
Studentane deler verdifulle historier
Roy Martin reiste Norge på langs for å bli branningeniør, Julie har klødd i fingrane etter å bruke det ho har lært om energiomstilling og Maria drøymer om ein uterevolusjon i norsk skule. Bli kjend med nokre av HVL-studentane gjennom deira studenthistorier.
Søknadsfristen til Samordna opptak 15. april er rett rundt hjørnet. Unge og vaksne i ulike fasar av livet skal velje ei utdanning, og alternativa er mange.
Deler blikk på utdanning og jobbmoglegheiter
Arbeidet med studentrekruttering ved HVL er omfattande og inneheld ei rekkje fysiske og digitale tiltak. Eit av desse er studenthistorier, der studentar eller tidlegare studentar ved Høgskulen på Vestlandet deler sine blikk på utdanning og jobbmoglegheiter. Vi ser at studenthistorier er innhald som er engasjerande og treff godt i sosiale medium og i annonsar.
I skrivande stund har HVL over 90 ulike studenthistorier, og det siste året er det skrive vel 20 nye historier. Ein kan filtrere studenthistoriene slik at ein kan velje å huke av på studiestad og fagområde ein er nysgjerrig på.
Studenthistoriene blir delt på studietilbodssidene til det aktuelle studiet, samt gjort synleg i betalte innlegg i sosiale medium og i andre annonsar i google og nettaviser. Dette gir ein auka trafikk inn til nettsidene våre. Studenthistoriene blir også delt organisk i HVL sine kanalar i sosiale medium.
Her får du eit innblikk i nokre av historiene:
Dennis studerer barnehagelærar i Bergen
«Eg har kost meg heilt sidan eg starta på studiet, seier Dennis.
Han fortel om eit godt og samansveisa klassemiljø, der ein lett får nye vennar, og dyktige, engasjerande førelesarar.»
Øyvind studerer sykepleie i Førde
«Planen min etter studiene er å først jobbe i ambulansen, deretter søke meg videre til å bli redningsmann i Luftambulansen. Det å jobbe under krevende og utfordrende forhold er noe jeg syns virker spennende. Og så er jo det ganske fett å ha "kontor" i lufta!»
Maria og Sigurd tar vidareutdanning i Uteundervisning og utforskertrang i Bergen
«Det kjekkaste med utdanninga er at det er lagt opp til mykje utetid og praktisk retta arbeid. Det er nødvendig når vi skal tilbake til skulane våre og vere forkjemparar for meir uteundervisning»
Roy Martin studerer branningeniør i Haugesund
«Realfagskunnskapene spiller en stor rolle når man skal jobbe med problemløsning. Ofte jobber man med kompliserte bygg, og man må kunne finne løsninger i et avansert lovverk, og finne ut hva som er den beste løsningen for brukeren og sikkerheten. Den harde jobbingen blir belønnet med at man i de fleste tilfellene er sikret jobb og god lønn.»
Amalie studerer grunnskulelærar 5.-10. trinn på Stord
«Det beste med lærarutdanninga er at du får så utruleg mykje tilbake, både frå elevar og tilsette. Vi er ikkje så mange her på Stord, så du får eit veldig nært forhold til alle.»
Monica tar vidareutdanning i gastrosykepleie i Bergen
«Jeg har både vennskap og mer fagkunnskap med meg i kofferten fra Høgskulen på Vestlandet. Dette er noe jeg vil få bruk for hver dag resten av yrkeskarrieren, og i livet videre.»
Alexander har studert bachelor i informasjonsteknologi i Førde
«Det er ganske stor interesse for folk med denne kompetansen i arbeidslivet. Eg hadde fleire jobbtilbod og kunne velje.»
Julie studerer bachelor i energiomstilling i Sogndal
«Drømmejobben min er å bli prosjektleder, og kunne visuelt se hva en har planlagt over flere år. Håpet er at det er et prosjekt som gjør fremtiden grønnere for neste generasjon.»
Aina tar kurset Innføring i havvind i Haugesund
«Det er givende og gøy å få faglig påfyll, og du vet aldri hva du får bruk for i fremtiden.»
Bjørne og Steffen studerer grunnskulelærar 5.-10. trinn i Sogndal
«Sogndal leverer den beste pakken med moglegheiter – både når det gjeld utdanning og hobbyar. Ein liten stad, der studentmiljøet er suverent og det er mykje som skjer. Det beste er å ha friluftsliv rett utanfor døra, og kunne gå rett frå forelesing til topptur med medstudentar som brenn for det same.»
Vetle og Elise studerer barnehagelærar på Stord
«Eg kom inn i dette fullstendig utan erfaring med å jobba med barn eller i barnehage. All den kunnskapen har eg skaffa meg her, og det er dette eg vil jobbe med vidare»
Vil du lese fleire studenthistorier? Du finn alle på denne nettsida