«Studentutveksling» via Facebook
Denne våren har 70 sjukepleiestudentar hatt undervisning saman med studentar på Madagaskar, gjennom undervisningsopplegget COIL. Dette har gått føre seg uavhengig av COVID-19.
Som alle andre universitet og høgskular, har HVL i år vore nøydd til å snu opp ned på alle planar om internasjonalisering. Utvekslingsstudentane måtte komme heim lenge før planen, og planlagde utreiser til hausten er avlyst.
Likevel har fleire studentar ved HVL nyleg fått kulturelle opplevingar og læring på tvers av landegrensene. Den delen av bachelor-emnet Sjukepleie og samfunnsvitskapelege fag som normalt blir gjennomført som obligatoriske seminardagar ved campus Stord, har no i staden skjedd via internett, i samarbeid med medstudentar på Madagaskar. Gjennom det internasjonale utdanningsopplegget Collaborative Online International Learning (COIL) har studentane hatt ei form for internasjonal og interkulturell oppleving og erfaring heimanfrå.
Korona gjer COIL enda meir aktuelt
I fjor inngjekk Fakultet for helse- og sosialvitskap ein avtale om praksisplassar på Madagaskar, der dei òg knytte kontakt med Adventiste Universitet Zürcher (AUZ). Planen var at åtte studentar skulle reise dit på utveksling til hausten. I samband med utviklinga av avtalen, fekk undervisarane frå HVL god dialog med tilsette ved AUZ, og allereie i januar blei det bestemt at ein modul skulle gjerest om til ein COIL.
– Dette var planlagd lenge før nokon av oss hadde høyrt om korona, så å prøve det som ein COIL var på ingen måte eit svar på situasjonen me no har hamna i. Men du kan seie at korona-situasjonen definitivt har gjort COIL-prosjektet vårt, og COIL-konseptet i det heile, meir relevant, fortel Leif Steinar Alfsvåg, som er studieleiar for sjukepleiestudiet på Stord.
Korona fekk likevel konsekvensar for COIL-prosjektet slik det opphaveleg var tenkt, så det måtte utviklast litt annleis enn først planlagd. I staden for å samarbeide via videochat, måtte studentane samlast i Facebook-grupper då AUZ stengde ned på grunn av viruset.
– Det er jo i utgangspunktet litt uhøyrt å skulle bruke Facebook i undervisningssamanheng, men no var det det alternativet vi hadde tilgjengeleg. Og det har faktisk fungert veldig godt, fortel emneleiar Bente Kvilhaugsvik.
Barn dør av hjartesvikt?
Dei norske og gassiske studentane har vore delt inn i 14 grupper. I dei fire vekene COIL-opplegget har gått for seg, har dei diskutert problemstillingar knytt til emnet ved å dele bilde, videoar og erfaringar gjennom Facebook-gruppene. Kathrine Hvidsten, som er ein av studentane på emnet, synest opplegget har vore veldig bra:
– Eg fekk fleire aha-opplevingar. Til dømes skulle vi i gruppa mi ha om barnedødelegheit. Det vakte forundring hjå dei gassiske studentane at vi i Noreg har born som tek sjølvmord. «Kvifor gjer dei det?» Det hadde dei ikkje høyrd om i det heile. Så då blei det diskusjon om det i gruppa.
Det var tilsvarande overraskande for dei norske studentane då dei gassiske studentane i gruppa presenterte hjartesvikt som ein dødsårsak blant born på Madagaskar.
– Då lærte vi at det er på grunn av ubehandla hjartesjukdomar som dei ikkje har ressursar til å behandle.
Eit av bilda som skapte diskusjon hjå studentane: Behaldaren med vaksiner kjem seg til den lokale helsestasjonen ved hjelp av fottransport. Sjølv om vaksiner er utbreidd på Madagaskar, er det mange som ikkje blir vaksinerte. Det er kanskje ikkje like lett når ein må gå 11 kilometer til helsestasjonen og har fem ungar heime? Skjermdump frå Facebook.
