Temperatur i styret

Årets første styremøte hadde engasjement rundt mange saker.

- Vi er inne i ei tid med store og komplekse saker. No står vi framfor prioriteringar som er avgjerande for utviklinga av høgskulen. Her har vi eit aktivt styre som vil bidra, seier styreleiar Arvid Hallén.

Han losa styret gjennom 17 saker på Zoom den første dagen i februar.

- I ei tid der økonomien og handlingsrommet er under press vil vi i mange saker få fram ulike perspektiv og meiningsbryting i styret.

- Det må til for å ta gode prioriteringar både når det gjeld studieporteføljeutvikling, campusutvikling og korleis vi disponerer areala våre best mogleg.

Gir energi

Han fortel ar styret må bruke tid på utfordringane og samstundes sjå mogelegheitene.

- I året vi no legg bak oss, har høgskulen på ny fin framgang i utdanning,  forsking og i utvikling av organisasjonen. Det styrkar og gir energi til universitetsambisjonen.

- I dagens møte fekk vi óg ein fin presentasjon av det nye Fakultetet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap som viser kraft og potensial, seier Hallén.

Nye studietilbod er og under oppsegling i høgskulen.

- I dag ga styret klarsignal til å greie ut ei ny bachelorutdanning i skulefritidspedagogikk. Slikt arbeid teiknar bra.

Andre forventningar

Høgast temperatur i det digitale styremøtet kom i saka om arealfordeling. Styret fekk presentert den prosessen som er i gang for å avklare desse spørsmåla, men fleire styremedlemmer hadde andre forventningar til korleis styret skulle involverast.

- No får rektor og leiinga ta med seg innspela i styrediskusjonen inn mot møtet vårt i mars. Det møtet blir eit to-dagars styremøte med ein seminardel. Studieporteføljearbeidet og økonomi vil nok bli tema der.

Berekraftsarbeid med framsteg

Av andre saker i årets første møte handsama styret ei orientering om berekraftsarbeidet.

- Her vert det arbeidd bra. Høgskulen tar gode steg og det er styret nøgd med.

Forskingsetikk stod også på dagsorden og det blei orientert om korleis det vert arbeidd med forskingsetikk i forsking og utdanning, og korleis arbeidet med kontroll for plagiat i oppgåver vert handsama.
 
- Dette er eit viktig arbeid som krev merksemd og oppfølging. Orienteringa som styret fekk i dag var grundig og god, seier Hallén.

Her kan du sjå heile sakslista for styremøtet 1. februar