
Studentane er litt mindre nøgde enn før, men variasjonane er store
Studiebarometeret, som tar tempen på kor nøgde studentane er med studia sine, viser ein liten nedgang på overordna tilfredsheit ved Høgskulen på Vestlandet. Men fleire studieprogram skil seg positivt ut.
Studiebarometeret er ei årleg nasjonal undersøking som frå 2013 har gått ut til studentar ved alle norske universitet og høgskular. Det er NOKUT som er ansvarleg for å gjennomføre undersøkinga på vegner av Kunnskapsdepartementet.
Spørsmåla går til studentar på andre og femte studieår. Ved HVL svarte 39 prosent av desse studentane på Studiebarometeret i 2024.
Viktig å lære av studieprogramma som gjer det bra
På spørsmålet om i kva grad studentane alt i alt var nøgde med studia sine, gav HVL-studentane ein gjennomsnittleg skår på 3,7 ut av 5, der 5 var høgst mogleg. Dette er 0,1 poeng lågare enn ved førre undersøking.
Elles i landet, på alle høgskular og universitet, gir studentane ein gjennomsnittleg skår på 4,0 på same spørsmål.
Prorektor for utdanning ved HVL Anne-Grethe Naustdal fortel at HVL har mål om å ligge på eit snitt over 4. Undersøkinga viser at det er variasjonar mellom ulike utdanningar og inneheld mange nyansar.
Enkelte utdanningar, som til dømes master i organisasjon og leiing i Førde, barnehagelærarutdanninga på Stord, og bachelorutdanninga i landmåling og eigedomsdesign i Bergen, ligg godt over målsettinga på 4 poeng.
– Vi må heile tida jobbe med å bli betre og lære av dei som gjer det bra. Data som dette gir oss eit godt utgangpunkt for å undersøke vidare kva enkeltfaktorar som påverkar studentane si oppleving av studieprogrammet dei går på. På denne måten kan vi sette inn mest mogleg treffsikre tiltak, seier Naustdal.
Resultata skal følgjast opp
Den vidare oppfølginga av resultata skjer både på institusjonsnivå og i dei enkelte studieprogramma. Naustdal legg til at Studiebarometeret ei av fleire undersøkingar, og at resultatet frå ulike undersøkingar blir sett i samanheng.Prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal. Foto: Eivind Senneset.
– Denne våren skal vi i tillegg fornye systemet for kvalitetsarbeid. Vi håpar det vil tydeleggjere og forenkle arbeidet med utdanningskvalitet i organisasjonen, seier prorektoren.
Studentane som har engasjert seg i studentpolitikken og som dagleg jobbar for å betre studiemiljøet ved HVL er opptekne av stemmene til studentane blir høyrt:
– Eg skulle gjerne sett at svarprosenten på Studiebarometeret var litt høgare. Men uansett er vi innstilt på å gå dialog med HVL og jobbe for at studentane skal ha ei best mogleg studiekvardag. Å nå ut med informasjon om korleis studentane kan medverke er ein viktig del av dette, seier leiar for Studenttinget på Vestlandet, Andrea Grutle.
Skårar best på fysisk læringsmiljø og infrastruktur
Av dei ulike områda som blir undersøkt, gir studentane HVL best skår på fysisk læringsmiljø og infrastruktur. Dette er eit område HVL pleier å skåre høgt på. Det er spesielt bibliotektenestene og lokala til undervisning og øvrig studiearbeid som skårar bra i denne kategorien.
Andrea Grutle er einig i at fasilitetane ved HVL er gode.
– Høgskulen har fine campusar rundt omkring på Vestlandet. Moderne læringsarenaer og laboratorium, bidrar nok også til at HVL gjer det godt på dette området, seier ho.Leiar for Studenttinget, Andrea Grutle. Foto: Privat.
Tilbakemeldingane på det sosiale og faglege miljøet på HVL går dessutan eit lite steg fram, frå 3,6 i 2023, til 3,7 i 2024. Det er også litt fleire studentar enn førre gang som oppgir at dei nyttar seg av dei organiserte læringsaktivitetane ved HVL.
Prorektoren er oppteken av at denne positive tendensen må halde fram.
– Sjølv om framgangen er liten, er viktig at utviklinga på dette området går i rett retning. Målet vårt er at fleire studentar skal komme på campus. Å delta i eit sosialt og fagleg miljø veit vi er viktig for både trivsel og fagleg utvikling, kommenterer Naustdal.
Fleire studentar nyttar kunstig intelligens
Studiebarometeret viser at stadig fleire studentar ved HVL nyttar kunstig intelligens i arbeidet. Dei oppgir at dei brukar det mest til å forklare tema, pensum, konsept og terminologi. Dernest følgjer oppsummering av eksisterande tekstar og kvalitetssikring av eigen tekst.
– Resultatet samsvarer med eiga forsking HVL har gjort på feltet. I 2023 oppgav 20 prosent at dei brukte KI-chatbotar som støtte i eige læringsarbeid. I 2024 gjaldt dette 60 prosent av studentane, fortel Naustdal.
Ho legg til at HVL har laga retningslinjer og rettleiing for studentar og tilsette i bruk av KI, arrangert universitetspedagogiske kurs, og etablert ei eiga KI-koordineringsgruppe ved høgskulen som følgjer feltet tett.
Alle resultata er publisert på studiebarometeret.no.