Satsar og utviklar i trongare økonomiske tider

HVL står i ein krevjande økonomisk situasjon og omstillingsarbeidet held fram. Denne veka vedtok høgskulestyret mellom anna å løfta to nysatsingar på utdanningssida. Bachelor i kunstfag med profilar i musikk og visuell kunst, og bachelor i skulefritidspedagogikk vert no etablert.

Begge utdanningane er organisert fleksible gjennom nettstudium og samlingar, og begge vil starte opp hausten 2025.

Styret vedtok også nedlegging av byggingeniørutdanninga ved campus Førde. Ei sak som har fått merksemd.

– Det er engasjement rundt saka. For styret er det viktig å få fram at nedlegginga er eit steg på vegen for å etablere eit nytt og breiare studium som vi meiner vil vera meir treffsikkert, seier styreleiar Arvid Hallén.

Framleis krevjande økonomisk situasjon

Ny rammefordelingsmodell i HVL vart og handsama og vedteke. Den vil styret sjå i funksjon når budsjett for 2025 kjem på styret sitt bord i novembermøtet.

I verksemdsrapporten per 2. tertial viser rekneskapen at den økonomiske situasjon framleis er krevjande og det er stort behov å for å halde fram med omstillingsarbeidet.

– Framlegget til statsbudsjett for 2025 viser at vi må ha høg merksemd på økonomien vår, sjølv om det er nokre lyspunkt, påpeikar styreleiaren.

Tilslag på forskingssøknader og positive studenttal

Mellom anna viser haustens møtt-tal at Høgskulen på Vestlandet har lukkast med studentrekrutteringa på fleire fagområde.  

I tillegg har Høgskulen på Vestlandet fått tilslag på fleire eksterne søknadar om forskingsmidlar både nasjonalt og internasjonalt. Noko som er viktig inn i arbeidet med å styrka og utvikla det komande Universitetet på Vestlandet.

– Det gir oss betre prognoser og viser at vi må halde oppe godt arbeid kring kvalitet i utdanningane, gode læringsmiljø og framleis styrke studentrekrutteringa. Dette heng i hop og det fekk vi og signal om i dialogen vår med Studenttinget på Vestlandet, seier styreleiaren. 

Jelle Sebastian Bruin og Frida Lunde Høisæther er studentrerepresentantane i styret og har tett kontakt med Studenttinget.

Leiarstruktur og styreform

Han fortel at styreseminaret på onsdag føremiddag ga retning til viktige saker som «leiarstruktur i rektorat og direktørlinjer» og «styreform i fakulteta». Tidsplanen for dette blei også omtalt i styremøtet i Sogndal 12. september.

Hallén seier at desse to sakene er nært kopla til strategi og høgskulen sine kjenneteikn.

– Styret er oppteken av at desse to sakene må sjåast inn i arbeidet med det nye universitetet. Det å styrke forskingssida og få ei god balanse mellom utdanning og forsking blir svært viktig i åra som kjem. Koplinga vår til arbeidslivet, det regionale og dei fem campusane våre, er og ein føremon som styret vil styrka i det vidare og som vi vil sjå att i desse sakene.

Dei to omtalte sakene vil styret få tilbake komande styremøte.

Internasjonalt kunnskapssamarbeid og campusutvikling på agendaen

HVL sitt internasjonale kunnskapssamarbeid stod også på agendaen under dagens styremøte.

I orienteringssaka blei det lagt vekt på at HVL no skal stake ut kursen for internasjonalt kunnskapssamarbeid i ei verd prega av geopolitisk uro, og med strammare økonomiske rammer. Då må vi arbeide enno meir strategisk med det internasjonale kunnskapssamarbeidet.

At HVL no er ein del av den europeiske universitetsalliansen ARTEMIS, vil vere sentral for forma og retninga på internasjonaliseringsarbeidet. 

Styret fekk og ei orientering om campus Stord.

– Dette er ei sak som styret har hatt merksemd på ved fleire høve. No tar vi dette vidare i eit styreseminar til våren der vi vi ser utviklinga ved alle studiestadene våre i ein heilskapleg samanheng. Her vil utfordringar og mogelegheiter i den samla studieporteføljen er viktig. Vi har fem unike campus som saman og kvar for seg er viktige for høgskulen og Vestlandet.