Gunnar Yttri tilsett i ny åremålsperiode som rektor

Gunnar Yttri blir rektor i fire nye år ved Høgskulen på Vestlandet. Det vedtok høgskulestyret måndag 24. juni.

— Vi er svært nøgd med tilsetjinga av Gunnar Yttri i eit nytt åremål som rektor ved Høgskulen på Vestlandet. Det gir kontinuitet og ei tydeleg linje framover i ei viktig og avgjerande tid for høgskulen, seier styreleiar Arvid Hallén i HVL.

Den nye rektoråremålet gjeld i fire år frå 1. januar 2025.

Hallén fortel at planen var å ha rektorstilsettinga som sak i haustens første styremøte i september.

— Undervegs i arbeidet denne våren blei det naturleg å ha tilsettinga før.

Internasjonalt orientert med solid forankring i regionen

Å utvikle det nye universitetet på Vestlandet innanfor vesentleg endra rammer og vilkår blir ei sentral utfordring for rektor og leiargruppa, meiner Hallén.

— Heile universitets- og høgskulesektoren står i krevjande arbeid med omstilling og tilpassing til nye tider. Men hovudoppgåva er framleis å utvikle HVL som ein sterk utdannings- og forskingsinstitusjon som er internasjonalt orientert og med solid forankring i regionen. Styret er trygge på at vi vil klare det med Yttri som rektor og toppleiar i åra som står framfor.

Rektor Gunnar Yttri vart tilsett som rektor i Høgskulen på Vestlandet i september 2020. Det første åremålet hans som rektor gjeld i perioden 1.1.2021-31.12.2024. No blir det fire ny år i rektorstillinga.    

Viktig at universitetet lukkast

— Eg er glad for at styret viser meg tillit og har tilsett meg i eit nytt åremål som rektor. Eg har stor motivasjon for arbeidet og vil gjera mitt for at høgskulen og det nye universitetet vårt utviklar og styrkar seg i tråd med dei mål og ambisjonar som strategien legg til grunn. Å arbeide som rektor er svært meiningsfylt og eg gler meg til framhaldet.

Han seier at å vere øvste leiar for ein fleircampus-institusjon i omskiftelege tider krev ikkje berre tydleg leiing, men også eit leiarskap som legg aktivt til rette for og forløyser store menneskelege ressursar.

— Med grunnlag i dyktige tilsette i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord, vil ambisjonane for utdanning og forsking og vår innverknad i samfunnet vere høge. Det er viktig for folk og samfunn at vårt profesjons- og arbeidslivsretta universitet lukkast.

— Vår kunnskapsutvikling har stor betydning for vitale samfunnsområde, og det er ei kunnskapsutvikling som skjer i god samhandling med arbeids- og samfunnsliv.