Styrkar kunnskap om den regionale utviklingsrolla med 3 millionar frå RFF

Høgskulen på Vestlandet får rundt 3 millionar kroner til eit prosjekt som skal finne ut korleis universitet og høgskular kan spele ei sterkare rolle for ei smart og berekraftig næringsutvikling i Vestland.

Målet er å finne ut kva rolle dei høgare utdanningsinstitusjonane som HVL, UiB og NHH, kan spele for å påverke det regionale innovasjonssystemet i en berekraftig retning, gjennom utdannings-, forskings, og innovasjonsarbeid. Midlane er gitt frå Regionalt Forskingsfond Vestland (RFF). 

Vestland Fylkeskommune og GCE Ocean Technology er samarbeidspartnarar i prosjektet. Øystein Stavø Høvig ved Mohnsenteret ved HVL er prosjektkoordinator og gler seg over tildelinga:

– Prosjektet vidarefører vårt gode samarbeid med Vestland fylkeskommune og GCE Ocean Technology. Dette samarbeidsprosjektet ligg nært HVL og Mohnsenterets kjerneverdi om å drive forsking til nytte for regionen. Difor er det bra at vi får midlar til nettopp denne typen prosjekt, kommenterer han.

Fornying og omstilling

Sentralt i prosjektet står utvikling av strategiar for berekraftig smart spesialisering for Vestland, som skal styrke samarbeid mellom forskarar, regionale politiske myndigheter, industri og næringsliv.

Berekraftig smart spesialisering handlar om å finne nye område der industri og næringsliv har særlege føresetnander for fornying og omstilling, og utvikle potensialet for desse områda. Prosjektet vil støtte oppunder ei slik strategiutvikling.

– Dei høgare utdanningsinstitusjonane i fylket driv både forskings-, utdannings- og innovasjonsaktivtetar. Å studere breidda i desse aktivitetane er ein viktig nøkkel for å sjå kva rolle dei kan spele. Universitet og høgskular spelar allereie ei viktig rolle for næringsutvikling i fylket, men institusjonane har sine eigenartar. Difor er det spennande å finne ut korleis dei kan bidra på ulike måtar, fortel Høvig.

Berekraftig verdiskaping i fylket

Regionale samarbeidsprosjekt skal utvikle ny kunnskap og bygge forskingskompetanse som kommunal sektor eller næringslivet i Vestland treng. Dei skal stimulere til innovasjon og berekraftig verdiskaping i Vestland.

Vestland fylke har vedtatt mål om nullutslepp innan 2030. For å nå dette målet, er det behov for eit breitt samarbeid.

- Det er særs positivt å få fram meir kunnskap om universitets- og høgskulesektoren si rolle i arbeidet med berekraftig næringsutvikling. Meir samarbeid må til om vi skal nå dei felles måla våre om grønt skifte, null utslepp og ei berekraftig utvikling i fylket, kommenterer fylkesordførar Jan Askeland på Vestland fylkeskommune sine nettsider.

Fleire forskarar ved Mohnsenteret er involverte i prosjektet. I tillegg deltek forskarar frå Jönköping Universitet i Sverige. Prosjektet går over 3 år, med oppstart i august 2021.