HVL må spare 132 millionar kroner på to år

Høgskulen på Vestlandet er inne i krevjande økonomiske tider. - Det er avgjerande å ta gode grep i heile organisasjonen som både gir effekt og utvikling, seier styreleiar Arvid Hallén.

Denne veka var høgskulestyret samla til styreseminar og styremøte ved campus Bergen. Regnskap, budsjett, utvikling av studieportefølje og status for universitetsprosjektet var hovudsaker.

Dei endelege rekneskapstala for 2023 som styret fekk presentert viser at HVL har eit for høgt kostnadsnivå. Ferske prognoser viser at HVL samla sett må spare inn kroner 132 millionar kroner i 2024 og 2025.

Stillingsstopp for administrative stillingar

Fleire tiltak for å oppnå økonomisk balanse i åra som kjem er alt sett i verk. Det er mellom anna innført stillingsstopp for administrative stillingar, ein har tatt grep for å auke eksterne inntekter og det er skjerpa krav til budsjettdisiplin i alle einingar.

– Tiltaka som er sett i verk blir følgt tett opp. Status for økonomisituasjonen vil bli presentert i økonomirapport i styremøtet i juni. Då må vi sjå dei første effektane av tiltaka. Så vil nokre tiltak krevje lengre tid.

– Styret er oppteke av å setje i verk målretta tiltak som ikkje rammer vilkårleg, seier Hallén. 

Studentrekruttering, straum og husleige

Mykje av nedgangen i inntekter for HVL i åra som kjem skuldast sviktande rekruttering til dei store profesjonsutdanningane, inndraging av studieplassar som høgskulen fekk tildelt under koronapandemien og stor auke i felleskostnader til straum og husleige.

Etter ein runde med innspel og spørsmål frå styret blei endeleg budsjettet for 2024 vedtatt med dei merknadene som blei gitt i styremøtet.

Studieportefølje, campusutvikling og kompetansebehov

Studieporteføljeutvikling var ei anna sak som styret hadde sett av tid til i møtet. Arbeidet har stor merksemd i heile høgskulen.

Styret har i fleire saker fått grundige og oppdaterte saksgrunnlag med ulike perspektiv og spørsmål.

– Innspela frå styremedlemmene får fram mange av dei store spørsmåla og dilemma som høgskulen står i både kring utvikling av utdanningar, fagmiljø, rekruttering og campusutvikling. Å tilpasse aktiviteten vår til samfunnets kompetansebehov og studentane sine studieønskjer krev gode og kloke prioriteringar, seier Hallén.

Les dokumenta knytt til studieporteføljesaka i denne lenken

Vedtok reviderte retningslinjer for arbeidsplassdeling

Styret fekk presentert justerte retningslinjer for arbeidsplassdeling. Desse blei vedtatt av styret.

I det justerte forslaget er det lagt vekt på at deling av arbeidsplassar skal være basert på frivilligheit og involvering, samt at fast plass skal være en hovedregel. I tillegg er tilstedeværelse på campus vektlagt som prinsipp for tildeling av fast arbeidsplass.

I møtet kom det fram at styret er opptatt av at retningslinjene no blir fulgt opp på ein god måte.

Sender universitetssøknaden i 2024

Styret fekk også ei orientering om arbeidet med universitetssøknaden. Planen er framleis å sende inn søknaden sommaren 2024.

NOKUT kan ikkje seie kor lang tid det vil ta før søknaden blir behandla, men med dagens rutinar og prioriteringar er det grunn til å tru at det kan ta fleire månader. HVL har gitt uttrykk for at prinsippet om «liggetid» og usikkerheit om NOKUT si framdrift i saksbehandlinga ikkje er akseptabel.