Satsar på entreprenørskap og innovasjon
Høgskulen på Vestlandet har fått EU-støtte til å delta på eit prosjekt som har som mål å skape grobotn for nyskaping.
-Vi ønsker å gi våre studentar kunnskapen og verktøya dei treng for å utvikle framtidas samfunn og bidra til globale løysingar. For å greie dette må vi legge enda meir vekt på innovasjon i helse og sosialfaga og i utdanningane våre, noko deltaking i dette prosjektet gir oss større moglegheit til det, seier prodekan for samhandling Monica Wammen Nortvedt.
I lag med Øyvind Midtbø Berge, prodekan for regional utvikling, leiar ho det EU-støtta INTREPID-HEI-prosjektet. I løpet av de to åra prosjektet varer skal HVL i samarbeid med seks andre europeiske universitet og partnerar frå næringsliv og offentleg forvaltning, bygge kapasitet for innovasjon og lære av kvarandre. Prosjektet inngår som ein del av EIT og er ein integrert del av EU sitt rammeprogram for forsking og innovasjon.
Styrkar samspelet ved HVL
— At vi no har fått EU-finansiering til å utvikle innovasjonsarbeidet ved HVL er veldig spennande - ikkje minst fordi vi i dette prosjektet setter saman eit team på tvers av fakultet og campus og trekk inn fagpersonar frå både vitskapleg og administrativ linje, forklarar Midtbø Berge.
Fakultet for ingeniør- og naturfag, Fakultet for helse- og sosialfag, Fakultet for økonomi- og samfunnsfag, HVL-Skape og Avdeling for forskning, internasjonalisering og innovasjon er involvert i prosjektet fra HVL sin side. Fagansvarleg for forskingsbasert innovasjon, Terje Gravdal, har tru på at deltakinga i prosjektet vil føre med seg mykje bra.
— Dette gir oss rom til å styrke oss på innovasjon og entreprenørskap både for studentar og tilsette. Gjennom prosjektet vil vi blant anna dele erfaringar med Program for ideutvikling, og jobbe for å vidareutvikle og styrke programmet fram mot den neste utlysinga i 2023.
Skapar nye forbindelsar
I tillegg til samarbeid på tvers i HVL legg prosjektet og til rette for samarbeid med andre utdanningsinstitusjonar i Europa.
— Fleire av partnarane som vi skal samarbeide med har vi gode relasjonar til frå tidlegare, blant anna gjennom European Universities-alliansen. Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap er allereie i gang med eit prosjekt innanfor berekraftig entreprenørskap og turisme der vi samarbeider med Odvidius Universitet i Romaniav. Dette blir eit høve til å styrke disse banda og skape nye forbindelsar.
Les meir om samarbeidsprosjektet med Odvidius Universitetet her.