Startar nettbasert bachelorgrad i historie

Til hausten startar HVL opp sitt første nettbaserte bachelorstudium i historie. Den nye utdanninga legg til rette for at personar som har starta på ei utdanning i historie, også kan fullføre den gjennom nettutdanninga.

Professor Oddmund Løkensgard Hoel håpar på god rekruttering til den nettbaserte utdanninga.

- Vi ønskjer å gjere utdanninga tilgjengeleg for fleire. I dag ser vi at det er ein del studentar som er interesserte i å ta slike studiar, men at til dømes familiesituasjonen kan hindre dei i dette.

- No legg vi til rette for at den som vil kan ta utdanninga, uavhengig av kvar ein bur eller kva livsfase ein er i. Vi ser også at andre institusjonar har hatt gode søkjartal til sine nettstudium, seier Løkensgard Hoel.

Søknadsfristen til studiet er 15. april.

Den nettbaserte utdanninga kjem som eit tillegg til dagens campusbaserte bachelor i historie i Sogndal.

Live-undervisning, videoførelesing og podkast

Det nye studiet er eit 100 prosents nettstudium, og vil ikkje tilby samlingar på campus.

Førelesingane vil bli tilbode gjennom varierte undervisningsformer som live-undervisning, videoførelesingar i opptak og podkast.

Opplegget følgjer same fagleg opplegg som campusstudiet i historie og legg til rette for at ein ved behov kan følgje undervisninga ved campus.

- Vi ønskjer at dei to studiane kan dra vekslar på kvarandre. For eksempel kan det vere positivt for nettstudentane å ha campus-studentar å spele på ved oppgåver som skal løysast gjennom gruppearbeid, seier Løkensgard Hoel.

Praktisk retta mot arbeidslivet

Det nye studiet er praktisk retta mot arbeidslivet og tilbyr alle studentar ein praksisperiode siste året. Studiet inneheld følgjande element:

  • Innføring i norsk og internasjonal historie – frå eldre historie og fram til i dag. 
  • Globalisering – kva rolle spelar historia? Om globalisering og korleis samfunn har møtt utfordringar som konflikt, migrasjon, teknologisk utvikling, klima- og miljøendringar
  • Kjeldekritikk – korleis blir historie brukt og misbrukt? Bli rusta til å avsløre falske nyhende.
  • Korleis bruke og formidle historiefagleg kunnskap gjennom skriving og yrkespraksis.

Praksisperioden siste studieår er på 7 veker. Eksempel på praksisstadar er i arkiv, museum, media, eller reiseliv.

Kvar kan ein jobbe?

Tradisjonelt sett har mange med historie blitt lærarar, men utdanninga kan brukast til mykje meir.

Den gir deg kompetanse til å halde deg kritisk til den enorme informasjonsstraumen vi må halde oss til. Dette er relevant kompetanse både i offentlege og private verksemder. Utdanninga legg også til rette for å arbeide i organisasjonsliv, reiseliv eller i media.

Les meir om studiet og søk innan fristen 15. april.