusane opplever ein vekst i år. Størst vekst har Bergen og Sogndal.

– Det er framleis mogleg å bli student hos oss. Du kan søke på ledige studieplassar og enkeltemne på hvl.no og via Samordna opptak sine sider, seier Selvik.

 

Topp 10 høgaste poenggrenser ved HVL 2020

1.      Fysioterapi, Bergen (56,3)

2.      Bioingeniør, Bergen (53,9)

3.      Sosialt arbeid, Bergen (53,6)

4.      Sjukepleie Bergen (53,4)

5.      Vernepleie, Bergen (51,3)

6.      Faglærar kroppsøving og idrettsfag, Bergen (51,2)

7.      Historie årsstudium, nettbasert, Sogndal (51,2)

8.      Grunnskulelærar 5-10. trinn, matematikk, Bergen (50,9)

9.      Radiografi, Bergen (49,4)

10.  Ergoterapi, Informasjonsteknologi og GLU 5-10 samfunnsfag – Bergen (49,2)

 

Topp 10 ventelister ved HVL 2020

1. Sykepleie Bergen (1525)

2. Fysioterapi Bergen (1289)

3. Økonomi og administrasjon, Bergen (1013)

4. Sosialt arbeid, Bergen (1003)

5. Vernepleie, Bergen (878)

6. Vernepleie, Sogndal (476)

7. Radiografi, Bergen (472)

8. Ergoterapi, Bergen (447)

9. Sosialt arbeid, Sogndal (403)

10. Barnevern, Sogndal (397)

 

 

Kontaktperson

Bjørg Kristin Selvik

Prorektor for utdanning, Høgskulen på Vestlandet

E-post: bjorg.kristin.selvik@hvl.no

Mobil: +47 915 83 744

Pressebilde finn du her.