Rekordmange elevar på besøk i Førde
HVL, campus Førde var fylt med yrande liv då om lag 400 vidaregåande elevar møtte opp til studieorienteringsdag i november.
Spente studentambassadørar sto klar til å ta i mot fleire hundretals elevar under studieorienteringsdagen som ble arrangert i Førde.
Initiativet kjem frå HVL som har gått saman med dei andre utdanningsinstitusjonane i Vestland for å gi eit breitt studieorienteringstilbod til avgangselevar i vidaregåande skuler.
– Dette er eit etterlengta tiltak som rådgivarane ved vidaregåande skulane i Vestland fylke har ønska. Saman med dei andre utdanningsinstitusjonane kan vi møte behova til elevane og tilby eit samla studieorienteringstilbod, seier Stine Stangeland Bach, fagansvarleg for studentrekruttering og marknadsføring ved Høgskulen på Vestlandet.
– I fjor arrangerte vi studieorienteringsdag i Sogndal. I år var det viktig for oss å kome lenger nord i fylket slik at vi kunne invitere fleire skular som ikkje kjenner oss så godt, som til dømes Stryn vidaregåande skule, legg ho til.
Studentambassadørane Axel, Ingeborg, Øyvind, Andrea og Birk stod på stand og representerte HVL under studieorienteringsdagen.
I løpet av dagen fekk alle institusjonar moglegheit til å fortelje om sitt utdanningstilbod og studentliv gjennom parallelle sesjonar. På HVL sin sesjon blei kvar campus og kvart fagområde synleggjort gjennom ein presentasjon heldt av grunnskulelærarstudent Axel Stenstadvold og byggingeniørstudent Andrea Håland.
I pausane fekk elevane høve til å prate med studentambassadørar frå alle insitusjonane og stille dei spøsmål om alt dei måtte lure på.
– Det er veldig givande å kunne dele eigne erfaringar, svare på spørsmål og kunne gi eit nytt perspektiv på studiemoglegheitar. Kanskje kan èin samtale vere akkurat det som inspirerer dei til å gå eit studieprogram hos oss, seier studentambassadør Andrea Håland.
Elevane Patrycja og Anders frå Dale vidaregåande skule var to av dei mange som tok turen. Dei syntes økonomi og realfag virka spennande, og peika på fleire andre faktorar som avgjerande for studievalet.
– Fritidstilbodet og geografisk plassering er òg viktig!
Eliot og Jakob frå same skule blei klokare på valet etter å ha høyrt om alle utdanningane. Medan Eliot lenar seg mot realfag, har Jakob eit stort engasjement for samfunnsfag, historie og jus. Kvar vegen går er ikkje heilt bestemt, men studentmiljø og fasiliteter på campus vil ha påverknad.
Niqwas og Silje Eline frå Firda vidaregåande skule satt pris på å få innblikk i studiar på tvers av institusjonar, og held enno alle moglegheiter opne.
– Så lenge ein finn noko som er interessant, ein meistrar og kan utvikle seg innanfor, så har ikkje retning så mykje å seie, fortel dei.
Desse institusjonane var representert:
- Høgskulen på Vestlandet
- Universitetet i Bergen
- Handelshøyskolen BI Bergen
- Vitenskapelige Høyskole VID
- Norges Handelshøgskole
- NLA Høgskolen
- Høgskolen Kristiania
Tilsvarande studieorienteringsdag gjennomførast også i Bergen, på Studentsenteret den 4. og 5. desember.
Foto: Siri Helena Halvorsen