Engasjerte elevar fekk ein smakebit på studentlivet
Professor Dhayalan Velauthapillai er i sitt ess. Elevar frå realfagsklassen på Kongshavn vgs. i Oslo har fare heile vegen til Bergen, blant anna for å høyre han snakke om nanoteknologi. Han har publikum i si hole hand.
Han snakkar om mobiltelefonar. Sjå kor store dei var i 1980! Sjå kor slanke dei er no!
Veit elevane at vanlege datamaskiner er binære og berre kommuniserer med einarar og nullar? No jobbar ein med kvantedatamaskiner, som kan kommunisera utanfor det binære systemet.
– I 2050 kan mobiltelefonane kanskje bli kvantetelefonar! utbryt den engasjerte professoren.
Og elevane er heilt med.
Dei smiler, rekker opp hender, og dei både svarer og spør.

– Korleis kan du plassere mange ladningar på ein elektrode? spør Dhayalan.

– Jo, då må du ha mange overflatar. Då kan du plassere mange ladningar på ein elektrode!

– Når du jobbar med nanomaterial, kan du auke overflatearealet, seier Dhayalan.

– Då skjer kjemiske reaksjonar raskare, og du får mykje meir energi!
Dhayala fortel om energikrisa i verda, som òg vil ramme Noreg. Han fortel om ulikskapen og urettferdet i klimarekneskapen, der dei 50 prosent fattigaste i verda, som står for minst CO2-utslepp, må betale den høgaste prisen i form av naturkatastrofar.
Førsteamanuensis Jonathan Økland Torstensen fortalde om dei mange moglegheitene som ligg i hydrogen som energikjelde.
Etter å ha fått mykje ny kunnskap om nanoteknologi, entrar førsteamanuensis Jonathan Økland Torstensen scenen. Han fortel om moglegheiter og utfordringar ved hydrogenenergi, og han nyttar sjansen til å oppfordra dei engasjerte førsteklassingane til å søka seg til HVL om to års tid.
Elevane får seg altså ein skikkeleg smakebit på studentlivet denne dagen. Dei får oppleve førelesingar i auditoriet, og dei får ei omvisning på campus.
I tillegg får dei vere med på forsøk i toppmoderne laboratorium, der dei får sjå dyktige doktorgradsstipendiatar i aksjon.

Stipendiat Buddhika Karunaratne dekker ei glasplate med måling. Han kan avsløra at målinga blant anna inneheld saft frå bær.

Buddhika held den nymåla plata opp mot sollyset, og ei lita vifte begynner å rotere. Glasplata har blitt ei solcelle, takk vere nanopartiklane i målinga!

Sivagowri Shanmugaratnam er stipendiat ved HVL, og ho forskar blant anna på hydrogen. Her viser ho elevane korleis ein kan laga hydrogen av vatn.

Stipendiat Isacfraklin Melkiur fortel engasjert om ulike måtar å lagra energi. Spesielt interessert er han i superkondensatorar, som på svært kort tid kan ladast opp nok til å gi frå seg straum lenge.
–Det er veldig kult å sjå korleis dei jobbar inne i labbane, seier Emma Iversen (17).
Ho og klassevenninnene Annika Berg Holm (16), Carmen Margrethe Vårin Helle Rystad (16) og Kaja Gudmundsen (16) er førsteklassingar ved Kongshavn vgs. i Oslo, og dei er del av det første kullet på Real8slo, den nye realfagssatsinga til skulen.
Emma Iversen, Annika Berg Holm, Carmen Margrethe Vårin Helle Rystad og Kaja Gudmundsen.
– Eg har aldri tenkt over korleis ein lagar solcellepanel. Det var veldig rart at ein kunne laga det så lite og så fort! seier Carmen Margrethe Vårin.
Også førelesingane tidlegare på dagen fall i smak hos elevane.
– Vi har ikkje så mykje innblikk i førelesingar og korleis det er å studere, men i dag fekk vi vere med på ei førelesing og sjå korleis det er å vere på universitetet. Det var veldig kult det òg, seier Kaia.
Venninnegjengen søkte seg til den særskilte realfagsklassen fordi dei veit at verda treng fleire realistar. Realfagssatsinga, som har fått namnet Real8slo, er skulen sitt forsøk på å snu trenden med søkkande søkartal på realfag.
Kongshavn vgs. er ikkje åleine om å sjå trongen for fleire realistar: EU har som mål at éin av tre studentar skal velje realfag.
At realfag er framtida er Annika ikkje i tvil om.
– Eg vil ha ei framtid innanfor realfag. Eg veit at det er noko som trengst i verda, så for meg var det eit ganske enkelt val å søke meg til denne klassen, seier ho.

Elevane har fått vera med på førelesing, labforsøk og omvising, og dei har ete lunsj i HVL-kantina.

Dei er gode og mette. Men kanskje er dei framleis tørste på meir kunnskap?

Då er dei hjarteleg velkomne tilbake som studentar!