Seglar sin eigen sjø

Line Beate Stenberg (21) og Kenneth Haugland (42) studerer og bur på bøljan blå midt i Haugesund by.

- Det er veldig sutalaust, seier Kenneth. Han er i sitt andre år på nautikkutdanninga og fortel om hybellivet om bord i seglbåten sin. Ein Bavaria 31.

- Å ta denne utdanninga er å realisere ein gammal draum. Dette er mi andre utdanning.

Oppvekst på Fitjar og røter på Austevoll. Han har seglt i Karibia og er frivillig i Redningsselskapet. Klart det måtte bli noko med båt, etter nokre år i medie- og reklamebransjen.

Line frå Sotra er nautikkstudent på første året ved campus Haugesund. Ho har drive med segling og vore på tokt med ein spansk skute. Då det nærma seg studiestart kjøpte ho seg like godt ein Guyline 95.

Line på seglbåt

- Kvifor gjer de dette?
- Eg ønsker å bo i båt. Det gir fridom. Du kan ta deg ein tur når du vil. Så er det også økonomisk bra, seier Kenneth.

Dei same argumenta deler Line.
- Det er herleg å ha sitt eige. Kollektiv er ikkje noko for meg.

Reint praktisk går det meste rundt.
- Me dusjar på skulen og får vaska klede hos venner, seier Line

- Eg har og eit naust kor eg kan ordna med ein del ting. Det meste går fint, fortel Kenneth.

- Vert dei ikkje einsamt og keisamt?
- Neida, me har folk på besøk og er med på mykje i studentlivet. Dette er livskvalitet, meiner Kenneth.

I påska dreg dei i veg med kvar sin seglbåt.
- Me skal ha oss ein tur til Shetland. Turen tek 36 timer, og mannskapet har me rekruttert blant studievennar.


 

 Dei to studentane er engasjerte i studentforeininga MAST (Maritime studentar) på HVL.

- Kvifor valde de nautikk i Haugesund?

- Utdanninga og skulen hadde eit bra rykte. Me er glade for me valde å studere her.