Styrkar regional utvikling på campus og i fakultet

Høgskulen på Vestlandet har gjort viktige og synlege grep for å styrka arbeidsområdet regional utvikling.

- Me har styrka oss og er godt rusta til å få til ei endå betre samhandling med omgjevnadene våre, seier prorektor for regional utvikling Geir Kåre Resaland i HVL. Her er grepa:

1) Alle fakultet har tilsett prodekanar med regional utvikling og samhandling som ansvarsområde.

2) Kvar campus i HVL har eigen samfunnskontakt.

3) Ei ny avdeling med namnet «Avdeling for samfunnskontakt, arbeidsliv og livslang læring» er skipa og avdelingsleiar John Tveit er tilsett.

Resaland fortel at høgskulen har arbeidd godt med å få opp ein klar, sterkare og meir lettbeint struktur for dette viktige arbeidet. - Regional utvikling, samhandling og nær kontakt med samfunns- og arbeidsliv er ikkje berre ein del av høgskulens samfunnsmandat. Det er også ein del av vår identitet.

Prorektor for regional utvikling ved HVL, Geir Kåre Resaland. Foto: Eivind Senneset.

Satsing i fakulteta

Prorektoren er glad for at fakulteta sine gode sambandslinjer til praksis og arbeidsliv vert vidareført og styrka. Han tykkjer det lovar særs godt at alle dei fire fakulteta har tilsett ein prodekan der regional utvikling er sentralt arbeidsområde.

- Desse fire prodekanane er viktige kontaktpunkt for omverda. Dei er også bindeledd mellom dei fire fakulteta og den nye avdelinga for «Samfunnskontakt, arbeidsliv og livslang læring» der samfunnskontaktane verkar. Her er det alt etablert møtepunkt på tvers for å sikre god kopling, koordinering og samspel.

Må samverke godt

- Med samfunnskontaktar på alle våre fem campus får me tydelege inngangar og kan styrka samspelet med eksterne aktørar, seier Resaland.

Han fortel at samfunnskontaktane vil vere HVL sitt kontaktpunkt og «førsteline» for samfunns- og arbeidsliv på kvart campus.

- Rolla til samfunnskontaktane er primært å arbeide lokalt og regionalt for å fange opp mogelegheiter, behov og initiativ som HVL og fakulteta kan ta del i. Til dømes i fora der HVL ikkje er representert, der det ikkje er openbert kva for eit fakultet eller fagmiljø som har eigarskap til relasjonane, eller der fakulteta ikkje har kapasitet til å være til stades.

Sjå oversynet for prodekanar og samfunnskontaktar https://www.hvl.no/samarbeid/

Betre rusta

Resaland er trygg på at dette blir ei god og framtidsretta løysing.

- Når me gjer desse grepa er det med solid grunnlag i vurderingar i vår eigen høgskule og etter innspel frå både høgskulestyret og eksterne samarbeidspartar.

- Me skapar no betre føresetnader for å lukkast i våre eksterne relasjonar. Me koplar oss betre mot omverda. Kontaktpunkta blir tydelegare og betre rusta for å ta initiativ og følgje opp initiativ.

Effektivt og godt

Resaland understrekar at desse grepa og må stå godt inn mot andre tenester og arbeidsområde i høgskulen.

- Me har til dømes gode sørvistorg og eit godt dokumentsenter som også er særs viktige kontaktpunkt for omverda. Kunsten no framover er å få dette til å samverke effektivt og godt.