Set prislapp på fleircampusinstitusjonar
Desentralisert utdanning ligg godt til rette i fleircampusinstitusjonar. Men det kostar å ha studiestadar. Ei ekstra tildeling på 15-20 millionar kroner i basis per studiestad må til, skriv HVL i sitt innspel til departementet om korleis finansieringa av høgare utdanning skal sjå ut i framtida.
I høyringsinnspelet som HVL sendte inn til departementet for nokre veker sidan skriv rektor Gunnar Yttri mellom anna:
Vi merkar oss at Hatlen-utvalet ikkje utgreia finansieringa av fleircampusinstitusjonar og meiner dette bør vurderast nærare i innføringa av ny finansieringsmodell. HVL er positiv til at kompetanse og kunnskap skal ha eit regionalt nærver og meiner at den beste måten å få til det på er ei ekstra finansiering på 15-20 millionar kroner per studiestad der institusjonar har langsiktig regionalt nærver.
Slik blir det gitt god tilgang til kompetanse og kunnskap som legg til rette for forskingsbasert innovasjon og verdiskaping gjennom lokale samarbeidsprosjekt. Dette kan verdsettast gjennom ei tilleggsfinansiering i basiskomponenten per studiestad.
Mangelfulle betraktningar
Økonomi og trongare tider er ein høgst aktuell tematikk i samfunnet for tida. Også i universitets- og høgskulesektoren. Eit nytt finansieringssystem med ny innretning er på beddinga i Kunnskapsdepartementet.
Innspelet om kostnader knytt til fleircampusinstitusjonar er eit tema som HVL saman med Universitetet i Sørøst-Norge, Nord universitet og Høgskolen i Innlandet har utarbeidd i lag. Kvartetten kallar seg no for VINST-alliansen.
- Betraktningane som departementet legg til grunn for eit nytt finansieringssystem er stundom mangelfulle. Vi saknar ei grundigare kartlegging som fangar opp heilskapen og ser samanhengar med viktige stortingsmeldingar og anna aktuelt arbeid.
- Denne våren kjem utsynsmeldinga og distriktsmeldinga. SIst veke fekk vi rapporten frå Helsepersonellkommisjonen, og det er også eit arbeid i gong med profesjonsutdanningane. Det nasjonale kompetansebehovsutvalet peikar og på viktige ting.
- Så det hastar med å få ei avklaring for finansiering av fleircampusinstitusjonar, seier rektor Gunnar Yttri.
Open for tilleggssats
Eit anna tydeleg innspel som HVL peiker på er at eit nytt finansieringssystem og må greia ut om nasjonale kompetansebehov skal prioriterast meir.
- Ei slik kopling mellom finansieringskategoriane og kompetansebehov kan finne form som ein tilleggssats, skriv rektor.
I innspelet vert det presisert:
Forslaget er ein heilt ny måte å bruke finansieringssystemet på, ved å gi økonomiske insitament til å snu og omprioritere studietilbodet og å endre eller bygge nye fagmiljø. Med eit framtidsbilde med stabile/reduserte økonomiske rammer, endra kompetansebehov, færre studentar etc. har HVL forståing for forslaget.
Yttri peiker på at forslaget er svært prinsipielt, og vil legge til grunn eit økonomisk tilleggselement til styring gjennom kandidatmålkrav og utviklingsavtale.
HVL meiner nasjonale økonomiske styringsmekanismar vil vera eit viktig bidrag til den omlegginga som institusjonane står føre, utdjupar han.
Vi ser likevel problemstillingar kring praktisering av eit slikt element i finansieringssystemet, som det må søkast å finne gode løysingar for. Eit slikt element må ikkje gjera systemet uforutsigbart, ein må sjå dei lange linene, det vil fort bli diskusjonar kring forståing av kompetansebehov og rekrutteringssituasjon.
Det er viktig å ha med seg at finansieringssystemet ikkje løyser rekrutteringssituasjonen til fleire utdanningar der det er stort kompetansebehov. Ein slik modell kan også bidra til å overdimensjonere studiekapasiteten.
Gjennomstrøyming viktig
Rektor skriv vidare i innspelet at HVL legg til grunn at økonomisk utteljing for gradskandidatar framleis blir ein del av resultatdelen i finansieringssystemet.
Det er viktig at systemet gir økonomiske insentiv til gjennomstrøyming og å gi samfunnet utdanna kandidatar det er behov for. Det er viktig å erkjenne at gradsutdanningar er meir krevjande enn mindre omfattande studietilbod. Kandidatindikatoren er derfor viktig å vidareføre.
Resultatdelen i finansieringssystemet er ein vesentleg del av totalfinansieringa av det eigenfinansierte studietilbodet, og må derfor bygge på prinsipp som er fornuftige i høve til ulike kostnadsnivå ved dette.
Kan lett bli utilsikta
Når det gjeld ein generell tilleggssats for alt som kan definerast som fleksibel utdanning er HVL meir skeptisk.
Rektor skriv:
Dette vil kunne gi ei utilsikta omlegging av studietilboda. Ein tilleggssats må vera målretta. Det er vanskeleg å gje innspel på definisjonar og avgrensingar utan å kjenne den eksakte målsettinga.
Rydde opp i meir
I innspelet til departementet nyttar rektor også høvet til å spele inn andre ting.
- Utgangspunktet vårt er at finansieringssystemet er samansett. Dei tema som departement ber om synspunkt på grip inn i andre delar av systemet. Mellom anna den store ubalansen i basisfinansieringa til institusjonane. Det er ein stor svakheit ved finansieringssystemet som ein no bør rydde opp i.
Like rammevilkår kring stipendiatstillingar
Tal på rekrutteringsstillingar bør og vera ope og tilgjengeleg.
- I statsbudsjettet for 2023 er dette foreslått tatt inn i basistildelinga. I samband med omlegging av finansieringssystemet er det viktig at institusjonane får like rammevilkår knytt til rekrutteringsstillingar. I dag er dette svært ulikt fordelt på institusjonane. Ei utjamning mellom institusjonane bør det leggast til rette for i arbeidet med omlegging av finansieringssystemet, skriv rektor.
Vil endre tilskotsordning
Når det gjeld tilskotsordninga for fleksible og desentraliserte utdanningar som HK-dir administrerer meiner HVL at det er tid for endring.
Midlane knytt til denne ordninga bør bli tilført basis til UH-institusjonane og eventuelt øyremerka denne type utdanningar, står det å lese i innspelet.
Avslutningsvis peiker rektor på at HVL støttar ei forenkling av finansieringssystemet, men det må framleis vera element som ein kan strekkje seg etter og prioritere, for sjølv å påverke eiga inntekt og økonomisk handlingsrom.
- Som ein stor høgskule og eit framtidig profesjons- og arbeidslivretta universitet treng vi eit finansieringssystem som er tydeleg og framtidsretta.
- Det må gi retning, vera føreseieleg og stå seg over tid.