Strammare tider, men framleis satsing på desentraliserte og fleksible utdanningar
I Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2025 får HVL ei samla løyving på 2,48 milliardar kroner. Tek ein med lønns- og prisvekst, er dette ein reell nedgang på om lag 60 millionar kroner samanlikna med 2024.
I forkant av dagens framlegg til statsbudsjett var det få som forventa stor vekst for universitet og høgskular.
For Høgskulen på Vestlandet er det ein reell nedgang i rammene.
Held fram satsing på desentraliserte og fleksible utdanningar
I fjor auka Regjeringa rammeløyvinga til universitet og høgskular for å styrke det fleksible og desentraliserte utdanningstilbodet. I 2024 fekk HVL 19 millionar til dette arbeidet. I 2025 er forslaget ytterlegare 12 millionar.
– Me er glade for at regjeringa held fram satsingar på desentralisert og fleksibel utdanning. I botn ligg ei erkjenning av at fleircampusinstitusjonar er den måten samfunnet får mest igjen for denne typen satsingar, seier rektor Gunnar Yttri.
Saman med Universitetet i Sør-aust Noreg, Nord universitet og Høgskolen i Innlandet, har HVL i VINST-alliansen arbeidd for betre vilkår for fleircampusinstitusjonar.
– Satsinga i år er difor gledeleg, men eg skulle gjerne ha sett ein endå kraftigare satsing, seier rektor.
Etterlyser studieplassar til IKT
I forslag til statsbudsjett for 2025 kjem det fram at regjeringa vil bruke 24,3 millionar kroner på 325 nye studieplassar. Desse er fordelt mellom utdanningar innan IKT, medisin, veterinær og arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning.
Høgskulen på Vestlandet får 20 plassar til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning, men innan IKT, kjem det ingen studieplassar til HVL.
– Studieplassar til arbeidsplassbasert barnehagelærar utdanning er positivt og desse vil me gjera oss god nytte av. Samstundes er eg skuffa over at me ikkje har fått nye studieplassar innan IKT. Høgskulen på Vestlandet tilbyr teknologiutdanningar og utdannar kandidatar over eit stort geografisk område. Nye studieplassar til HVL innan IKT er viktig for dei utfordringar Vestlandet står i knytt til kunstig intelligens og digitalisering, seier Yttri.
Koronamidlane forsvinn
Eit av dei største kutta til universitet og høgskular, er inndraginga av studieplassane og rekrutteringsstillingane som ein fekk under pandemien.
– Me har fått signal om at desse midlane kom til å forsvinne, så det kjem ikkje som noko overrasking. Men det er uheldig at Noreg no byggjer ned kapasitet på samfunnskritiske utdanningar, seier HVL-rektoren.
Nytt finansieringssystem for universitet og høgskular
Frå 1. januar 2025 blir det innført eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskular. Det nye finansieringssystemet legg større vekt på kor mange studiepoeng som blir avlagt ved universitet og høgskular.
– Dei nye satsane i finansieringssystemet gjer at svikt i studentrekrutteringa i 2023 fører til at nedtrekket for 2025 aukar med 15 millonar kroner, seier Yttri.
Omstillingsarbeidet held fram
Det er allereie varsla at strammare økonomiske tider krev at HVL i likskap med andre høgare utdanningsinstitusjonar må redusere kostnader og auke eksterne inntekter.
– Framlegget til statsbudsjett for 2025 stadfestar våre prognosar og ber bod om at omstillingsarbeidet vårt må halde fram, seier Yttri.
Relevante lenker
Pressemelding frå Kunnskapsdepartementet: Høge løyvingar og tydelege prioriteringar for høgare utdanning og forsking - regjeringen.no
Fakta om Høgskulen på Vestlandet
- Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet, med om lag 16.500 studentar. Kvart år uteksaminerer me 3000 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver.
- HVL har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og maritime utdanningar, lærar-, kultur- og idrettsfag, natur- og samfunnsvitskap, og økonomi og leiing.
- HVL har fem campusar på Vestlandet: Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og Stord.
- I juni 2024 sendte HVL søknad til NOKUT om å bli akkreditert som universitet.
- Universitetet på Vestlandet skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.