Slik blir nybygget
No er det klart korleis det nye bygget på Kronstad skal sjå ut. Vinnarutkastet heiter «Edens hage» og er levert av entreprenør Kruse Smith i Bergen i samarbeid med L2 arkitektar i Oslo.
– Det var tett konkurranse mellom dei ulike forslaga, fortel prosjektleiar Knut Kismul om anbodskonkurransen som no er avgjort.
Vinnararkitekten har lang erfaring med undervisningsbygg viser porteføljen deira.
God planløysing
Vinnarutkastet har levert ei god planløysing der dei viktigaste funksjonane har fått ei optimal plassering i forhold til logistikk. I juryens grunngjeving heiter det:
«Den valgte planløsning gir en meget god fleksibilitet i hver etasje, samtidig som den åpner for samhandling mellom studenter og ansatte.»
Juryen meiner også at bygget og uteområda har eit godt samspel med omgjevnadane, og viser blant anna til at hovudinngangen er plassert godt frå Inndalsveien, og at studentkafèen er lagt til eit hjørne som gir ei skjerma plassering. (Illustrert i biletet under frå Kruse Smith og L2 Arkitekter AS).
Juryen
Juryen bestod av følgjande personar:
- Per Jørgen Østensen, prosjektleiar Statsbygg
- Alda Christensen, arkitekt Statsbygg
- Liv Trengereid, arktitekt Statsbygg
- Torbjørn Iversen, forvaltar Statsbygg
- Endre Laastad, direktør HVL
- Knut Kismul, prosjektleiar nybygg HVL
Kan bli byggestart i 2018
Når kan bygginga av nybygget starte?
– Neste steg er at høgskulestyret godkjenner husleigeavtalen. Deretter må regjeringa godkjenne prosjektet, seier prosjektleiar Knut Kismul. Når desse to godkjenningane er på plass kan det bli byggestart allereie i januar 2018.
Det nye bygget på Kronstad blir eit erstatningsbygg for Møllendalsveien.