– Vi må opne opp for å vere meir eksperimenterande
Forsking på innovasjon spelar ei avgjerande rolle når ein skal møte samfunnet sine utfordringar på ein berekraftig måte. Ved HVL er doktorgradsprogrammet innan ansvarleg innovasjon og regional utvikling avgjerande for utviklinga av institusjonen.
Dagens samfunn er full av komplekse problemstillingar, anten det handlar om korleis vi skal skape nye grøne og konkurransedyktige arbeidsplassar, eller om korleis ein kan auke kvaliteten i offentleg sektor.
Ph.d.-kandidatane i HVL sitt doktorgradsprogram RESINNREG, kjem frå tre ulike fakultet, og gjer med dette tverrfaglegheit til eit nøkkelord i programmet.
– Vi kan ikkje jobbe kvar for oss. Dei komplekse problemstillingane krev at vi jobbar tverrfagleg, seier professor og fagleg leiar for ph.d.-programmet Jill Merethe Loga.
Grøn omstilling, borgarinvolvering og kunstnardrivne initiativ
Grøn omstilling i reiselivsnæringa, regional utvikling i lakseoppdrettsnæringa, borgarinvolvering i offentlege tenester og utvikling av kunstnardrivne initiativ på bygda, er nokre eksempel på kva ph.d.-kandidatane forskar på. Og målet for programmet framover er enda tettare sambandslinjer mellom helse, økonomi, naturvitskap og samfunnsvitskap.
– Til no har til saman 35 kandidatar blitt tatt opp i doktorgradsprogrammet. To har disputert, og innan sommaren forventar vi to nye innleverte avhandlingar som skal til bedømming, seier Loga.
PhD-stipendiatane Susanne Eriksen og Anne Sofie Handal Bjelland tok på seg oppgåva med å undersøke blant dei 35 Resinnreg-stipendiatane korleis ein på ulike måter kan praktisere anvendte-, og eventuelt også eksperimenterande, dimensjonar i et ph.d.-prosjekt innan ansvarleg innovasjon og regional utvikling. Saman med Mohammed Nazar laga dei ein video med nokre av svara dei fann.
Slik jobbar ph.d.-kandidatane med deling av forskinga
Aktive bidragsytarar i samfunnet
Professor Lars Coenen er leiar av programutvalet ved doktorgradsprogrammet. Han er opptatt av at RESINNREG, i tillegg til den tverrfaglege dimensjonen, også skal opne opp for det eksperimenterande.
– Gjennom programmet skal ein undersøke, utvikle og reflektere over forskingsbaserte løysingar på problemstillingar i samfunnet. Den anvendte delen av dette der stipendiatane både er forventa å ta del i forskingsfronten innan sitt felt, men også vere aktive bidragsytarar i samfunnet, seier Coenen.
Kontekst er viktig
Vi står overfor ei omfattande omstilling i store delar av næringslivet på Vestlandet dei komande åra. Samtidig står også offentleg sektor overfor utfordringar som krev nye løysingar.
– Sjølv om desse utfordringane kan vere like i ulike regionar og land, vil dei også ofte måtte handterast ulikt. Tilhøva i storbyen er annleis enn på bygda. Det er også skilnader mellom det vi kallar det globale nord og det globale sør. I mange av RESINNREG sine ph.d.-prosjekt er konteksten og samhandlinga for endringsprosessar av stor interesse, seier han.
Innovasjon er midt i kjernen av vår profil
Leiar for universitetsprosjektet, Dag Stenvoll, set stor pris på utviklinga av doktorgradsprogrammet og den sentrale rolla det har for Høgskulen på Vestlandet og det komande universitetet.
– Med sitt fokus på regional utvikling gjennom innovasjon i privat og offentleg sektor, er dette programmet midt i kjernen av vår profil. Ph.d.-programmet svarer også veldig til HVL sine nye strategi som vektlegg at ansvarleg innovasjon skal prege samhandlinga vår med samfunns- og arbeidslivet, seier Stenvoll.
Aktuelle lenker
- Strategiske ambisjonar og overordna mål (HVL sin strategi for 2023-2030)
- PhD programme in Responsible Innovation and Regional Development
- Nora Geirsdotter Bækkelund: Rural næringsutvikling og rolla til enkeltpersonar og grupper
- Ridvan Cinar er den første til å disputere ved HVLs nyeste doktorgradsprogram