Statsbudsjettet 2021: Finansieringa av grunnskulelærarutdanninga lågare enn forventa

Budsjettforslaget for HVL viser ein realvekst på 2,6 prosent, men finansieringa av 5. året for grunnskulelærarutdanninga er lågare enn forventa.

Dette er hovudtrekka i statsbudsjettet for Høgskulen på Vestlandet:

  • Auke på 33, 8 millionar kroner som følgje av opptrapping av nye studieplassar tildelte i perioden 2016–2020. 
  • Auke på 15 millionar kroner knytt til finansiering av 5. året på grunnskulelærarutdanninga.

  • Auke på 65,4 millionar kroner som følgje av prisjustering. 

  • Auke på 4,9 millionar kroner som opptrapping og utfasing av stipendiatstillingar.

  • Auke på 12,8 millionar kroner i frå resultatbasert utteljing
     
  • Reduksjon på 10,3 millionar kroner som følgje av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

HVL-rektor Berit Rokne er glad for ein viss realvekst i budsjettramma, og det er særleg gledeleg for regionen og HVL at studieplassane tildelt i revidert nasjonalbudsjett våren 2020 blir trappa opp med nye kull hausten 2021.

Men Rokne er ikkje nøgd med at Regjeringa fortset med ABE-reforma.

- Regjeringa kuttar 10,3 millionar kroner knytt til avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma. Dette er sjette året på rad desse kutta kjem, og det utgjer samla sett mykje pengar for HVL.

Rokne hadde óg forventa meir pengar når det gjeld finansiering av det femte året for grunnskulelærarutdanninga.

- Vi er landets største lærarutdanning og dette er viktige midlar i arbeidet vårt.

- Men finansieringa av det 5. året i lærerutdanninga er langt lågare enn forventa.

- Budsjettforslaget frå departementet knytt til grunnskulelærarutdanninga baserer seg på kandidatmåltala som er sett for denne utdanninga. Så her er det ein stor differanse inn mot talet av studieplassar. Det femte året er såleis ikkje er fullfinansiert. 

Rokne er meir fornøgd med at HVL gjer det bra på det som heiter resultatbasert utteljing.

- Det viser at vi driv godt både innanfor utdanning og forsking. Vi har god kandidatproduksjon, vi har auke innan internasjonalisering, det publiserast meir, og vi har auke i inntektar frå EU og anna bidrags og oppdragsfinansiert verksemd.

- Så ein stor takk til alle tilsette som bidrar til denne auken.
 
Med ein liten realvekst på neste års budsjett får HVL eit noko større handlingsrom. Men til tross for realvekst er Rokne tydeleg på at årets budsjett ikkje gjer handlingsrommet større.

- Vi har store satsingar framover med universitetsambisjon vår og campusutvikling. Det er prosjekt som krev mykje av oss, ikkje minst økonomisk. Her kunne vi tenkt oss meir drahjelp frå Regjeringa,  seier ho.

- Vi ser óg at meir og meir av midlane i sektoren blir konkurranseutsett, både innan utdanning, forsking og campusutvikling. Det krev at vi jobbar godt framover med å få fatt i meir av desse pengane, både nasjonalt og ikkje minst internasjonalt. 

Les pressemeldingar frå Kunnskapsdepartementet

Les pressemelding frå UHR

Les orientering om forslag til Statsbudsjett for 2021 for universitet og høgskular.