Rikt læringsutbytte
Hvidsten seier ho har lært mykje av COIL-undervisninga, og synest det har vore ein veldig ålreit måte å bli kjent med både studentar og deira arbeidsforhold og kultur på. Prosjektteamet på HVL trur mange av studentane er einige med Hvidsten, sjølv om deltakinga har vore av ulik karakter:
– Nokre er meir aktive enn andre. Dei som ikkje deltar like mykje, les likevel diskusjonen, og får med seg inntrykka. Men det er litt krevjande å få studentane i sving, så det krev at nokon har litt styring på kva som skal skje, for å få i gong diskusjonen, understrekar emneleiar Kvilhaugsvik.
Førre veke fullførte studentane ei oppgåve som skulle stimulere til diskusjon, og dei presenterte kva dei har lært i ei fellesgruppe for alle studentane og undervisarane. Både dei norske og gassiske undervisarane har følgt kvar sin gruppe.
– Korleis vi lærarane har rettleia studentane i gruppene har vore eit av lærepunkta for oss, fortel Sigrun Breistig, som er internasjonal fagleg koordinator på sjukepleieutdanninga og del av prosjektteamet.
– I nokre av gruppene fungerte det veldig bra, men ikkje like bra i andre, så der måtte vi justere litt.
COIL-prosjektet på sjukepleieemnet er òg eit forskingsprosjekt, leia av Alfsvåg. I løpet av vekene det har vart, har han og kollegaane observert arbeidet til studentane og diskusjonen i Facebook-gruppene. No skal dei hente inn evaluering frå studentane, og gjennomføre fokusgruppeintervju av både dei og tilsette. Til slutt håper forskargruppa å skrive ein artikkel i samarbeid med kollegaar ved AUZ.
Internasjonalisering heime
Prosjektteamet oppfordrar fleire til å ta i bruk COIL som undervisningsopplegg. Dei understrekar at det ikkje erstattar læringsutbyttet som utveksling gir.
– Men det sikrar alle studentane på emnet ei viss interkulturell kompetanse, seier Kvilhaugsvik.
– I tillegg trur vi at det kan inspirere fleire til ønskje å reise ut.
Nestleiar ved Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon, Elin Kvaale, meiner COIL er ein flott måte å få til internasjonalisering heime, som har vorte endå meir aktuelt no når HVL har avlyst all utveksling hausten 2020.
– Unntakssituasjonen vi står i no gjer det nødvendig at vi tenker litt nytt, viss vi skal nå målet vårt om å utdanne fleire studentar med internasjonal og interkulturell kompetanse. COIL er et glimrande tiltak som eg håpar fleire av studieprogramma tek i bruk også etter at utvekslinga igjen går som normalt.
Sjukepleiestudent Hvidsten er einig i at COIL er et veldig godt alternativ til utveksling når det ikkje er mogleg å reise ut. Ho hadde opphaveleg søkt utreise til Bulgaria til hausten.
– Eg trur ein får enda meir ut av utveksling til eit anna land, der vil ein kunne ta og føle på forskjellane. Men dette har vore ein veldig god måte å utvide kunnskapshorisonten på, og eg kan tenke meg ei reise til Madagaskar på sikt. Og i Facebook-gruppa har vi snakka om at vi vil halde kontakten vidare, seier ho.
Prosjektteamet som har sørga for gjennomføringa av COIL-opplegget består av Leif Steinar Alfsvåg, studieleiar for sjukepleiestudiet på Campus Stord, Bente Kvilhaugsvik, emneleiar, Sigrund Breistig, internasjonal fagleg koordinator ved sjukepleiestudiet, og Torunn Stornes Kittelsen frå Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon frå HVL. Frå AUZ har Stephanie Yonathan vore del av prosjektteamet.