HVL sender universitetssøknaden i 2024
Høgskulestyret blei torsdag orientert om at Høgskulen på Vestlandet sin universitetssøknad vert sendt til neste år.
Det nye styret i Høgskulen på Vestlandet starta sitt arbeid med seminar og møte onsdag 23. og torsdag 24. august ved campus Sogndal.
Undervegs i torsdagens styremøte orienterte rektor Gunnar Yttri styret om at arbeidet med universitetssøknaden er i innspurten og at søknaden blir sendt i løpet av 2024.
– Me hadde ein optimistisk plan om å sende søknaden inn mot jul i år, men me ser at me treng litt meir tid og me kjem til å bruke våren på å samle trådane. Siktemålet er å få sendt søknaden innan sommaren 2024, seier Yttri.
Sterk og grundig søknad
Noko av bakgrunnen for forskyvinga i tid handlar om forsinkingar, fråfall og gjennomstrøyming rundt doktorgradsutdanning.– Styret merker seg dette og me vil bidra til at trykket vert halde oppe no i avslutninga av søknadsarbeidet, seier styreleiar Arvid Hallén.
– Når det er sagt tenkjer eg at det ikkje er grunn til stor uro. Me ønskjer å sende ein så sterk og grundig søknad som mogleg, og søknaden går når me er klare. Det har vore styret si tilnærming heile vegen. Me må ta høgde for nokre forsinkingar på enkelte område. Å bruke noko meir tid vil gjera det nye universitetet på Vestlandet enda sterkare.
Han fortel at høgskulestyret har vore tett på arbeidet i førre styreperiode, og vert kopla godt på no i sluttfasen av søknadsarbeidet.
– Styret ser fram til å få ei grundigare oppdatering på universitetsarbeidet i styremøtet i september.
Studentopptaket på saklista
Undervegs i dagens styremøte godkjente HVL arbeidet med å sende søknad om bli sertifisert som HR excellence in research award. Fleire av styremedlemmene uttrykte at ei slik satsing óg inneber at ein prioriterer ressursar i oppfølginga.
Studentopptaket var ei orienteringssak som fleire av styremedlemmene tok ordet i. Her kom det opp bekymring kring oppmøtetal ved fleire studium og campus.
– Denne saka er viktig for styret og den vil me få tilbake ved fleire høve denne hausten, seier Hallén.
Styret fekk og korte orienteringar om arbeidet med arbeidsplassar og saka om bokhandel på campus Kronstad.
I saka om lokale lønnsforhandlingar vedtok styret å skyta inn fire millionar kroner ekstra.
Sjå styresakene
Under onsdagens seminar fekk styret innleiingar og overordna presentasjonar kring økonomi og økonomistyring, organisasjon, utdanning, forsking og regional utvikling i frå organisasjonsdirektør Tage Båtsvik, direktør for økonomi og arealforvaltning Helge Skugstad, prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal, prorektor for regional utvikling og konstituert prorektor for forsking, Geir Kåre Resaland. Sjølve styreseminaret ble innleia av rektor Gunnar Yttri med temaet: strategi, ambisjonar og utfordringar. Styreleiar Arvid Hallén hadde ei økt om styret som kollegium – rolle og ansvar, medan fagdirektør Erling Dietrichson i Kunnskapsdepartementet føredro om styrets oppgåver og rammer for styrearbeidet. Foto: Jeppe Aagaard Jeppesen.